tilbake

arkiv

Hartvig SætraÅ vere opposisjonell journalist på eit opposisjonelt språk

Eg har alt i takketalen nemnt reisaværingen som klandra meg for å vere altfor langt framfor mi tid. Uansett kva mange måtte meine; eg forsøker i alle fall å vere oppdatert om nåtida. Og mine sjansar for å gjere dette, er sterkt forbetra etter at eg slutta i skolen og vart frilans-journalist på heiltid.

Av Hartvig Sætra

Inst inne veit vi alle at våre dominerande media blir meir og meir einsretta på grunn av eigarforholda og omsynet til eigen karriere. Det er ikkje lett å finne alternative fakta. Men dei finst; problemet er å nå ut med dei. Eg kjem derfor til å bruke denne altfor kort tilmålte tida til å understreke, at folk bør ta seg det bryet å finne fram til oss som publiserer alternative fakta og står for opposisjonelle synsmåtar i forhold til det eg vil kalle dei konforme media. Da slepp de å få brysame overraskingar i ettertid, som f.eks. den manipulerte «konsentrasjonsleiren» i Trnopolje, svindelen med den såkalla «Racak-massakren» og Rambouillet-avtalen, eller skandalen med utarma uran i både Kosovo, Serbia, Krajina og Srpska. Alt dette meldte vi på eit nokså tidleg tidspunkt i vår avis.

Etter at eg vart skrivande menneske på heiltid, har eg oppdaga at einsrettinga av media er verre enn eg tidlegare hadde trudd. Rett nok har eg gjennom tida sett litt av kvart frå vestlege media både i samband med Algerie, Vietnam, Sør-Afrika, Hellas, Tyrkia, Palestina og den generelle globaliseringa. Men i alle desse sakene fanst det alltid ein ganske brei og vaken opposisjon i media. Den finst ikkje i dag. I dag sviktar også størsteparten av den såkalla «venstresida». Og dess meir eigarkonsentrasjonane i media tetnar til, dess vanskelegare er det å føre fram kritikk mot media. I alle fall her i landet.

Heldigvis finst det alternative media utanom landet, og på IT. Vår avis prøver, med syltynt økonomisk grunnlag, å føre desse alternative fakta fram til folk. Men vi blir boikotta av andre media, enda vi har reist fleire av dei kjente sakene det siste året; i første rekke fakta om bruken av utarma uran, og om den globale utdrivinga av dei sjølveigande bøndene og fiskarane, den såkalla «Rural Exodus». Klassekampen kan bli nemnt i media både hundre og to hundre gonger. Men Friheten er «nulla ut», som det heiter i bibliotek-språket. Er vi så farlege? Dei som er redd oss, kan forresten lite på at eit Høgre-styrt Norge vil prøve å stoppe oss.

Målfolk hevdar stadig at vi ikkje slepp til i media fordi vi skriv på eit opposisjonelt språk. Men gjennom nærmare femti år som skrivande menneske er det ikkje først og fremst språket som har ført til at eg har fått artiklar refusert eller rett og slett kasta i papirkorga utan kommentar. Det er heller ikkje meiningane mine som har gjort utslaget. Såkalla «skarpe» meiningar er i vinden som aldri før, jamfør Knut Olsens primitive «synsings-show».

Nei, det er dei fakta eg legg fram, som fører til refusjonar. Det er veldig lett å kontrollere at denne teorien er riktig. Eg prøvde det under den perioden da eg førte ein einsam kampanje mot norsk godtaking av Pol Pots mordar-bande. Først vart det sendt ein artikkel til alle større norske aviser, på vegne av ein internasjonal organisasjon, der vi dokumenterte at Stortinget og regjeringa faktisk anerkjente Pol Pots eksilregjering som «Kambodsjas lovlege regjering». Den kom ikkje inn; unntaka var småaviser som Nye Troms, Framtid i Nord, og sjølvsagt Friheten. (Heller ikkje Dag og Tid!) Etterpå skreiv eg ein artikkel der eg la fram mine personlege synsmåtar på ein langt skarpare måte, men der dokumentasjonen og dei pinlege spørsmåla til norske politikarar var fjerna. Artikkelen var av nokolunde samme lengde som den forrige. Den kom inn i fleire aviser (også i Dag og Tid!).

