tilbake

arkiv

John PilgerAmerikanisering i 100 år

”I frie samfunn”, skreiv George Orwell, ”kan upopulære idear bli nedtagd og brysame fakta mørklagde, utan behov for offentleg sensur”.

Av John Pilger, til norsk ved Hartvig Sætra.

Eit av dei minst diskuterte, mange vil seie det mest undertrykte tema i vår moderne verd, er den rolla som media spelar i å fremje ideologien og propagandaen til den vestlege maktblokka. Røttene til denne propagandaen, som avgjer korleis vi i den utvikla verda ser på oss sjølve og våre samfunn, går tilbake meir enn 60 år i ei forlengst glømt fortid.

I 1930-åras USA lukta det revolusjon i lufta over dei store demontrasjonane som vart haldne for å krevje eit betre liv enn det folk opplevde under Den store depresjonen. ”Politikk er skyggen som storkapitalen kastar over samfunnet”, sa (venstre)populisten John Dewey. Millionar av menneske vende seg mot kapitalistane, og hata den ulikskapen og dei harde levekåra som kapitalismen var årsak til.

Svaret frå det amerikanske Establishment var eit propaganda-korstog av ekstraordinær intensitet. Ein serie av ”amerikaniserings-kampanjar” vart sett i gang for å brennemerke streikar og demonstrasjonar som ”upatri-otiske”; fagforeiningane vart utropt til ”arbeidernes fiender”, og sosialdemokratiet var ”infisert av kommunisme”. Dette nådde eit crescendo i 1950-åra med den inkvisisjonen som gjekk under namnet McCarthyisme. Den peika ut alle kritiske røyster til svikarar dersom dei sette spørsmålsteikn ved ”fritt initiativ” og ”den amerikanske levemåten” (”The American Way of Life”) - eit slagord som var utpønska av eit PR-byrå.

Omfanget av korstoget var ”svimlande”, skreiv utgjevaren av ”Fortune”. I 1954 vart det til bedriftssponsa propaganda i USA brukt halvparten av det beløpet som gjekk til skolebøker. Alex Carey, samfunnsforskaren som laga ein pionerstudie på begrepet ”amerikanisering”, slo fast at dei tre mest markante politiske utviklingstrekka i det 20. hundreåret var ”veksten av demokratiet, veksten av korporativ makt (kapital- og organisasjonsmakt), og veksten i korporativ propaganda som middel til å sikre korporativ makt mot demokratiet”.

Monokulturar i medvitet

I dag er nesten alle menneske på jorda utsett for korporativ propaganda i ei eller anna form. Mens klisjéane har skifta - ”The American Way of Life” har blitt til “globalisering” - er det essensielle målet det samme: å auke makta til kapitalen, for det meste vestleg og amerikansk kapital, over dei fleste forhold i livet vårt, slik at omtrent alt blir til ein vare, og alt blir målt ut frå kostnader og konsum. Til forskjell frå 1930-åra er korstoget nå institusjonalisert gjennom totalitære organisasjonar med uhorveleg makt: Verdsbanken (WB), Pengefondet (IMF) og Det internasjonale handelsorganisasjonen (WTO). Deira manipulative ”lån”, ”garantiar” og ”traktatar” sikrar framand eigarskap til alt frå utdanning og vatn til levande organismar.

Den indiske miljøvernaktivisten Vandana Shiva har skildra dette som ei form for hjernevask, - ein ”monokultur i sinnet”. Media er hovudkolportøren av korstogs-propagandaen. For eksempel har mediaspråket konsekvent tatt for seg ein del positive begrep, tømt dei for sine ordboksdefinisjonar, og fylt dei opp med ei ny og ”politisk korrekt” betydning, (jfr. ”snittet i auga” i Dovre-gubbens Hall, eller ”nytale” i Orwells ”1984”, oms. mrk.) ”Reform” betyr nå tilbakegang, eller til og med øydelegging, og dei som fremjer laissez faire-kapitalisme, blir kalla ”reformatorar”. Å selja ut offentleg eigendom, slik som dei engelske jernbanane, er å ”bryte opp monopol”. ”Restrukturering” er å overføre inntekter frå produksjon til spekulasjon. ”Deregulering” er eit maktskifte frå nasjonal velferdspolitikk til internasjonale bankar og den lokale korporative eliten. Og ”markedsøkonomi” betyr kapitalisme for majoriteten og sosialisme for dei rike og mektige: eit utspekulert system der dei fattige blir forfølgt og dei rike blir gitt milliardar i offentlege subsidiar ved hjelp av minimal bedriftsbeskatning og eit utal av smotthol for å unngå skatt.

