|

Stamceller frå Dow Chemicals
«Fredsprosjektet» EU kan bli eit heller ufredeleg påfunn,
helst i Aust-Europa. Det skal bli underhaldande å følgje
med i den politiske komikken her til lands i så måte. EU-Ap
må for å leve trygt i illusjonane sine, vere tilhengjar av “fri
flyt” også her.
Av Kjell-Arnt Labukt
Det er då nettopp utvidinga av EU
austover som har vore hovudargumentet
for innmelding i “Det
nye EU.”
Propaganda har vore ein del av
organisert krigføring som er like
gamal som organiserte statsdaningar.
Hos romarane heldt ein
av hærførarane ein tale før slaget.
Cæsar fekk posisjonen sin gjennom
også å vere ein dyktig retorikar,
også på slagmarka. (“De
bello gallico” finst i norsk omsetting).
Dette var praksis i Europa
heilt fram til nyare tid. Jamfør den
kjende talen Kong Sverre heldt
før slaget på Kalvskinnet. Eller
ein skald kunne seie fram eit
stridskvad.
I kyrkjene bad prestane til den
såkalla Gud om fred, men mana
samstundes til vern av krone,
kross og altar - for så å velsigne
våpna på slagmarka. Betalte
agentar eller friviljuge, overtydde
talsmenn - alt frå folk som freista
analysere situasjonen til psykopatiske
fanatikarar som forkynna
“krigens glade bodskap,” alle slag
har vore aktive.
Og propagandaen endrar seg i
samsvar med politiske maktrealitetar
og folkestemning på stutt
tid. Då Napoleon kom i land frå
Elba i mars 1815, heitte det i Paris
“Uhyret er gått i land.” Då
Napoleon nådde Paris, jubla
massane “Vive l’Empereur!” -
“Leve Keisaren!”
Aviser og trykksaker i kombinasjon
med folke- og massemøte
fekk propagandapreg på 1800-
talet, dersom slikt var tillate av
politi og styresmakter. På 1900-
talet kunne kraftige høgtalarar
spreie propagandaen frå ein person
til 100 000 tilhøyrarar eller
meir, og med radioen endå vidare.
I Europa på 1900-talet var
den som makta å hisse opp store
masseforsamlingar nettopp gjennom
regissert bruk av lyd og lyseffektar,
demagogen par excellence.Fremst av alle her står Adolf
Hitler.
I dag har fargefjernsynet ei sterk
påverking, nettopp som propaganda.
Same personar, same fråsegner,
oppattekne og oppattekne,
til eit svært talrikt publikum,
har “overtydande” makt. Det var
presis det Goebbels innsåg, og det
er ingen slump at fargefjernsyn
først blei utvikla i Nazi-Tyskland.
Propaganda er per definisjon ikkje
løgn i utgangspunktet, men effektiv
propaganda hamrar inn eksisterande
haldningar og overtydingar,
om aldri så absurde, eller
skapar dei i den hypnotiske og
suggererande stemninga som lett
spreier seg i ein masse.
På TV er det inntrykket av personen
som avgjer, meir enn kva personen
seier. Det er i samsvar med
verkemåten til mediet at publikum,
i alle høve så lenge det er
umedvite og ukritisk, blir oppteke
av utsjånaden til deltarar i ein
politikardebatt. Kva personane
seier er kjent på førehand. Alt av
dagens norske partileiarar, det
faste debattinventaret i TV-farsar
av debattar, er unge, velskapte
folk med rette TV-utsjånaden.
Så kroppsfiksert som vår kultur
er, også fordi utsjånad er eit viktig
produkt på den kapitalistiske
marknaden, feiar blikket til publikumarane
over hår, andletsuttrykk,
påkledning, smykke osb.
Dermed blir det automatisk ei
forventning hos publikum om
slipsfarge, skotype eller kva det
måtte vere ved neste møte.
“Mediet er bodskapen,” som det
heiter. Verdas mest lesne vekeblad
etter folketal, “Se og Hør”,
følgjer så opp privatsfæren til
desse folka, og det heile forfell
til person og ikkje sak. Den lovpriste
konkurransen som skal
løyse alt av problem på den kapitalistiske
marknaden forfell til
sensasjonar eller forflating kva
gjeld media, eller monopolisering
kva gjeld næringsliv.
