|
| NRK og «balansen» - I: |
| Når sensur kallasst balanse |
Innenriks (Nr 25 - 2006) I 1948 blei Ap-politikaren Kåre Fostervoll tilsett som
Kringkastingssjef. Mottoet hans var: “Det er ikkje vår oppgåve å uroe lydarane.” Seinare
skulle det same gjelde sjåarane, då NRK TV kom. Og mottoet gjeld framleis.
Dokumentaren “Et lite stykke Norge” blir nekta synt på NRK. |
Av Kjell-Arnt Labukt
1948 var elles den tida då sentrale Appolitikarar tok til med å stave norsk “å “på “amerikansk” vis.
Kåre blei til Kaare, Åse blei til Aase, Håkon blei til Haakon, osb. Dette hadde elles Haakon Lie
nytta heilt frå byrjinga av Andre verdskrig, då han hadde diplomatstatus i USA. Jamfør Bjørn
Gunnar Olsen: Tranmæl Og Hans Menn.
Som høgt plassert CIA-mann nytta Partisekretær Haakon Lie i tida etter 1950 denne stavemåten,
sjølvsagd. Jamfør Francis Stonor Saunders: Who Paid The Piper? The CIA And The Cultural Cold
War, også Agee/ Wolf: CIA i Europa.
I eit intervju i Dag og Tid 23. november 1975 sa Andreas Skartveit mellom anna dette: “Hadde
NRK prøvt å fungere i strid med makthavarane sine interesser, så hadde det snøgt blitt talt til
rette.” Og “makthavarane sine interesser” blir tekne vare på i NRK framleis. NRK nektar å syne
dokumenttaren til Erling Borgen, Tarjei Leer-Salvesen og fleire: “Et lite stykke Norge,” på NRK
TV.
“Balanse?” NRK, som årsak for ikkje å syne denne dokumenttaren? Dette er regelrett løgn, NRK!
Alt det Dag Seierstad skriv i spalta ORIENTREING, Klassekampen 25/26 mars og april 1/ 2, 2006
er utenkjeleg i NRK, radio eller TV. Kor mange innslag har NRK hatt om samanhengande
storstreikar i Tyskland i 2006. Legestreikane til dømes, og årsakene her? Til og med tysk politi har
streikemarkeringar, mot umenneskelege arbeidsvilkår for tysk politi! Eg rettar spørsmålet til NRKs
radio- og nettredaktør Per Anders Johansen og Dagsrevysjef Grethe Gynnild Johnsen, også til
TV-sjef i NRK, Annika Bjørnstad. Eg bed dei også svare i Klassekampen!
“Balansen” til NRK kjem til syne som gjennomførd sensur i form av tagnad om politiske tilhøve i
alt av EU-land. Men altså ikkje “skeiv framstilling,” NRK? Sidan NRK er skatte- og lisensfinansiert,
har betalarane her krav på å vite følgjande: Kva er resultatet av privatisering av helsevesen,
skolevesen, energiforsyning, drikkevassforsyning, transport, postvesen, pensjonar og meir i alle EU
land? Alt i samsvar med EU-direktiv!
På ikkje-kommersielle tyske TV kanalar synte dei sommaren 2005 dokumenttaren Wasser unterm
Hammer. Korrekt: drikkevatn blir auksjonert til høgstbydande på marknaden. Til fordel for
aksjeeigarane i vasselskapa, ikkje forbrukarane. Lovprisa konkurranse i praksis! Her handla det om
Storbritannia og Tyskland. Mindre nedbør enn vanleg i “nedslagsfeltet” for London, og dei får
installere utedassar på Trafalgar Square. I delar av London blir anten vatnet i kranen borte, eller så
kostbart at folk kan ikkje kjøpe det! Øl er billegare, og britane går på fylla når det er vassmangel.
Elles også, for den del.
Det franske selskapet Suez privatiserte vatnet i Argentina, då Argentina skulle “moderniserast”
bort frå offentleg eigarskap av drikkevatn og kloakk. Resultatet blei at folk måtte drite, i
bokstavleg tyding, i nærleiken av inntaka for drikkevatn. Dei spraya etter seg med parfyme, for
ikkje å krepere i dritlukt. Vassforsyninga i Argentina er no renasjonalisert, og ingen fransk
statsleiar er ønska i Argentina, på ei god stund.
Vil du syte for at denne tyske dokumenttaren om privatisering av drikkevatn kjem på NRK TV,
Annika Bjørnstad? I strid med Ver Varsam-Plakaten? I strid med vurderinga til Pressa sitt faglege
utval?
På tysk TV har dei også synt ein dokumenttar om kvifor utbygginga av gassfeltet “Snøkvit” blir
minst 50 % dyrare enn prosjektert, og minst eit år forseinka. På NRK-TV, Annika Bjørnstad?
