|
![]() |
Den største av alle kulturpersonar i Sámieatnam, Nils Aslak Valkeapää, døydde i forrige veke, 58 år gammal.. Med dette har ikkje berre Sameland, men heile Skandinavia, mista ein av sine fremste kulturpersonar. Det er ikkje utan grunn at han, forutan å bli minna i alle skandinaviske storaviser, også har fått ein nekrolog i britiske The Guardian, av eit slag som berre blir store utanlandske åndshøvdingar til del. Både Dag Solstad, Erlend Loe og Ari Behn får lett - kanskje av og til lettkjøpt - tilgang til norske media. Men dei vil aldri få tre linjer på Guardians kultursider. Aillohas fekk bortimot ei halv side. Det er i overkant av kva våre verkeleg store har fått: Olav H. Hauge og Rolf Jacobsen. Så var da også Nils Aslak Valkeapää noko heilt for seg sjølv. Han var ikkje berre diktar; i alle fall ikkje berre diktar i ord. Han skreiv diktsyklusar og songtekster, prosadikt, essays og protest-artiklar. Dessutan var han komponist, joikar, songar, jazzmusikar og skodespelar. I tillegg var han grafikar. Kort og godt var han på ein gong både Beatles, Bob Dylan, Jan Garbarek, Herborg Kråkevik og Arne Garborg innanfor sin kulturkrins. Pluss ein flik av Erik Werenskiold. Nils-Aslak Valkeapää vart fødd i Palojoensuu i den finske ”ishavskorridoren” mellom Sverige og Norge. Faren var finsk og mora var norsk same. Seinare bygde han seg hus i utkantbygda Päättikkää lenger nord i Enontekiö kommune. På slutten av livet budde han i Storfjord i Norge, i ein diktarbustad som kommunen var med og bygde. For nokre år sidan vart han sterkt svekka av ei alvorleg bilulykke, men med sin store viljestyrke klarte han å ta opp att skrivearbeidet. I vår kom den siste boka hans: ”Eanni, Eannazan” (”Jorda, vår mor”). I slutten av november i år døydde han brått under ein tur til Sverige i embets medfør. Første gong Valkeapää vart presentert for eit norsk publikum, var den nynorske omsettinga av debattboka ”Helsing frå Sameland” 1978. Den gongen var han internasjonal kultursekretær for Verdsrådet for urfolk (WCIP). Til og med i denne typiske debattboka slo hans store biletskapande kraft klart igjennom, også i dei politiske artiklane. Og fordi alt han gjorde var så nøye gjennomtenkt, styrkte dette bodskapen i boka. Denne boka fekk derfor stor innverknad også på norsk opinion, ikkje berre innanfor Sámieatnam, men i heile folket. I denne tida var Alta-saka under utvikling, og dei norske samane hadde fått ein dugande og uredd talsmann i Ole Henrik Magga. Både for han og for musikaren Mari Boine var Valkeapää ein slags farsfigur – enda han berre var ein halv generasjon eldre. Nå er det berre to att av Sámieatnams viktigaste ambassadørar utanlands. Festspela i Nord-Norge var eit viktig forum for han. Gjennom dei nådde musikaren, poeten og illustratøren Valkeapää eit norsk publikum. Laila Stien vart etter kvart norsk omsettar for både poesi og prosa frå hans hand. Men også svenske Mia Berner har tolka Aillohas på ein framifrå måte i ”Vidderna inom mig”. For den vart Aillohas første gong nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i 1988. I 1989 kom den fabelaktige ”Beaivi, Áhcazan” (”Solen min far”), seinare omsett vekselvis til tre språk: nynorsk, bokmål og svensk, av Jon Todal, Harald Gaski og Kristina Utsi. I 1990 kom ”Ruoktu vammus” (”Vindens veier”), omsett av Laila Stien. Ei avdeling i den inneheld dikt og tonar til fuglane på vidda. I 1993 fekk han Prix Italia for sin ”Fuglesymfoni”, som bygger på ein del av dette verket. Kjærleiken til trekkfuglane var eitt av Valkeapääs fremste kjennemerke. Men Nils-Aslak Valkeapääs største triumf kom i 1991, da han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for ”Beaivi, Ahcazan”. Sjeldan har ei prisutdeling fått så allmenn og begeistra tilslutning over heile Norden. I denne boka brukar han ikkje berre orda, men også den typografiske plasseringa heilt bevisst. Eit dikt om ein reinflokk spreier seg ut over sidene – som ein reinflokk i snøen! I alle bøkene går hans eigne illustrasjonar inn i ein naturleg heilskap - det meste er grafikk, svart på kvitt, eller hans store spesialitet: kvitt på svart. Valkeapääs rype og reinkalv er klassiske, akkurat som joiken, melodiane, orda, typografien, og poesiens vide, nordiske himmel over det heile. Valkeapääs biograf, professor Harald Gaski, gjekk ut i vinterkvelden etter at han fekk meldinga om at Aillohas var død. Han leita etter ei ny stjerne på himmelen. Underskrivne fekk det på ein annan måte. Eg har ein gong tatt bilde av ein reinsbukk mot ein uroleg himmel over Sáitejávri. Eg kalla det ”Konakas” - ”Kongen”. For meg er han symbolet på Nils-Aslak Valkeapää: Majestetisk, men sky og vaktsam på trygg avstand. Han står på fast fjellgrunn mellom hardfør bjørkeskog og urolege, trugande skyer. Mens ein mjuk sommarvind stryk over vidda, og blåstrupen syng i krattet; fuglen med dei samiske fargane i brystet. |