|
![]() |
Under Dei nynorske festspela på Aasen-tunet i Ørsta-Volda 21.-24. juni fekk Frihetens medarbeidar Hartvig Sætra den fremste prisen for nynorske pressefolk, Vinje-prisen. I grunngjevinga skriv den gruppa som har foreslått han, at «han har gjort ein viktig innsats i det ein i etterhand må kalle politisk folkeopplysning, frå arbeidet i Algerie-komiteen kring 1960 til Balkan-krigane dei siste åra. Særleg gjorde Sætra ein heroisk innsats mot alle dei – til venstre og høgre – som støtta opp om Pol Pot i mange år etter han var avslørt. Han skaffa seg ein god del motstandarar gjennom dette arbeidet, men viste at han var i stand til å stå åleine med eit standpunkt som seinare viste seg å vere rett.» Framlegget er underteikna av Ottar Brox, Tove Bull, Hans Kristian Eriksen, Oddmund L. Hoel, Kåre Lunden, Ole H Magga, Kjell Snerte, Arne Vinje, og forrige prisvinnar Andreas Hompland. Prisutdelings-kommisjonen har altså tatt framlegget til følgje, og redaksjonen gratulerer!
Av Hartvig Sætra Eg er sjølvsagt overhendig glad for å få denne prisen. Heile livet har min fremste hobby vore å skrive om politikk, ved sida av jobben i skolen. Utan å skrive om rettferd for dei svake og oppreising for dei miskjende, kan eg knapt overleve. Men for å kunna gjere slikt, har eg måtta bruke mykje tid på å finne kjelder som maktfolket ikkje likar og ikkje lar komme til orde. Med andre ord har eg svært ofte måtta oppleve at veldokumenterte artiklar anten har hamna i søple-kassa eller som innlegg på «kverulant-sida». Ein Ap-mann i Nordreisa ville ein gong ta meg kraftig fatt, og sa dette: «Du, Hartvig Sætra, får nok oftast rett til slutt. Men feilen med deg er at du alltid er altfor tidleg ute.» Han meinte det som knus-ande kritikk. Eg oppfatta det slik at eg aldri i mitt liv har fått større ros. Kanskje fram til i dag. Og eg er spesielt glad for at eg ikkje berre får prisen for det eg gjorde i syttiåra. Da som nå drog eg fram fakta som både høgrefløya og delar av venstresida mislikte. Men mykje av det er godtatt i dag. Da er det historie, og mindre interessant. Derfor oppfattar eg prisen først og fremst som ein ros for det eg står for akkurat nå. Mi beste bok vart utgjeven i 1989. Mi beste tid som skrivar kom etter at eg pensjonerte meg og vart frilans-journalist på full tid i Friheten. Det skal mot til å rose mitt arbeid i dag. Derfor har prisutdelingsnemnda vist stort mot. Mange reknar kanskje det nye partimedlemskapet mitt som ein provokasjon. Men det var eg som vart provosert. Forsamlinga bør lese mi grunngjeving for å melde meg inn i NKP den 24. mars 1999 - den dagen bombinga av Jugoslavia starta, den dagen da Erik Solheim og Joschka Fischer svikta alle ideal som vår side hadde stått for i etterkrigstida, på ein svært ynkeleg måte. I Friheten kan eg drive med utfyllande kritisk journalistikk, slik vi gjorde under konfliktane i Algerie, Vietnam, Sør-Afrika, Tyrkia og Palestina. I alle desse sakene hadde vi heile tida ein vaken opposisjon som passa på. Vi var mange om å skrive kritisk. Det er vi ikkje i dag. Derfor er denne avisa eitt av ganske få pustehol. Og så er jo Friheten den nest beste nynorskavisa i hovudstaden! Det hjelper ikkje at journalistane i den konforme pressa kallar seg «radikale». Eg konstaterer at eit journalistkorps som er pakkfullt av SV-folk, ikkje ein gong tør konfrontere Petersen og Hagen med dei fire rekningsartane. La meg også takke dei som har vore mine læremeistrar: Ung-domstidas Tor Jonsson, i moden alder Finn Lie, Finn Gustavsen, Sigurd Evensmo, Ottar Brox og fremst av alle: Torolv Solheim. Etter at den kritiske journalistikken kom på sotteseng etter 1980, og vi fekk «storkoalisjonen» i Kambodsja- og Afghanistan-spørsmåla, som rakk frå Aftenposten til Klassekampen, hugsar eg med stor glede Frihetens Lise Winther. Ho burde vore ein soleklar journalistprisvinnar for sine reportasjar frå Kambodsja i åttiåra. Men storkoalisjonen passa på at ho aldri fekk det. Det var ei grov politisk tilsidesetting. Internasjonalt er dei australske journalistane Wilfred Burchett og John Pilger mine førebilete i to generasjonar. Og så skuldar eg sjølvsagt fedrane våre all ros: Jubilanten Arne Garborg, og Norges første store journalist, han som gav namnet til prisen. Varm takk til alle! |