Vi som aldri har elska ”våre vener” |
|
|
Vurderinger (1) | Treff (1577) | Kommentarer (0) | Favoritter (0) |
| Skrevet av Friheten Vis alle artiklene til denne skribenten (1256) | |
| Kategori: (2010) | |
| mandag, 05 juli 2010 |
(Nr 14 - 2010) Vi les i VG (3.6.) at visepresidenten i Sambandsstatane (Ss), Joe Biden, hevdar at Israel har rett til å borda skip på veg til Gaza som eit tiltak for å hindra våpensmugling.
Av Olav H. Aarrestad
Av lesarinnlegg i norske aviser skjønar vi at talet korkje på Israel- eller Ss-vener ser ut til å ha minka monaleg etter den israelske piratverksemda mot sivile farty i internasjonalt farvatn (31.5.). Eller er det slik at Aftenposten et co. plukkar ut like mange pro- som kontrainnlegg for balansens skuld?
I alle høve, vi kjem i tankar om Pavlovs refleks. Mon tru det ikkje skulle vera slik at norske born og unge vert ala opp til å identifisera seg med jødar (les Israel) og den angloamerikanske kulturen frå barnsbein av? At dei nærast reagerer på (sjølvforsvars)refleks kvar einaste gong Ss eller Israel gjer brotsverk mot andre land og folk.
Det er eit paradoks at eit tiltak som kallar seg ”De hvite bussene”, ser som sitt viktigaste føremål å poda inn i norske skuleungdomar empati med jødar og i neste hand med Israel. Dei verkeleg kvite bussane var noko den svenske humanisten Folke Bernadotte fekk til for å frakta skandinavar ut av tyske konsentrasjonslæger jamvel før krigen var slutt. Sjølv vart han drepen av israelske (halvoffisielle) terroristar i 1948 då han var SNs utsending i Palestina. Han var ein upartisk oppmann og favoriserte ikkje sionistane.
Så lenge dei som driv hvite-buss-tiltaket, ikkje skil klart mellom jødedom, sionisme og Israel, skapar det lett forvirring i norske hjerner. Norwegians skjønar ikkje at ein godt kan vera antisionist og svært kritisk til Israel utan å vera eit dårleg menneske. Noko heilt anna er å tala eller skriva nedsetjande om jødar, då er ein rasist. Ein burde helst ikkje nytta ordet antisemitt, for den absolutt største gruppa semittar er arabarane. Såleis finst det langt fleire antisemittar i Europa og Ss enn ein til vanleg reknar med.... Dei fleste som kristiserer muslimar for dette og hint, løyner i røynda sine antisemittiske (antiarabiske) haldningar bak kritikk av islam og kledeplagg.
|
Stikkord: usa (1) , aftenposten (1) , avis (1) , vg (1) , verdens gang (1) , ss (1) , sambandsstatane (1) , sambandsstatene (1) |
| Siste oppdatering (mandag, 05 juli 2010) |
Det fins ingen kommentarer for dette elementet
Bli den første til å kommentere
Annonsere | Abonnere | Gi bort Friheten | Gi et pengebidrag | Kontakter | Ansvar | Betaling | Om nett | Om Friheten | Send inn innlegg | Tilbakemelding
![]() KOMMUNISTISK AVISUtkommet siden den ble grunnlagt illegalt i 1941På nett siden 1997 |
ANSVARLIG NETTREDAKTØR: Petter Konrad Sandvik Avisa Friheten Nett. Her finner du stoff papiravisa Friheten, og egenprodusert stoff for nettutgaven. Vil du lese mer kan du abonnere på avisa. |
SEKSJONER & SPALTER:
|
Følg Friheten: Forsidene |
Facebook |
Twitter |
Flickr |
Origo |
Wikipedia |
RSS | Atom |
BuyAndRead |
Nyhetsbrev |
NKP