Vår variant av Iraks tidlegare Komiske
Ali heiter Konkurransetilsynet.
Vår variant har så igjen
skapt newspeak-ordet: konkurransekriminalitet,
alt brukt på
NRKs TV-skjerm. Når norske
næringslivstoppar nyttar uttrykket
“ å spise eller bli spist” om
den kapitalistiske marknaden,
noko eg har høyrt fleire gonger i
NRK-radio, så er det neppe fordi
dei har lese Perikles, Shakespeare
eller Marx; som alle tre nyttar uttrykket
“Dei store fiskane et dei
små,” berre den sistnemnde om
den kapitalistiske marknaden.
Ein klassikar så langt på at mediet
er bodskapen er debatten
mellom dei tidlegare amerikanske
presidentane Richard Nixon og
John F. Kennedy. På amerikansk
vis møttest dei til TV-duell framfor
presidentvalet i 1960. Kennedy
var nybarbert, sminka og
smilande. Nixon var det motsette.
Han hadde tydelege skjeggstubbar,
var ikkje sminka og
smilte ikkje. Nixon var berre fire
år eldre enn Kennedy, men han
verka tjue år eldre i svart-kvit TV.
Neste meiningsmåling synte då
også tydeleg at Kennedy var The
Coming Man. Reisa til Ungdomslandet
heiter eit folkeeventyr frå
Ullsfjorden i Troms. Draumen om
evig ungdom er nok gamal. I sirkuset
på ein kapitalistisk marknad
blir denne draumen ein vare,
som alt anna menneskeleg blir
det.
Ein annan TV-klassikar fekk vi no
hausten 2003. “Ladies and gentlemen.
We’ve got him!” Så kom
fjernsynsbilete: “Avlusinga” av
Saddam. Her såg vi det vonde mot
det gode, barbariet mot humanismen,
det primitive mot det siviliserte,
det skitne mot det reine,
vranglæra mot den rette trua, dei
mot oss: stutt sagd, demagogiens
dikotomi: med oss eller mot oss.
Den “legen” som dreiv “avlusinga”
var glattbarbert på hovudet
og i andletet. Saddam var langhåra
og skjeggete. Legen sitt andlet
såg vi ikkje. Saddam sitt andlet
var gustent, skittent og gråbleikt.
“Legen” hadde “nøytral”
påkledning: Saddam var “rufset”
i tøyet. “Legen” hadde hygieniske
gummihanskar på hendene og
dei like hygienisk reine, hårlause,
nakne armane hans var synlege. I
panna på Saddam var der to “sår.”
Det var ikkje tilfeldig. Innanfor
konservativ-kristne grupperingar
er Saddam også Dyret frå Johannes
openberring, og det skal
visstnok ha “horn.” Den vesle
lommelykta som blei nytta for å
“undersøke” Saddam i munn og
svelg, hadde stor lysstyrke. Munnen
til “Dyret frå openberringa”
blei då også ein ”blodig, raud, siklande
rovdyrkjeft.”
“Avlusinga” av Saddam kunne
også forståast som at Saddam var
Anti-Krist, har eg fått med meg.
Sidan eg er fullkomen blank i
domedagsprofetiar, bortsett frå at
eg veit det florerte av Anti-Kristar
rundt år 1500 i europeisk historie,
i ei brytingstid mellom mellomalder
og europeisk nytid, då
det mellomalderske verdsbilete
tok til å gå i oppløysing. Då hadde
dei fleste ein eller annan variant
av Anti-Krist i tankane - med den
påfølgjande Messias, som førebels
har vanskar med rakettmotoren,
må det vere. Han kjem
då ikkje. Og det trass i at sjølvaste
Luther i ein lærd disputas med
katolikken Johannes Eck kalla
Paven Anti-Krist!
Kor som er. I den “gudelegaste”
delen av Noreg, Sarons dal med
tilliggjande og omliggjande herlegdomar
på Sørlandet, var dei så
visse på at Domedag i ei eller
anna religiøs tyding var så nær at
dei selde alt av sitt jordisk gods.