Den gongen var norsk diplomatisk godtaking av eksilregjeringa akseptert i norsk presse frå Aftenposten til Klassekampen, med sistnemnde som den store entusiasten. Begge desse avisene har såpass sterke støttespelarar både i våre papir- og etermedia at dei reelle fakta om Pol Pots eksilregjering, og om Stortingets anerkjenning, langt på veg var tabubelagt i omlag femten år. Eg fekk sterke åtak i Klassekampen og anonyme brev med adressa «Hodeskalleveien 2 000 000, 9080 Storslett». Så seint som i 1998 vart eg sjikanert på kronikkplass i Dag og Tid for mitt engasjement i Kambodsja-saka. Eg har aldri fått noka orsaking frå nokon. Derfor reknar eg den prisen eg har fått, som ein endeleg siger: At i alle fall når det galdt Kambodsja, hadde Ap-mannen i Nordreisa rett i sin karakteristikk av meg.

Det er fascinerande å ta mot alternative nyheiter frå mange internasjonale media, slik eg gjer nå. Og Balkan står i ei særstilling. Ut frå mine røynsler med kontroversielle utanrikssaker frå Algeriekrigen til vår tid, vågar eg denne påstanden: Aldri har vestlege media servert så mange løgner som når det gjeld Balkan. Den viktigaste årsaka til at dei har våga dette, er det sviket vi opplevde i nittiåra frå delar av den såkalla «venstresida» i Vesten. Og ingen hegnar meir enn dei om sine gamle tabbar. Aller vanskelegast er det å vedgå feil når det gjeld Kambodsja, Afghanistan og Balkan.

Eg har ikkje her tid til å repetere dei mange avsløringane vi har vore med og formidla. Men igjen kan eg berre seie meg lei for at det alternative nyheitsstoffet frå det tyske Balkan Press, det nederlandske Global Reflexion og det amerikanske Emperor´s Clothes stor sett blir stoppa av pressa og etermedia, slik at Friheten blir åleine om stoffet.

Det er to år sidan Norge var med i ein folkerettsstridig krig. Ettersom vi har ein jugoslavisk gjest her, og ettersom det på norsk hald blir forsøkt å idyllisere forholdet mellom bombe-nasjonen Norge og bombeoffera i Jugoslavia, skal eg til slutt referere nokre av dei siste meldingane eg har fått. Vi hører for eksempel at «nå er demokratiet innført i Jugoslavia». Men den britiske Helsingfors-komiteen meldte i april i år at jugoslaviske media nå er meir einsretta enn under Milosevic. Den gongen hadde han sine stats- og partieigde aviser, mens DOS dreiv sine aviser med støtte frå Vesten. I dag er også statsavisene og sosialistpartiets aviser overtatt av DOS-regjeringa og av andre med vestleg støtte. Dei partia som utgjorde eit stort mindretal ved valet, har ikkje eit einaste talerør verken i aviser eller eter-media, og alle journalistar frå det jugoslaviske sosialistpartiet er sparka frå jobben. Er det slikt vi skal venne oss til å kalle «demokratiske oppseiingar»? Likevel kunne Emperor´s Clothes melde nyleg at av seks suppler-ingsval dei siste månadene har sosialistpartiet vunne alle seks. Årsaka er sjølvsagt den sosiale nedturen for den jugoslaviske underklassen når Verdsbanken og Pengefondet overtar styringa over økonomien og innfører det som i folkehumoren blir kalla «demokratiske prisar».

Eg kunne trekt fram fleire saker, men eg skal konsentrere meg om ei: Kvifor bed ikkje du, Ljubisa Rajic, Norge om å sende dei an-svarlege for den folkerettsstridige krigen mot landet ditt, til domstolen i Haag? Skylder du ikkje ditt eige folk å ta bladet frå munnen, i staden for å vere eit «hyggeleg» møteinnslag i bombelandet Norge?

Eg veit at eg med desse orda rører ved idyllen her i dette koselege tunet. Men det er nå ein gong mi oppgåve som journalist å pirke borti falske idyllar. Så når eg nå avsluttar innlegget mitt, står folk fritt om dei vil klappe.


klikk her