Mediene og den sunne skepsisen |

Se og Hør-sirkuset genererer stadig fleire millionar - også til
dei såkalt «kritiske». |
Av Olav H. Aarrestad
Kristin Clemet har i ein aviskronikk
klaga over vantande
politisk mangfald i norsk
presse. Sjølvsagt var det
støtte for høgrestandpunkt –
om friskule ol - ho var ute etter
- men generelt sett er det
hald i skuldinga.
Norsk dagspresse er totalitær
i den meining at det er nokre
spørsmål det berre råder ei
meining om.
At fenomenet ikkje er unikt
for Noreg, har ein fleire døme
på. Med stigande undring held
ein enno fram med å lyda på
den franske (stats-)radioen
RFI, som sender til franskmenn
og andre i utlandet. Det
er like før ein skrur av for godt.
Radioen er nemleg nærast ei
samanhengande propagandasending
for den kvinnelege
”sosialist”-kandidaten ved det
komande presidentvalet.
Sjølvsagt vil Frankrike ikkje
endra seg eit steg i sosialistisk
retning om ho vert vald, men
journalistflokken ville ha fått
det som han ynskjer; ei kvinne
og ein sosialdemokrat med alle
dei rette standpunkta om miljøvern
og likestilling, som president.
At sambuaren hennar er
generalsekretær i det franske
”sosialist”-partiet og truleg har
hatt den geniale idéen å stilla
opp konkubinen, affiserer dei
ikkje.
Ein fransk rett har nett forkasta
ankemålet frå muslimar
om religiøs trakassering frå eit
vekeblad si side då det trykte
dei famøse Muhammedteikningane.
Skal tru kva den
same retten hadde gjort om ein
hadde trykt opp Albert Engstrøms
sine karikeringar av
pengeglade jødar? Som kjent
har Frankrike strenge lover
mot antisemittisme, men då
vert semittisme definert snevert,
arabarane er nemleg utan
tvil den største semittiske
gruppa i verda.
Skal tru om ikkje antimuslimske
haldningar har
gjort det lettare for ”verdssamfunnet”,
det vil i stor mon
seia media av fransk og norsk
type å akseptera gringoanes
rovmord på irakarar og NATOkrigføringa
i Afghanistan.
Valdtekten på Somalia er det
ingen som skriv om meir. Landet
kjem einast i mediabiletet i
samband med fordøming av
omskjering av jenter, reint bortsett
frå at det nærast er comme
il faut mann i mann imellom å
tala nedsetjande om somaliske,
mannlege flyktningar.
Norsk presse har tre heilage
kyr; likestilling, miljøvern og
parhestane Stoltenberg-Støre.
NRK er mikronfonstativ for Apregjeringa;
det går ikkje ein dag
utan at vi får høyra om positive
utspel frå eit eller fleire regjeringsmedlem.
Ikkje minst er
Storberget på pletten; no vil han
ha lover som skal koma Se-og-
Hør-uvesenet til livs.
For ein gong skuld ser det ut
som media har komi i tankar;
gjekk dei ikkje fem på og gav
ufortent publisitet til ei dårleg
bok som i og for seg ikkje avslørte
noko ein ikkje visste frå
før? Men forfattaren har fått
hemn over sin tidlegare sjef, nett
som ein annan Yssen, og vil tena
nokre millionar i tillegg. Når
kjem Yssen med bok?
Vi har tidlegare peika på at
den einsidige panegyrikken av
miljøvern og kvinner kan
dekka til alvorlege motsetnader
i samfunnet. Det er viktigare
å vera for kvinnelege prestar
enn mot statskyrkja og religiøse
vrangførestillingar. Det
er viktigare å vera for kvinnelege
offiserar enn mot NATO-
”forsvaret”. Miljørørsla set
klassekampen heilt i skuggen.
Avisa Klassekampen er eit
eklatant døme på det, Solidaritet
vil nok først og fremst verta
eit miljø- og kvinneparti... Ingen
kan då vera mot miljøvern -
i alle høve så lenge det ikkje
kostar industrien - ”som vi alle
skal leva av” - for mykje.
Miljøvern og kristendom har
mykje sams, dei gjer det meste
til eit moralsk spørsmål, det finst
knapt større moralistar enn
miljøvernarar - i tillegg har dei
domedagstrugsmålet i bakhanda,
og i beste Blaise Pascalstil
har dei innført førevar-prinsippet.
Pascal hevda som kjent
at det var smartast å tru på Gud;
skulle det ikkje vera noko liv
etter dauden, ja, så tapte ein
ikkje noko meir enn andre på
det, og skulle det vera ein, ville
dei som ikkje trudde, verta hardt
straffa, medan dei gudelege ville
få eit evig liv i herlegdom.
Miljøvernarane vil kunne seia
noko liknande; får vi ikkje rett,
vil ingen tapa på det, men får vi
rett...