Det var visst eit eller anna med
“Gog og Magog.” Det er tydelegvis
slitsamt å leve med så uvisse
rutetider som denne “Messias” let
til å ha. Dei geografiske herlegdomane
nett nemnde toppar nemleg
statistikken over forbruk av
psykofarmaka her til lands! Folk
kan bli tullete eller få nervesamanbrot
av mindre enn å leve
eit heilt liv i uvisse om den
viktigaste av alle rutetider.
Tilfeldigvis var legen til Saddam
i Noreg då. Han meinte Saddam
måtte vere dopa på einkvan måte.
Det er det all grunn til å tru. Andletsuttrykket
verka sløvt. Det
gode hadde nådd att det vonde og
vunne over det!
I ein kultur der det heiter
Cleanliness is next to godliness -
berre gudstrua står høgare enn
reinsemd - gjer mykje av innhaldet
i den regisserte “avlusinga” eit
sterkt inntrykk. Det realhistoriske
innhaldet av “reinsemd” er av religiøst
opphav i vår kulturkrins,
slik det også er i andre kulturar.
Om ein person i ei trong bygate i
europeisk mellomalder fekk innhaldet
av ei nattpotte i hovudet så
det både klaska og rann nedover
personen, innebar det ikkje stort.
Med konstatering av smittsame
sjukdomar fekk “reinsemd” ei
vidare tyding. Lukter og gjenstandar
som tidlegare ikkje hadde
noka tyding, blei gradvis ei “personifisering
av det vonde.“ “Ajax
gjør rent som en hvit tornado,”
“Blenda vasker hvitere,” “Lano
for liten, Lano for stor, Lano for
hele familien.“
Det å vere rein i vaskemiddelforstand
har utvikla eit moralsk
aspekt i tillegg til det bakteriologiske.
Innanfor vår kulturkrins
har det å vere skitten også fått
konnotasjonar om at personar
tilhøyrer dei andre, dei framande,
dei vonde. Ein velkjend tvangsnevrose
er tvangsvasking. I essens
er denne nevrosen ein “kamp”
mot alle typar “ureinsemd”, så vel
“lekamleg” som “andeleg,” ei
“moralsk” “reinsemd” i alle
tydingar av omgrepet.
Med utgangspunkt i 1800-talets
organismetenking i idealistisk
europeisk filosofi fekk vi det
høgreekstreme tyske omgrepet
der Volkskörper - “folkekroppen,”
som det galdt å halde sunn og
hygienisk rein. Hitler hadde
mykje av tankegodset sitt frå Richard
Wagners operaer. Han ferdast
mykje i Wagner-familien.
Kona til Richard Wagner, Cosima
Wagner, held i dagbøkene sine
fast ved kor oppteken Richard
Wagner var av jødane som “rotter,”
“mus,” “fluger,” “trikinar,”
”kveiser” “ormeyngel,” “kryp,”
“utøy” og det mykje nytta tyske
skjellsordet “Pack.” Men det
hadde Wagner frå svigersonen,
Houston Stuart Chamberlain,
først og fremst. Hitler nytta ofte
omgrep som stod for trugsmål
mot der Volkskörper i talane sine,
i form av utøy eller annan
ufysnad.
Avlusinga Saddam fekk gjennomgå
hadde ikkje nokon opne
rasistiske konnotasjonar. Men det
gode vi mot dei vonde andre, var
meir enn tydeleg.
Elles hadde Petter Nome ein viss
grunn til å samanlikne Bush jr.
med Hitler. Saka er den at I. G.
Farben sine nazi-kjemikarar utvikla
sarin-gass først på 1930-talet.
Hitler blei såra i eit gassåtak på
slutten av Første verdskrig, og tillet
ikkje bruk av gass under Andre
verdskrig. I. G. Farben sin velkjende
Zyklon B gass blei ikkje
rekna som stridsgass.
