Grunnlagt illegalt i 1941



«Sanninga» om kommunismen


Av Olav H. Aarrestad

Det er ikkje ofte vi sperrar augo opp for noko ein les i demokratiske media. Men ein notis i Aftenposten (NTB/TT eigenleg), 10.05, fekk ein i alle høve til å løfta på den eine augebruna.

Noko svensk som på bokmål blir foreningen Opplysning om kommunisme, har gjennomført ei spørjeundersøking blant ungdomar mellom 15 og 20.

Formannen, Camilla Andersson, er oppskjørta over resultatet: 40 % trur at kommunismen har auka velstanden i verda, og 90 % veit ikkje kva Gulag er: - De mangler forståelse for grunnleggende begrep som diktaur og demokrati, og det er ubehagelig, seier Andersson.

Skuleminister Jan Björklund skal vera samd og vil endra historieundervisninga i den svenske skulen. I og for seg er det bra det er vorti slutt på hykleriet; det skal ikkje lenger råda tvil om kva historieundervisning skal tena til. Den som har makt over forteljingane om fortida, har òg makt over framtida.

For ein gong skuld er vi glad for at sosialdemokratiet har utvikla ein skule for sløvingar. Her står norske historielærarar år etter år og fortel om tyrannen Stalin, om Gulag, om ufridom, undertrykking av den frie pressa, om Sakharov osb. osb., men trur du dei forbaska elevane hugsar noko av det?

Vi er overtydd om at dosen av antikommunstisk historieundervisning kan aukast, og likevel vil 40% i ei fleirsvarsoppgåva gå for at (diktatoren) Lenin var ein russisk rockeartist. Men det er jo litt trist at ein må setja sin lit til sløve og upåverkande ungdomar.

Kven har kosta undersøkinga til Foreningen Opplysning om kommunisme, forresten? I notisen står det at foreninga har bestilt undersøkinga (hjå eit profesjonelt og dyrt spørjeundersøkingsfirma), men kven har betalt henne? Vi spør igjen.