I strid med Ver Varsam-Plakaten her også? Nettopp på grunn av EØSreglar og konkurranse!
NRK har 4 - fire - EU-reporterar. Alle fire lagar av og til menneskelydar i NRK. Komplett utan
informasjon om EU!
Kvifor gav ikkje NRK eit minimum av mediedekking om årsakene til at fleirtalet i Frankrike sa nei
til EUs Grunnlovsutkast i mai 2005? “Balanse?” Ikkje “skeivt?” NRK? Kvifor løyner NRK
medvite årsaka til at 3 millionar franske studentar og arbeidarar demonstrerte 4. april 2006, til dømes?
Årsaka her er svært enkel: de Villepin freista snik-innføre ein del av Grunnlovsutkastet fleirtalet i
Frankrike sa nei til i mai 2005!
Støtta til dette grunnlovsutkastet i EU er høgast i Belgia, med 39 % på meiningsmålingar. Forståeleg
nok: EUbyråkratiet held til i Belgia, og er derfor inntektskjelde for landet. Elles i EU mellom 10 %
og 35 %. Omsynet til “Balansen” gjer det utenkjeleg at NRK informerer om slikt. Jamvel om tala
her blir synte på EUs eigen TV-kanal: EuroNews!
Og typisk nok for det Brüssel-kontrollerte prosjektet EU: Regjeringane i EU-landa godtek
Grunnlovsutkastet, utan å spørje folket i landet først. Det har berre hendt i Frankrike og Nederland,
med forkasting av Grunnlovsutkastet. Her også i NRK: lisensfinansiert tagnad som sensur! Korkje
Bulgaria eller Romania er visse på å kome inn i EU ved årsskiftet 2007. Grunngjeving:
Kriminaliteten og korrupsjonen er for stor i båe desse NATO-demokratia!
For USA er EU-medlemskap her utan interesse. NATO-medlemskapen er det einaste som tel!
USAs likesæle med EU blir omtala både i Financial Times og International Herald Tribune.
Washington/Pentagon har automatisk den militære makta dei treng gjennom NATO-medlemskapen
for land i Europa. EU-medlemskapen er berre litt ekstra “innpakking.” Og det er opp til EU å syte
for eiga “integrering,” som det heiter. Den militære kommandoen er garantert for USA i alt av
NATO/ EU-land.
NRK “Brennpunkt” hausten 2005 konkluderte med at Globus 2 radaren i Vardø stod under
beinveges amerikansk kontroll, og var del av det amerikanske “Rakettskjoldet” “Ver Varsam-
plakaten” kom så til orde i NRK radio, på denne måten, morgonen etter “Brennpunkt“: “Den
amerikanske ambassade i Noreg opplyser at det ikkje er rett at Globus 2-radaren har noko med
“Rakettskjoldet” å gjere.” Litt merkjeleg, sidan den identiske Globusradaren er i Alaska. Jamfør
elles tydinga av ordet Globus. “Makthavarane sine interesser” inkluderer Den amerikanske
ambassade i Noreg, nemleg.
Og det at ei norsk regjering set Stortinget til side gjennom uparlamentarisk løynleg- hald, har heller
ikkje interesse for norske skatte- og lisensbetalarar. Dette er med i dokumenttaren til Erling
Borgen, Tarjei Leer-Salvesen og fleire: “Et lite stykke Norge.”
Årsaka til NRK nektar å syne ein dokumenttar dei sjølve har vore med på å finansiere, er enkel nok.
Berre NUPI, Forsvarets forskingsinstitutt eller Terje Torstenson frå Forsvarets stabsskole skal uttale
seg om politiske og militære spørsmål der verksemda til NATO er innblanda. Dette er 100 %
konsekvent gjennomførd i NRK radio. NRK TV har eg ikkje tilgang til.
NUPI og/eller Forsvarets forskingsinstitutt stiller konsekvent med statssekretærar i Forsvars-
departementet og Utanriksdepartementet. Det skulle ikkje vere naudsynt å minne om at båe desse
departementa er leia av NATO- og EU-venlege folk. Den “norske” militære hovudkommandoen
ligg i NATO-hovudkvarteret i Brüssel. Fleirtalet i Ap og Høgre vil framleis at EU-hovudstaden
Brüssel også skal styre mest mogleg av norsk politikk. Leiinga i båe desse partia har i meir enn
femti år handla som refleksen i ein robot andsynes Washington og Brüssel. Like lenge har
partileiinga i Ap halde eigne veljarar for narr.
