|
Rangeringa av litterære verk:
Kanon, kultur og identitet
|
|

Ikkje med (frå venstre):
Nordahl Grieg, Rudolf Nilsen, Kristofer Uppdal og Tor Jonsson. |
Av Olav H. Aarrestad
Ein har ikkje før sett overskrifta
før ein ryggjer tilbake.
Er ho ikkje litt i vel
bombastisk jamvel om det
ikkje er skytevåpen det
gjeld?
Den kanon det er snakk om,
er premieliste for norsk litteratur,
og i desse dagar har
ein fått to slike. Den eine
omfattar rett nok berre
tidsromet 1900-1960.
I prinsippet er vi ikkje imot
å rangera litterære verk, det
er viktig å læra seg å skilja
mellom godt og dårleg jamvel
om mange heilt sidan
Marcel Duchamp (1887-
1968) sette eit pissoir på
hovudet og kalla det kunst,
gjerne vil ha oss til å tru at
alt er like bra i ei postmoderne
og lett nihilistisk
verd. Med ein sams kulturell
bagasje vil dei som går under
nemninga nordmenn, i
minsto ha noko sams, ei
sams referanseramme. Men
som Vinje sa det:
Dei største tankar vi alltid få
av verdsens det store vit
Men desse tankar dei
brjotast må
Lik strålar av soli som alltid
få
I kvar si bylgja ein annan lit.
Den norske bagasjen ein tek
med seg på livsens ferd, er
ikkje betre enn det andra
nasjonar utstyrer sine skuleungar
med, og dessutan er
det mangt samt arvegods ein
ber på (jfr. diktet ovanfor).
Det viktigaste er at ein ikkje
reiser kulturelt og andeleg
naken kring i tid og rom, og
heller ikkje i eige land; Jæren
er ikkje heilt Jæren utan
Garborg.
Om ein skal halda seg til
bagasjemetaforen, kan ein
peika på at kofferten ikkje bør
vera for tung. Og det er først
og fremst på det punktet ein vil
setta spørjeteikn ved dei to listene
som no er offentleggjorde.
Ut ifrå litterære kriteria er
det ingen grunn til at Camilla
Collets i dag ulesande Amtmandens
døtre skal vera med.
Og ein må le når ein finn namn
som Fridtjof Nansen, Jens
Arup Seip og Francis Bull på
slike lister.
Den lista som spenner over
all ”norsk” litteratur, er
forvirrande, for ho stel både frå
islandsk og dansk (Snorri
Sturluson, Voluspå og Holberg).
I røynda dreier det seg
om ei liste med sterke nordiske
innslag. Spørsmålet er rett og
slett om ein ikkje like gjerne
kunne vera tent med ein nordisk
kulturell bagasje på livsens
ferd der t. d. Strindberg,
Fröding, Karin Boye og Pär
Lagerkvist kom i tillegg.
I røynda er moderne kanon
like uryddig som den som låg
i bakhovudet til dei som sette
saman norske leseverk. På alaget
fann ein Snorre, Dass,
Holberg, Wessel, Wergeland,
Aasen, Vinje, Ibsen, Bjørnson,
Garborg, Hamsun, Duun. Om
ein skulle laga ei liste for dei
som nesten var visse på å koma
med i slike lesebøker, måtte ho
gjelda:
Welhaven, Kielland, Lie,
Falkberget, Undset, Uppdal,
(Jakob) Sande, Sandemose,
Cora Sandel.
I eldre dagar var meininga
med gymnaset at ein fekk den
naudsynte litterære bakgrunn
ved å studera forfattarar som
hadde overlevd sin eigen fysiske
daude. Det skulle gjera
ein i stand til å orientera seg i
samtidslitteraturen på eiga
hand. Difor var det inga meining
i å føra samtidsforfattarar
på ei slik liste. Samtidslitteraturen
lever ved at det er
nokon som kjøper bøker for
eigne pengar, kunne ein seia.
Og mykje av samtidslitteraturen
vert kjøpt av di han har
stort underhaldningsverde.
Vi vil karakterisera Lie,
Undset, Falkberget, Sandemose
og Mykle som underhaldningsforfattarar
tillikes
med Ragde og Roy Jakobsen m.m.fl. Dei burde såleis vera i
stand til å leva ved eigen styrke
og treng ikkje kunstig åndedrett
ved å stå på ei kanonliste.
Skulle folk slutta å lesa dei, ja,
så tyder vel det at underhaldningsverdet
har minka,
nett slik som det har gjort når
det gjeld Trygve Gulbranssen
som litterært sett i alle høve
ikkje stod tilbake for Undset.
Ein kan sjølvsagt hevda at
kvinneperspektivet ikkje får
stort nok rom i kanonisert
norsk litteratur. Då får ein laga
ein kvinnekanon. Der høyrer
Undset naturleg heime med
samtidsromanane sine, tillikes
med Amalie Skram og Camilla
Collet. Cora Sandel, Torborg
Nedreaas, og poetane Haldis
Moren Vesaas, Inger Hagerup
og Aslaug Vaa står nokså støtt
på eigne bein.
Men det som slår ein sterkast,
er at all arbeidardikting
glimrar med sitt fråver: Kvar
er Rudolf Nilsen, Tor Jonsson,
Kristofer Uppdal, og kvar er
kommunisten Nordahl Grieg?
Om vi hadde hatt noko å
seia over norske læreplanar,
skulle dette med i norskfaget
som obligatorisk bagasje
frå ungdomsskulen:
Gilse Surssons saga, Jeppe
på Bjerget av Holberg, nokre
satiriske vers av Wessel, eit
par dikt av Welhaven med
emne frå antikken, Aasen,
Vinje, Ibsen, Strindberg,
Fröding, Kielland (eit par noveller),
Garborg (utdrag frå
Haugtussa, Trætte mænd,
Fred), Hamsun (Pan el. Sult),
Duun, Kristofer Uppdal, Cora
Sandel, Jakob Sande, Tor
Jonsson, Rudolf Nilsen, Nordahl
Grieg (utdrag frå ”Ung
må verden ennu være”), Pär
Lagerkvist (Gäst hos verkligheten
og eit par dikt), Karin
Boye, Paal Brekke og Olav H.
Hauge. Det fekk halda.
I vidaregåande skule
kunne ein så få oppdaga at
meiningar om litteratur er
delte og at det er mykje ein
kan finna glede i utan at det
treng å stå på ei kanonliste.
 
|