|

Rural and Coastal Exodus?
Når eg har brukt ein engelsk tittel her, kjem det av den overnasjonale, korporative kapitalens strategi for å legge under seg dei viktigaste fornybare ressursane på jorda: Skog, matjord og fiskeressursar. det er praktisk å ha ein internasjonal term for dette.
Av Hartvig Sætra
Skogane har allereie i stor grad blitt underlagt kapitalinteressene. Dette har delvis ein historisk bakgrunn i føydalisme og kolonialisme. Skogen vart aldri oppdelt i ”sjøleigarbruk”, slik det skjedde med dyrkingsjorda i mange land under dei nasjonale og demokratiske framstegsperiodane på 1800- og 1900-talet. Ei viktig årsak, spesielt i tropiske område, var at skogane mest var befolka av urfolk. Dei vart sett på som ”primitive” og ”utanforståande” i forhold til den generelle samfunnsutviklinga. Det er først vår tid at urfolksrettane har fått sin plass i eit internasjonalt lovverk. Men mange land strittar mot ratifisering og gjennomføring av traktatane. Og det siste som har kome til, er at omsynet til økologi og ”artsmangfald” blir kjørt fram av kapitalinteressene, for å drive urbefolkningane vekk frå skogane. Det er lett å avverje støtte til urbefolkningane, dersom ein kan bruke omsynet til vakre, karismatiske rovdyr som brekkstang. Jfr. utsegn frå Kommunistpartiet i Bangladesh her i avisa.
Begrepet ”Rural Exodus” - ”utdrivinga av bøndene” - er eit begrep som blir brukt av det store britiske venstretidsskriftet ”New Internationalist”, og vi har tidlegare omtala det her i avisa. Det går ut på følgjande: I dei fleste rike og ”halv-rike” land flyttar folk, spesielt ungdom og kvinner, frå landsbygda til byane. Ein del av dette har si årsak i nedgang i levestandarden og mangel på arbeidsplassar. Dette kjem igjen av internasjonal frihandel med landbruksvarer, og sterkt press på prisane. Med relativt låge oljeprisar er det langt billegare å satse på maskinar i produksjonen enn folk, og det er billeg å frakte matvarer frå lågkost-land til høgkostland, sjølv om det ofte er snakk om å frakte varer som for 80-90 prosents vedkomande består av vatn.
Men denne utviklinga blir også påskunda av media, som stadig lovpriser livet i byane og ”the American Way of Life”. Dei påverkar også befolkninga til å stille krav om stadig lågare prisar på landbruksvarer, slik at dei sjøleigande bøndene og deira kooperative organisasjonar går konkurs.
Den overnasjonale matvarekapitalen (”Agrobusiness”) har ofte store aksjepostar i slike media, og nedvurderinga av bygdene er ein strategi for å få unge menneske til å gi opp jordbruket, slik at Agrobusiness kan få kjøpt eigendomane billeg. Og legg merke til at den jorda som folk forlet i store skarar, ikkje ligg i fattige, tørkeprega afrikanske land, men i vesteuropeiske og nordamerikanske land med rikeleg nedbør og svært god matjord. Det er samfunnsforholda som driv folk frå jorda, ikkje dårleg klima og jordsmonn. Tvert om: Det er det gode klimaet og jordsmonnet som gjer at Agrobusiness er interessert i å bli kvitt dei sjøleigande bøndene, for deretter sjølv å overta jorda og drive den med billeg, innført arbeidskraft i staden for lokale, kulturbevisste bønder med krav om rimelegelevekår.
Det er ikkje så enkelt å få kjøpt opp jorda i tradisjonelt sosialdemokratiske samfunn som dei nordiske landa og Nederland, eller i land med ein sterk bondekultur, som Italia og Frankrike. Men i den canadiske provinsen Saskatchewan, der det var bortimot 90% sjøleigarar for 25 år sidan, blir i dag berre ein firedel av jorda driven av sjøleigande bønder, og i USA er det langt verre: ”Sjøleigar-bruka” er nede i 2% i enkelte Midtvest-statar. Til samanlikning blir omlag halvdelen av det kommunistiske Cubas jord driven av småbønder, anten kvar for seg eller i frivillige kooperativ. Det er den høgaste prosenten sjøleigande småbønder på den vestlege halvkula.
Også i dei tidlegare ”realsosialistiske” landa blir eigarforholda i landbruket dirigert av kapitalen, for eksempel i Polen. Mens det før var den polske staten som dreiv alle større bruk, er dei nå selt til vesteuropeiske kapitalistar, som konkurrerer ut dei lokale småbøndene. Når Polen kjem inn i EU, står store delar av den polske småbondestanden, som har vore sjøleigarar under heile den realsosialistiske perioden, i fare for å bli ”kollektivisert” av vestlege kapitalistar! Ikkje berre det - dei risikerer å miste arbeidsplassane sine i tillegg.
Også i Aust-Europa ser vi dermed det samme uventa fenomenet som på den vestlege halvkula: At eit sosialistisk system tillet større grad av sjølveigarskap i landbruket enn dei kapitalistiske landa. Til og med sosialdemokratisk styrte land er mindre gunstige for frie småbønder enn dei sosialistiske landa, spesielt Cuba. I følgje polske småbønder var det tryggare for dei under real-sosialismen enn i dag - for ikkje å snakke om kva som vil skje i eit utvida EU der Polen er med.
Også her i landet har bindinga til EU gjennom EØS hatt stygge konsekvensar, spesielt i Utkant- og Kyst-Norge. Kravet om å droppe fritaket for arbeidsgjevaravgift er eit tiltak som skal fremje ”Rural Exodus”, spesielt når ei ser det i samanheng med andre sterkt distriktsfiendtlege tiltak som overvakingsorganet ESA er ekspertar på.
Tapet av allmenningsretten til fisket er starten på ”Coastal Exodus”. Eg viser i den samanhengen til Svein Johansens artikkel.
Norge har fram til denne tid vore eit nokså særeigent land på den måten at bygdefolk har hatt relativt høgt utdanningsnivå og overraskande stor politisk makt. Likeeins har vi eit utruleg likeverdig inntekts- og velferdsnivå i alle delar av landet. Denne stabiliteten i busetting og politisk makt er sjølvsagt ei hindring for dei kapitalkreftene som er ute etter å legge under seg viktige fornybare framtidsressursar som fiske, fiskeoppdrett og økologisk jordbruk.
I og med at dei samme kapitalkreftene er tungt inne i media, er det ikkje rart at den politiske offensiven mot Bygde-Norge frå ESA og Bondevikregjeringa blir følgt opp av Dagbladet, Dagsavisen, NRK og heile ruklet av reklame-TV-stasjonar. Den som vil skaffe seg ein skikkeleg feit jobb som ”informasjonsdirektør”, stiller sterkt dersom vedkomande anten har stått bak kulturell sjikane av Bygde-Norge gjennom NRKs moro-program, eller har regissert filmar som ”Høtten”.
”Rural and Coastal Exodus” er for tida både ein god leveveg og eit viktig springbrett til framtidig karriere i norske media. Og årsaka er heilt soleklar: Norge har halve Europas kystlinje mot Atlanterhavet, og ein vesentleg del av Europas utmarksområde. Tradisjonelt har desse enorme naturressursane blitt kontrollert av folket som bur i området - i grell motsetning til resten av verdsdelen.
Dette vil matvare-kapitalen ha slutt på. Og norske media og mediafolk står i kø for å hjelpe til med å framtvinge kapital-kontroll over Utkant-Norge.

|