Leiinga i Frp er minst like EU-venleg som i partiet Høgre. Men dei er for feige til å seie så, fordi
99 % av norske bygdetullingar som røystar ved politiske val, røystar Frp! Frp forkynner billeg sprit
og billeg bensin. Det er nemleg Satan Stat si skyld at både sprit og bensin er alt for dyr! Billeg
bensin treng bygdetullingane for å køyre rundt i firehjulstrekkjar. Dei vil bu i bygda, utan å forstå
at er det noko Frp vil avskaffe, så er det norsk jordbruk og dermed norske bygder. Dei forstår det
ikkje av den enkle grunn at dette er ei typisk ikkjesak i norske media, inkludert NRK. Billeg sprit
er også naudsynt, heimebrenning er lite trendy, for tida.
I tillegg er det omgangstone hos Frp at muslimane tek over Noreg. Bygdetullingane og dei urbane
veljarane til Partiet Fri Flyt For Folk Flest trur vi blir tvangsislamiserte. Jamfør her åtvaringa frå
Sankt Carl Ivar Den Heilage, når han er i Edens Hage i lag med Enevald Flåten i “Levande Ord.”
Også her ved hjelp av norske media, inkludert NRK. Bytullingane, for å seie det med Erling
Lægreid, særleg dei “akademiske”, treng derfor ikkje røyste Frp. Det held med By-SV, som skal
med i EU for å “påverke”.
Grunnlovsutkastet til EU er framifrå Frp-politikk, eit mønsterdøme på Fri Flyt! Ein rein ønskjedraum
i blikket til Casanova Carl I Edens Hage, då han praktiserte fleskeerotikk attanfrå på Fleske-Erna i
Fleskefjøset. (Illustrert av Finn Graff - i Dagbladet i juni 2005.)
Ingen lovprisar heilagdomen konkurranse meir enn NRKs faste ekspertkommentator Per Sandberg,
Frp. Ingen kjempar meir heltemodig mot “monopol” enn same Per Sandberg i Dagsnytt 18, NRK.
I lag med den NRK-journalisten som samstundes er i NRK-studio. Båe partar her latterleg uvitande
om at næringslivet i EU til dei grader er privatmonopolisert, nettopp på grunn av konkurransen.
Korleis er elles tilhøvet mellom tyske E.ON og spanske Endesa nett no, programleiarar og studiofolk
i NRK? Korleis er dette tilhøvet, på same måte, mellom MITTAL og ARCELOR, NRK?
Frp var slett ikkje mot EØS-avtalen. Slett ikkje mot at norsk elektrisk kraft skulle bli billegare
gjennom meir konkurranse ved bli knytt til europeisk kraftmarknad. Som heilt venta gav
“konkurransen” nettopp høgare straumpris her! Altså ei ikkjesak for NRK, Frp og andre i ettertid.
Kva er elles prisen på elektrisk straum innan EU, NRK?
Og på landsmøtet til partiet Fri Flyt For Folk Flest no i vår var det då ei hovudsak at mest mogleg
av Satan Stat skulle avskaffast! Ikkje eitt kritisk spørsmål frå NRK her! Dokumenttaren til Erling
Borgen og fleire: “Et lite stykke Norge,” handlar også om NATO. Til og med om NATO verksemd
som går føre nett no, og dermed herskar tagnaden i NRK! Eller abrakadabra-kodar i NRK radio.
EU blir no tvinga til å opprette vernetoll på skor og klede mot Kina og Vietnam, som båe driv
“dumping” i EU. Herleg fri flyt av skor, truser, brysthaldarar osb avskaffar nemleg 600 000
industriarbeidsplassar i EU. Kina og Vietnam driv “dumping” fordi dei nyttar Satan Stat som
“hjelp.” Dette er grunngjevinga frå EU-kommisjonen.
Under valkampen i Italia nyttar Berlusconi konsekvent kommunist om alt av motstandarar, inkludert
solide italienske katolikkar. Han har lese Kommunismens Svartebok eit falsum på line med Zions
Vises Protokollar. Der står det at i Kina drep dei småbarn og gjødslar markene med dei. Altså er
kinesarane fæle folk. Men samstundes vil Berlusconi vere Italias Ronald Reagan og Margareth
Thatcher, og late Marknaden råde.
Resultat her: Kinesarane tek over konfeksjonsindustrien i Nord-Italia, heilt i samsvar med WTO sine
ønskemål om fri flyt! Italia er så vidt korrupt at kinesarane har lett spel her, med sin velkjende
kinesiske forretningssans.
Benetton har vore eit italiensk storselskap i tekstilar. Om det framleis står Made in Italy på trendy
konfeksjon, kan det her etter like gjerne stå Made in China. WTO-dogmatikk i Tyskland gjer at
kinesarane også er i gang med å take over Hamburg hamn. Lykke til, prestedotter Angela Merkel!
  |
|