Konklusjonen gjev seg sjølv;
vi må alle vera miljøvernarar
og stø Bellona etc., etc., det er
vorten ein heil industri av
miljøsnakket.
Kvar gong vitskapsmenn
kjem ut med ei undersøking
om at tobakk ikkje er fullt så
farleg som ein vil ha det til, må
vi då skjøna at tobakksindustrien
står bak, men kvar gong
vitskapsmenn kjem med
domedagsprofetiar i samband
med miljøet, er de ingen som
spør om ikkje miljøindustrien
skulle ha vori med i biletet.
Miljø- og holocaust-industrien
opererer på same vis; dei
slår fast kjensgjerningar utan
å gå inn på grunnlaget for
desse kjensgjerningane.
Middeltemperaturen i havet
har gått opp får vi høyra? Kor
mange målepunkt dreier det
seg om, kor lenge har ein drivi
målingane? Grønlandsisen
smeltar, isbreane vert mindre,
Nordpolen forsvinn i vatn,
skogen døyr. Nei, det gjer han
visst ikkje lenger... Osonlaget
er heller ikkje på moten meir.
Men at havet vil stiga og at
alle dei hus som står for nære
havet vil forsvinna, er ein ikkje
i tvil om. Heilt til ein finn eit
endå meir alvorleg miljøtrugsmål.
Korleis går det forresten
med Grønlands-isen og
isbreane våre for tida? Men det
tel vel ikkje.
I miljøspørsmål må ein sjå
det på lang sikt, får ein høyra.
Kor lang sikt? Ti år, femti år,
hundre år, tusen år? Kor lang
sikt opererer eigenleg miljøindustrien
sjølv med i båe
retningar når han kjem med
domedagsprofetiane sine?
Går ein miljøvernarane inn
på klingen, vil ein oppdaga at
dei faktisk meiner det er
viktigare at indiarar ikkje
aukar energiforbruket sitt enn
at folk flest får levelege vilkår
der i landet. Det er her marxistar
bør seia takk og farvel. Vi
må gå inn for ein sosial revolusjon
i India, det må føra til
industriutvikling og større
energiforbruk per hovud.
Klimaet på jorda har større
slingringsmon enn som så; perfekt
er det jo knappast nokon
stad, og ekstremver har til dømes
Stadtlandet fått oppleve
gjennom uminnelege tider. Og
vi må vera mot kvinnelege prestar
som vi er mot alle prestar,
og mot kvinnelege (og mannlege)
offiserar så lenge Noreg
er med i NATO-”forsvaret”.
Slike standpunkt kjem ikkje
fram i den totalitære norske
dagspressa og i lyd- og biletemedia.
Marxisme, jamvel
ikkje Marcuse, har lenger plass
i Klassekampen, og Stalin råder
det berre ei meining om.
Ikkje rart at journalistar, slik
Clemet peika på, kan vandra
friksjonsfritt frå Klassekampen
til sosialdemokratiske Aftenposten.
Har klassekampredaktøren
si lunkne haldning
i Yssensaka noko med det å
gjera at han posisjonerer seg
for andre stillingar; redaktør i
eit synkande Dagbladet til dømes?
Som kjent er det berre
journalisten Hustad som har
sagt kraftig ifrå når det gjeld å
avsløra Yssen-Try-intrigen,
Redaktøren har sjølv seti trygt
i bakgrunnen og jamvel åtvara
mot konspirasjonsteoriar.
Er det difor ingen yrkesaktiv
journalist med karrieredraumar
vågar retta søkjelyset mot Verdens
Gang? Dei har alle ei von
om å få jobb der? Det er VGjournalistikken
som treng eit
sterkt søkjelys på seg, Se og Hør
har aldri gjevi seg ut for å vera
noko anna enn det det er.
I dette landet er det snart
berre pengar og ein sentral
posisjon som tel. Æresomgrep,
sunn skepsis og ei skikkeleg
gjennomtenkt politisk haldning
vert det ikkje spurt etter.
Skal Friheten ha nokon plass i
det norske samfunnet, må
avisa læra seg til å sjå systematisk
marxistisk på alle
spørsmål. Og då er det viktig
å kasta av seg alt dårleg samvit
for fortida. Kommunistar
har ingen ting å skjemmast
over når ein ser kva faenskap
kapitalistdemokratia har stelt
og steller i stand,
Men lenge har ein vanta
sunn skepsis til alle fantasifulle
framstillingar av Sovjetunionen
fram til 1953. I staden
let ein seg riva med av kontrarevolusjonære
krefter og innsåg
det gedigne mistaket først
då det var for seint. Somme
som kallar seg kommunist, har
ikkje gjort det enno. Dei trur
framleis at (borgarleg) demokrati,
kvinnesak og miljøvern
er viktigare enn klassekamp.
.
 
|