Denne omkastinga av den politiske språkbruken blir følgt opp med eit vedvarande bombardement med denne nye bodskapen: det finst ingen alternativ til ”ein-ideologi-staten” med sine nesten identiske og hardt konkurrerande ”pro-business-parti”. Politiske lobby-journalistar og kommentatorar, uansett om dei blir kalla konservative eller liberale, arbeider flittig med å tåkelegge denne sanninga, ved å framheve personlege forskjellar mellom fundamentalt likesinna politikarar.

Dei store forskjellane finn ein derimot utanom dei regjerande partia; og dei har aldri vore større. Dei avspeglar den uhørt store kløfta mellom fattigdommen hos majoriteten av menneska, og makta og privilega hos ein korporativ og militaristisk minoritet med hovudbase i Washington, og med ei grein i Whitehall (England). Deira mål er å kontrollere jordas ressursar.

Ei viktig årsak til at desse mektige piratane har så fritt spel, er at den anglo-amerikanske intelligentsiaen - journalistar, akademikarar, skribentar, alle som blir kalla ”folk med stemme” - dei teier still, anten dei er medskuldige eller berre ”skjelvande”, som ein kritikar sa om engelske ”ufarlege” romanforfattarar. Dei blir som oftast rike av skjelvinga.

Mens eg skriv dette, omtalar ein BBC-reporter den amerikanske ideologen Milton Friedman som ”den respekterte ... kanskje verdas største økonom”. Det kom inga grunngjeving for denne sterke påstanden, og inga forklaring på kven denne figuren i realiteten er: Som sjef for den illgjetne Chicago-skolen, inspirerte Friedman folk som Reagan og Thatcher, symbolfigurane for ekstremismen innanfor dagens ”globalisering”. Friedman brukte Chile under fascisten Pinochet som sitt ”laboratorium”.

Historie utan minne

Ein av dei mest seigliva mytane er at vi lever i ein ”informasjonstidsalder”. Vi lever sjølvsagt i ein media-alder, der det meste av den tilgjengelege informasjonen er repetitiv - altså ”hakk i plata” - og politisk safe. Det betyr at den stakar ut Den Einaste Rette Vegen; dermed er informasjonen låst innanfor usynlege grenser.

Sjølvsagt gir den ”digitale revolusjonen” ved første augekast fleire val og større horisontar. Men media innskrenkar sjølve sitt råderom både i temaval og publiserings-dagsorden, i kraft av eigarskap og ideologi. I følgje ein studie frå dei leiande britiske frivillige organisasjonane (NGO) over britiske TV-stasjonar, spesielt dei som har best rykte for kvalitet, har nettopp desse kutta ned dei seriøse programma på ein dramatisk måte, slik at berre litt over tre prosent av sendetida går med til rapportar om resten av menneska på jorda. Og det meste av dette kritiske stoffet kjem på minoritetskanalar. Ta for eksempel dekninga av Midtausten. Mens palestinske lidingar motvillig blir vedgått, er det Israels nyheits-dagsorden som dominerer. Israels militære, ein koloniundertrykkar som brukar ein terrorist- og drapsstrategi, blir stadig kalla ”tryggingsstyrkar”.