Stamcellene Saddam sine kjemikarar
fekk frå Dow Chemicals og
andre kjemikonsern let seg lett
utvikle til sarin-gass. Sarin blei
nytta til dødeleg gassing av 5000
kurdarar. Og legg vi det amerikanske
Document NSC 68 til
grunn, har Petter Nome endå meir
grunn til å drage parallellar til Hitler.
Ja, dette dokumentet går faktisk
lenger enn det Hitler kunne
tenkje seg.
“Verdsterrorismen” har erstatta
“Verdskommunismen” som ytre
fiende. At båe omgrep er fullstendig
fiktive og aldri har eksistert
er utan interesse. Båe utløyser den
primitive kjensleeffekten: Dei
vonde andre trugar dei gode
“oss.” Terrortrugsmåla kjem
med jamne mellomrom, plent slik
trugsmåla frå kommunismen
gjorde det under Den kalde krigens
hysteri.
“Vernet” mot absurditeten Verdskommunismen
var vanvittig kjernefysisk
militær opprusting.
“Vernet” mot absurditeten Verdsterrorismen
er innføring av totalitære
kontrollmetodar i såkalla
“demokratiske” land. Desse
“verna” gjev publikum ei kjensle
av tryggleik, og er derfor velkomne.
At dei gradvis kan føre
oss inn i den teknofascistiske
politistaten, er det svært få som
tenkjer på. George Orwell:
“1984,” Aldous Huxley: ”Brave
New World” og Karin Boye:
“Kallocain” er langt meir aktuelle
i dag enn då bøkene blei utgjevne.
Den røynlege Verdsterrorismen i
dag kjem frå våpenindustrien, og
her ligg det «siviliserte» USA
langt framfor andre i spreiing av
terrorisme.
Ei ekspanderande imperialistisk
stormakt, slik USA er no, treng
legitimering for eigne folkemord,
folkemord den omsette artikkelen
frå Monthly Review gjev døme på.
Det er nokså ironisk at FN nyleg
heldt ein konferanse i Stockholm
om nettopp “folkemord,” etter
formelt sjølv å ha vore med på eit
folkemord på 1,5 millionar irakarar,
gjennom FN-sanksjonane
mot Irak. At desse sanksjonane
blei pressa gjennom av Storbritannia
og USA, går tydeleg fram
av den omsette teksten. Det har
då også vore bom stilt i våre media
om kva som blei sagd på
“folkemordkonferansen.” Derimot
mangla det ikkje på mediabeljing
om Milosevic sitt “folkemord”
i Kosovo, 3000 kosovoalbanarar,
dei aller fleste militært
utstyrte menn som dreiv geriljakrig
mot regulære jugoslaviske
styrkar.
Svært få er merksame på at drastiske
menneskeskapte klimaendringar
siste år kravde innpå 170
000 menneskeliv. Svært få tenkjer
også på at dette talet vil auke
sterkt i dei næraste åra. Svært få
tenkjer på at dette er eit beinveges
utslag av ein verdsomspennande
kapitalisme. Publikum
tenkjer ikkje på det fordi det berre
er noko som “hender,” i form av
“sensasjonelt” stygt ver ein eller
annan stad, på line med ei trafikkulykke,
på TV-skjermane
våre. Jamfør omgrepet soma i den
nemnde boka av Aldous Huxley.
Når tidsskriftet Nature, med
grunnlag i FNs klimapanel, syner
til at 25% av nolevande artar vil
vere utrydda innan 2050, råkar
det ikkje “oss” - “her” og “no.”
Også det er berre noko som “hender.”
Kapitalismen, med si velkjende
økologiske plyndring, er
opphøgd til ein “naturlov,” som
vi berre har å tilpasse oss.
Fleirtalet av britane trur ikkje på
den såkalla Hutton-rapporten, og
bra er det. Til det kjenner dei den
politiske verksemda til dei mange
lordane sine for godt. I så måte
finst det eitt særmerkt unntak,
Russell-familien.
