Bjørnsons synderegister |
|
|
Vurderinger (0) | Treff (1731) | Kommentarer (0) | Favoritter (0) |
| Skrevet av Friheten Vis alle artiklene til denne skribenten (1256) | |
| Kategori: (2010) | |
| lørdag, 19 juni 2010 |
(Nr 13 - 2010) Det offisielle Noreg har ein tått til å feira seg sjølv gjennom store nordmenn. Difor er det ikkje grenser for feiring av kunstnarar som framleis er litt kjende i utlandet; Ibsen, Munch, Hamsun og Grieg. Gjennom desse store nordmenn kjem Noway på verdskartet, og utlendingar vert merksame på kor omframme vi er.
Av Olav H. Aarrestad
I år er det 100 år sidan Bjørnson døydde. Det slutt på interessa i utlandet for mannen, skodespela hans vert aldri spela utanfor Norway, og svært få har interesse av bondeforteljingane og romanane hans, difor vert feiringa av Bjørsnon heller laber – når ein ser bort i fra at NRK drog han fram i høve 17. mai.
Diktarar som er store i eigne augo, er sjeldan særleg sympatiske, eller rettare dei har mange negative sider. Bjørnson var ikkje noko unntak. På mange vis var han småskoren. Verda var delt i to; dei som totte Bjørnson var ein stor mann og ein stor diktar, og dei som var urettvise mot Bjørnson.
Andsynes dei siste synte Bjørnson korkje forståing eller storsinn, og det kunne gjelda også på det reint private planet.
Bjørnson var klassekamerat av den 10 år eldre Vinje på Heltbergs private skule og hadde vel sans for hans evner og orginalitet den gongen. Men Vinje var ein streng kritikar som ikkje let seg forføra av patos og/eller falsk romantikk. Difor sette han meir pris på klassisisten Welhaven enn innfallspoeten Wergeland. Vinje som kom frå fattige kår og kjende den norske bonden ut og inn, hadde lite til overs for Bjørnsons bondeforteljingar – Det dreidde seg om sundagsbønder og ei form for pastisjdikting, skreiv han i omtale av dei. Truleg har Bjørnson aldri tilgjevi Vinje denne kritikken, og i alle dei åra Vinje hadde det vanskeleg - det galdt stort sett fram til han døydde - er det ingen ting som tyder på at Bjørnson strekte ut ei hjelpande hand, ikkje så mykje som tinga på bladet Dølen.
|
Stikkord: bjørnson (1) |
| Siste oppdatering (lørdag, 19 juni 2010) |
Det fins ingen kommentarer for dette elementet
Bli den første til å kommentere
Annonsere | Abonnere | Gi bort Friheten | Gi et pengebidrag | Kontakter | Ansvar | Betaling | Om nett | Om Friheten | Send inn innlegg | Tilbakemelding
![]() KOMMUNISTISK AVISUtkommet siden den ble grunnlagt illegalt i 1941På nett siden 1997 |
ANSVARLIG NETTREDAKTØR: Petter Konrad Sandvik Avisa Friheten Nett. Her finner du stoff papiravisa Friheten, og egenprodusert stoff for nettutgaven. Vil du lese mer kan du abonnere på avisa. |
SEKSJONER & SPALTER:
|
Følg Friheten: Forsidene |
Facebook |
Twitter |
Flickr |
Origo |
Wikipedia |
RSS | Atom |
BuyAndRead |
Nyhetsbrev |
NKP