|

Marokko og
medialakeiane
deira
Nok ei gong prøver marokkanske
styresmakter og
«deira media» å så tvil om
Vest-Sahara og deira folk.
Av Ivar Jørdre,
Vest-Sahara aktivist
Men problemet deira er at fleire
og fleire organisasjonar og
enkeltpersonar internasjonalt
ikkje trur på løgnene lenger,
då i tillegg til dei som alldri har
gjort det. Diverre trur litt for
mange marokkanarar framleis på
dei offisielle versjonane.
Ein av dei viktigaste medspelarane
i spreiinga av desse løgnene,
er det offisielle marokkanske
nyhendebyrået MAP (Maghreb
Arab Press). Dei og andre
regjeringslydige media har i ei årrekke
spreidt usanningar om det
saharawiske folk og frigjeringsrørsla
POLISARIO. Av døme kan
nemnast:
At flyktningeleirane i ørkenen
på algersk side husar berre opp
mot 30 000 menneske (Dei sameinte
nasjonar sitt matvareprogram
har i sine rapportar over
155 000).
At dei saharawiske flyktningane
i det verkelege er marokkanske
gislar, haldne under eit åk av terror
(slikt påstår dei, endå internasjonale
organisasjonar og observatørar
har vore i flyktningeleirane
i 28 år, sidan Marokko
okkuperte Vest-Sahara i 1975).
At det ikkje finns slike ting som
ein saharawisk person, kultur eller
historie, det finns berre marokkansk
(kven trur eigentleg marokkanarane
at verda der ute vil tru
på, ein saharawiar eller ein
marokkanar, kor naiv eller dum
trur marokkanarane at verda er?).
Det siste framstøytet frå marokkansk
presse verkar råare og meir
utspekulert enn på lenge, om enn
meir klumsete framsett. Der
hevdar vekemagasinet Maroc-
Hebdo International at POLISARIO-
leiarar står bak eit utstrakt
sal av saharawiske ungar til eit (av
magasinet hevda) Cuba-basert
pedofilt nettverk.
Dei visar til og med til den franske
organisasjonen Enfants
Réfugiés du Monde (Organisasjon
for flyktningebarn i verda),
som tilsynelatande skal ha fordømt
handelen.
Men den kjende franske organisasjonen
har alt sendt eit
avstandstakande brev til magasinet,
der dei ber bladet klåre opp
saka i neste nummer. Den franske
organisasjonen visar til at ingen
slik handel finn stad og at
dette veit dei frå mange års arbeid,
ja, nettopp blandt saharawiske
barn. Synd for bladet og
dei andre lystløgnarane i marokkansk
politikk og presse.
Så lett
gjekk det ikkje denne gongen,
men det som skremer er det systematiske
skeivbilete som propagandaen
forar den ålmenne
marokkanar med. Men kor lenge
finn marokkanarane seg i dette,
og kor lenge skal vesten vende det
storpolitiske døve øyre til?

|