Etter Bloody Sunday-massakren
i Derry i Nord-Irland i 1972 fekk
Lord Widgery i oppdrag av regjeringa
til Ted Heath å berge regjeringa,
gjennom ein “Hutton -rapport,”
og gjorde nett det. Eit døme
av mange. Æresriddaren av NRK
og Den runde vom, alt nemnd,
veit å fortelje at britiske soldatar
er gentlemen. Filmopptaka frå
Nord-Irland gjennom dei siste
tretti-førti åra syner noko ganske
anna. Det gjer også dei svært,
svært få glimta vi har fått sjå frå
Basra på TV-skjermen til NRK.
Lord Brian Hutton of Bresagh er
ein konservativ britisk unionist,
noko britane heldigvis veit. Det
er derfor lett å innsjå at Lord
Hutton vil kneble BBC, som er
noko så vederstyggeleg som ein
lisenskanal, og i tillegg kan drive
kritisk og undersøkjande journalistikk.
Talsmann for Thatcherism
Light og “gjenopprettar” av The
British Empire, Tony Blair, blei
sjølvsagd frikjend. Parallelen til
korleis Neville Chamberlain sensurerte
britiske media medan han
som statsminister dreiv sitt velkjende
Appeasement andsynes
Hitler, ligg nær. Også Chamberlain
blei lord. The Times trong
ikkje Chamberlain sensurere.
Redaksjonen der var nemleg så
nazi-venleg at det heldt rikeleg.
Om pressa her til lands i same
tidsrom: T. Vallaker: “Litt fascisme,
Herr Statsminister.”
Jamvel med den omsette artikkelen
frå Monthly Review som bakgrunn
kan det likevel ikkje utelukkast
at Blair & Co. trudde at
irakiske masseøydeleggingsvåpen
kunne nå Storbritannia på
under ein time. I så tilfelle er det
snakk om ein kollektiv sjølvsuggesjon
av dei sjeldne. Desse
folka kunne etablere ein kognitiv
balanse gjennom utelukkande å
sjå, høyre og tenkje alt dei var
innstilla på å oppfatte. Men dei
kunne like gjerne servere medvitne
løgner, som tenarar for britisk
oljeindustri.
Då NRK synte torturinstrumenta
som Saddam-regimet nytta i si
daglege klokka 1900-sending, let
dei vere å seie at desse instrumenta
var flittig i bruk på 1980-
talet, då Saddam var our son-ofa-
bitch, og då noverande Baroness
Margareth Thatcher var Saddams
æresgjest. Om det har årsaka
si i ei nokså jammerleg
kunnskapsløyse eller er utslag av
medviten sensur, får Nyhenderedaksjonen
finne ut sjølv. “We
have never had it so good,” brukte
statsminister Harold Macmillan
seie. Han var ikkje berre lord, to
år før han døydde i 1986 blei han
1st Earl of Stockton.
Gjennom NRK si TV-formidling
kan vi lage denne norske varianten
av Macmillans “We have never
had it so good.” Klokka 1900
svært ofte i det siste: “Royal Bladder
And Baby Birth And Baptize
SENSATION And Royal Family
Happiness - Hallelujah - Hurray
- Hurray - Hurray!” Men som
medlem av Organisasjonen for
republikk i Noreg, vedgår eg at eg
er inhabil her.
The Guardian Weekly, ei svært
leseverdig avis, har i kvart nummer
nokre få sider frå Washington
Post, The Observer og Le
Monde, i tillegg til viktig innanriks-
og utanriks-nytt frå The Guardian.
Som illustrasjon på idiotnivået i
norske main stream media, inkludert
NRK, omset eg ein stutt
leiarartikkel frå Washington Post,
trykt i The Guardian Weekly nr
6, 2004:
“Det er på tide å stogge “The
Love-in“ med vår mann i
Baku”
Ilham Alijev blei innsett som president
i det oljerike muslimske
landet Aserbajdsjan for tre månader
sidan. Det fann stad etter eit
val som internasjonale observatørar
eintydig fordømde som ei
opplagd forfalsking. Då medlemer
av opposisjonen freista protestere,
blei dei brutalt nedslegne
av politiet. Så følgde ei landsomfattande
undertrykking der over
1000 personar blei arresterte. Det
var folk frå opposisjonen, aktivistar
frå ikkje-statlege organisasjonar,
journalistar og valobservatørar
som kom med innvendingar
mot valsvindelen. Meir enn 100
er framleis i fengsel, inkludert
leiarane av opposisjonen.