Storbritannia og USA bombar Irak dag ut og dag inn, drep sivile, illegalt, med sparsam pressedekning. Inntil nyleg var det ingen som brydde seg om at hundretusenvis irakiske sivile, for det meste barn, døydde som direkte resultat av anglo-amerikansk planlagte sanksjonar. Desse følgte åtaket i 1991, kalla ”Golf-krigen”, som førte til slakting av 200 000 irakarar; eit faktum som knapt vart rapportert. Offisielt heitte det at Golf-krigen var ein blod-sparande siger for moderne krigsteknologi.

I 1999 vart regnet av klasebomber over Jugoslavia, drapet på 1500 sivile og til og med utdrivinga av kosovo-albanarane på grunn av bombinga, rettferdiggjort med at ”det foregjekk eit folkemord av samme type som i andre verdskrig og holocaust” (Tony Blair).

Men det fanst ikkje noko folkemord. I fjor fann internasjonale kriminaltekniske kommisjonar 2700 personar frå begge sider i konflikten, som hadde døydd over ein årelang periode. Borgarkrigen var i omfang ikkje ulik konflikten i Nord-Irland i syttiåra. Desse fakta vart ikkje gjengitt i media. Det er på tide at vi journalistar analyserer dei ofte nokså subtile pressmidla som manipulerer oss. Humanitet er altfor ofte blitt gjort synonymt med sin verdi som legitimering av vestlege strategiske og korporative interesser. Ansvaret hos ”våre” styresmakter blir altfor ofte minimalisert. Uansett alle nye hjelpemiddel i media, og uansett alle kurs i mediadekning, er dette temaet tabu, og det blir sett til side i det stille.

Ein fare som knapt blir diskutert, er veksten i PR-byråas verksemd som eit substitutt til reell journalistikk. Max Clifford, den berømte kjendis-PR-mannen, seier at ”PR-konsulenten fyller den rolla som undersøkande journal-istar skulle ha, men som dei ikkje lenger kan dekke på grunn av kostnadskutt”. I følgje ”PR Week” er mengda av ”PR-generert materiale” i britiske media omkring 50% av alt stoff i mediet utanom sport. Det som blir oppfatta som gode nyheiter på finanssidene, er ofte ”ferdigpakka” stoff frå PR-konsulentar , godt betalt av investeringsfirma.

”Historie utan minne”, seier Time Magazine, ”stenger USA inne i ei slags evig nåtid.” Ettersom også alle vi andre blir dratt inn i denne evige nåtida, strevar det kollektive minnet med å berge livet til den sanninga at vanlege folks rettigheiter ikkje spring ut av konsumentsmen, men vart vunne i ei lang og pinefull historie om kamp og strid.

Den store demonstrasjonen mot WTO i Seattle i 1999 vart av media karakterisert som eit nytt fenomen . Men det er ikkje sant: det har vore mange Seattle i u-landa, i ”sør”. Sist år demonstrerte ein million menneske mot globalisering i 30 land. Da dette vart meldt i ”globale” media, vart det kalla ”gatekampar”.

Desse som underviser i journalistikk, har eit ansvar for å gjere unge journalistar påpasselege overfor snikande propaganda og overfor sensur gjennom utelating og nedteiing. Dei har også ansvar for å gi dei nye journalistane overlevingsutstyr og navigasjonsruter for å berge seg gjennom systemet, og åtvare dei mot feller, slik som det forlokkande mantraet frå Murdoch om å ”gi folk det dei ønskar” - ein kode for at publikum ikkje skal få lov å ha noko val; eit opplegg for total einsretting.

Avdøde James Cameron kalla journalistikken ”den første kladden til historia”. Dersom propagandaen frå makthavarane blir akseptert og rapportert ukritisk, dersom personleg posering og ”eg-journalistikk” får dominere, vil journalistane bidra til å omskape historia til ein reiskap for makta, og forverre menneskelege konfliktar og splid.

Dersom dei tvert imot oppfattar og avslører propagandaen, vil dei gi lesarane, lyttarane og sjåarane ein sjanse til sjølve å skape si eiga historie. Den store ”møkkagravaren” Claud Cockburn gav oss dette gode rådet: ”Tru aldri på noko som helst før det er offisielt benekta”.

Frå New Internationalist, april 2001


klikk her