Ein ny rapport frå Human Right
Watch dokumenterer talrike tilfelle
av tortur, i form av slag, elektriske
sjokk og trugsmål om
valdtekt mot opposisjonsleiarar.
Herr Alijev følgjer faren som var
“den sterke mann” i landet. Den
nyss innsette presidenten har alt
nytta høvet til å sikre seg diktatorisk
fullmakt. Nyleg blei han
utnemnd til direktør for radio og
TV i Aserbajdsjan.
Stutt sagd: Aserbajdsjan ser ut til
å vere ein veleigna stad for president
Bush til å iverksetje politikken
sin om å “spreie fridom til
verda,” som han så ofte forkynnar.
I staden gjer han det motsette.
Presidenten og topphjelparane
hans har omfamna Herr
Alijev, orsaka valsvindelen og
oversett brota på menneskerettar
- for ikkje å snakke om den
velkjende korrupsjonen som
kjenneteiknar mannen. Bush-administrasjonen
sette til side Kongressens
restriksjonar om å ikkje
løyve Aserbajdsjan meir enn 3
millionar dollar i militærhjelp, og
legg opp til å løyve meir. Pentagon
fører samtaler med aserbajdsjanske
talsmenn om oppretting
av amerikanske militærbasar i
landet. Forsvarsminister Donald
H. Rumsfeld vitja Baku førre
månad for å konferere med Herr
Alijev. Då Rumsfeld blei spurd
om valfusket, svara han: “USA
har samarbeid med dette landet .
Det set vi pris på.” Og Herr Alijev
hadde dette å seie: “USA er ein
strategisk partnar.”
Talsmenn for Pentagon argumenterer
for at Aserbajdsjan er
avgjerande i krigen mot terrorisme.
Mellom anna hevdar desse
talsmennene at aserbajdsjansk
hjelp er naudsynt for å hindre terroristar
i å krysse Det kaspiske
hav. Men ei meir opplagd årsak
for president Bush sin politikk, er
oljen. I løpet av det siste tiåret har
Herr Alijev og faren før han gjeve
milliardar dollar i kontraktar til
selskap som BP-Amoco, ChevronTexaco
og ExxonMobil. Ei
oljerøyrleidning til 3 milliardar
dollar frå Det kaspiske hav til ei
hamn i Tyrkia er eit resultat av
samarbeidet mellom herr Alijev
og president Bush. Herr Alijev
kan i tillegg fortelje at Herr Bush
har utropa han til æresborgar av
Texas, for den støtta han har gjeve
amerikansk oljeselskap. Då han
blei innsett som statsminister av
sin døyande far, august 2003,
fekk han gratulasjonsbrev frå president
Bush.
Amerikanske diplomatar og oljeaktørar
gjev eit bilete av herr
Alijev som ein urban pro-vestleg
person. I løynd skal han vere
moderat og tar sikte på å liberalisere
politistaten. Denne framstillinga
verkar beint fram latterleg
for aserbajdsjanarane. Om herr
Alijev berre er 42 år, så er han
vidgjeten i Baku som spele-narkoman
kasinogjest og playboy.
Den tid han var leiar av det
aserbajdsjanske statsoljeselskapet,
blei landet plassert som nummer
seks i verda på Transparency
International si liste over korrupte
land. Ein tiltale avslørt i Southern
District, New York, syner at millionar
av dollar i korrupsjonspengar
blei sende til aserbajdsjanske
tenestemenn i 1997, som
del av ein plan om å privatisere
oljeselskapet, som herr Alijev då
var visepresident for.
Tydelegvis er det påtrengjande
for herr Bush å støtte herr Alijev,
slik USA i fleire tiår har støtta
diktatorar i Persiabukta. Men herr
Bush har sjølv sagd at slik politikk
var eit mistak. “I seksti år har
vestlege nasjonar orsaka og godteke
mangelen på fridom i Midt-
Austen utan at vi er blitt tryggare
av den grunn.” Slik ordlagde presidenten
seg for to månader sidan.
“I det lange løp kan ikkje stabilitet
kjøpast på kostnad av fridom.“
Det kan ta USA fleire tiår å overvinne
det faktum at landet har
omfamna diktatorar i Den arabiske
verda. Det minste herr Bush
no kan gjere er å unngå dette mistaket
i dei nye oljestatane i Kaukasus
og Sentral-Asia. Det kan
han ta til med straks i Aserbajdsjan.
(Mitt PS: Få vil vel tru at herr
Bush har eit minne eller kunnskapar
som rekk seksti år attende
i tid. Taleskrivaren hans veit det
nok. Elles er den gjennomførde
bruken av herr sjølvsagd ironisk
meint. Denne Alijev er ein
gjennomkorrupt kjeltring, omgjeven
av ein gangsterbande av
livvakter og politi. Ein typisk
“puppet”, “gorilla” eller “son-ofbitch,”
med andre ord. Noko forfattaren
av leiarartikkelen nettopp
understrekar ved å kombinere
herr med dei røynlege handlingane
til både Alijev og Bush jr. -
som også blir omtalt med herr.
Sidan TV-underhaldning over all
TV-underhaldning, amerikansk
presidentvalkamp har starta,
kunne eg tenkje meg denne varianten:
All valverksemd blir lagd
til Las Vegas. Der er det sex live
framsyningar i alle utenkjelege
variantar! Då kunne vi verkeleg
ha noko å glede oss til kvart fjerde
år.
Det er slett ikkje uventa, og alt
anna enn underhaldande, men
amerikansk president-valkamp
har i år klåre militaristiske drag.
Det er eit særmerke ved alle
imperiemakter. Elles er det verd
å merke seg at ein slik maktkritisk
leiar kva gjeld dagens amerikanske
utanrikspolitikk her til lands
berre kunne tenkjast i Friheten
eller Klassekampen, ved byrjinga
av år 2004. No les eg korkje Aftenposten,
Dagbladet eller VG, og
det ville glede meg om eg tek feil.
Men er dei på line med vår einaste
seriøse TV-kanal, NRK, er
innhaldet kjent. Den gjengen av
spin doctors som dukkar opp etter
kvar gong det er ei “kontroversiell”
TV-sending i NRK, går
eg ut frå soknar til Underhaldningsavdelinga
i NRK, og blir
løna der.)
Eg kjem til å omsette fleire
artiklar frå Monthly Review i Friheten.
Det kjem nok meir stoff frå
Irak, og anna som ikkje finst i
norske media. “Ein høyrer vel
verda til, jamvel om ein er frå
Noreg,” er eit kjend uttrykk Olav
Duun nytta. Det kan ein vanskeleg
tru om våre landsdekkjande
nyhendemedia. Her ser det ut som
interessant mikroskopisk studium
av eige navlerusk er dei viktigaste
verdshendingane.
Monthly Review har ein ganske
annan innfallsvinkel. Eg set om
tekstane vederlagsfritt, så eg har
inga økonomisk interesse av arbeidet.
Men eg har kunnskapsmessig
utbytte av det, om dagens
verd. Det er god forteneste! Den
fortenesta kan dei som les Friheten
gjerne la andre få del i gjennom
å få folk til å tinge avisa. Og
for dei som les litt innvikla engelsk
er ei tinging på Monthly
Review sjølvsagd! Tingingsprisen
for eit år vil i Noreg vere 37
dollar, for studentar, pensjonistar
og folk med låg inntekt 28 dollar.
Det gjev mykje “hard” kunnskapsvaluta
for dollaren. Det er
også høve til å betale meir, og då
få bokkatalogen til Monthly
Review Press, eller støtte magasinet
økonomisk på andre måtar.
Sjølvsagd er det råd å lese tidsskriftet
på nettstaden deira. Men
dei er heilt avhengige av fleire
tingarar. Det handlar om USAs
viktigaste opposisjonelle tidskrift,
med elendig økonomi.
Adresse: MONTHLY REVIEW,
122 WEST 27th STREET, NEW
YORK, NY 10001, USA. Telefon:
(001) (212) 691 - 2555.
Epost: mrsub@monthlyreview.org

|