|
Løgn og sanning i Den kalde krigens tid

Ein gong var dei heltane til USA, dåverande USA-president Ronald Reagan og all verdas Afghanistan-komitear, og dei fekk 3 millionar Kalasjnikovar fra CIA.. |
Taliban, Al-Qaeda og annan “mujaheddin” fekk tre millionar Kalsjnikovar gratis av USA, i tillegg til tre milliardar dollar i kampen for Allah mot Den Store Satan i Kreml, til jubel frå president Reagan og heile “Den frie verda”. Spesielt “fritt og demokratisk” her var Saudi-Arabia og, som alt nemnd, Pakistan.
Av Kjell-Arnt Labukt
|
På TV-kanalen arte var der ei minnesamling og ein nekrolog over Anna Politkovskaja 11. 10. 06.
“Ekspertkommentatorar” her var ein filosofisk utforma hårfrisyre, også kjend under namnet Andre Glucksman. Der var også ein mannleg fransk reporter av det “grenselause” slaget, ein kvinneleg ARD-journalist, og så ein kvinneleg programleiar. Den filosofiske hårfrisyren her under namnet Andre Glucksman hadde vore mykje i Tsjetsjenia, hevda han. Likeins kjende han Anna Politkovskaja godt frå miljøet ved Radio Free Europe i Praha. Til dette miljøet høyrde også Vaclav Havel og polske “dissidentar,” som hårfrisyren sa. Altså hadde alle desse tilhald ved denne CIA-stasjonen i Praha, i lang tid. Programleiaren spurde det som var under hårfrisyren om der hadde vore nokon terrorisme i Tsjetsjenia før russiske styrkar byrja noverande okkupasjon av Tsjetsjenia. “Nei, så avgjort ikkje,” svara hårfrisyren.
Ei anna meining
John K. Cooley er av ei anna meining i boka Unholy Wars. Afghanistan, America and International Terrorism. Kart 2 framme i denne boka syner reiseruta til “fridomskjemparane,” som president Reagan kalla dei på 1980-talet. “CIAtrena gerilja,” som Cooley skriv. Same veg tok narkotikaen, som CIA lærde afghanske bønder å dyrke. Også dette er med på Kart 2 hos Cooley. Og ei av reiserutene gjekk nettopp frå Afghanistan til Tsjetsjenia, i 1989. Og sjølvsagd reiste CIA sine elevar frå madrasskolane i Pakistan, kjende som Taliban, også til Tsjetsjenia. Samstundes som Sovjetunionen gjekk i oppløysing, såg “fridomskjemparane” til president Reagan og Afghanistankomiteane i Europa høvet sitt i Tsjetsjenia. Så vidt elementær kunnskap manglar altså franske filosofar med frisyre. Høgremann Ingvald Godal har visst betre, som sentral i “Tsjetsjenias vener,” og som tidlegare NATO-offiser. Anna Politkovskaja tok seg fleire gonger inn i krigssona Tsjetsjenia under falsk identitet. Ho hadde fått drapstrugsmål og oppmodingar om å forlate Russland. Det som har gått føre i Tsjetsjenia har vore ein borgarkrig, delvis finansiert med wahhabit-pengar, delvis med amerikanske dollar. Wahhabitane og USAs leigesoldatar, Taliban, blei finansierte og opplærde av CIA i Pakistan frå 1980. 30 000 av dei var ikkje afghanarar, men kom frå andre område der islam dominerte, inkludert Kaukasus. Mot den store gudlause satan i Kreml. Sams fiende for islam, kristendomen, NATO og USA. Statsleiar i Pakistan i dette tidsrommet då “fridomskjemparar,” Taliban og grupperingar av same slaget blei til der, var militærdiktator Zia ul- Haq. Han var ein ekstremt fanatisk muslimsk fundamentalist, med sharialover, steining, henging, pisking, burka og massevaldtekter av “syndige” kvinner. Eit Islamat, med andre ord, eit ekstremt religiøst mannsdiktatur. Men altså tiljubla av feministar i AKP i Afghanistankomiteen. Og tiljubla av partileiinga i Høgre, Sp, Venstre, KrF, Frp og einskilde politiske idiotar også frå Ap og SV. Profilert medlem i Afghanistankomiteen var fast tilsett NRK-kommentator og høgremann Ivar Eskeland. Dette blei nemnd i ein nekrolog Lars Roar Langslet skreiv om sin politiske meiningsfelle Ivar Eskeland i Dag og Tid.
3 millionar Kalasjnikovar
Taliban, Al-Qaeda og annan “mujaheddin” fekk tre millionar Kalsjnikovar gratis av USA, i tillegg til tre milliardar dollar i kampen for Allah mot Den Store Satan i Kreml, til jubel frå president Reagan og heile “Den frie verda”. Spesielt “fritt og demokratisk” her var Saudi-Arabia og, som alt nemnd, Pakistan. CIA var sams koordinator her, men Usama bin Laden fekk sjølv føre kommandoen over Al-Qaeda. Jamfør Gilbert Achcar: The Clash of Barbarisms. Sept 11 and the Making of the New World Disorder, og ein dokumenttar om CIA på tysk TV 16.8.06. CIA står framleis høgt i kurs i Klassekampen. Om det er av takksemd for hopehavet med CIA i Afghanistan og elles, veit ikkje eg. Men på reportasjeturen sin i Iran nyleg nytta Åse Brandvold CIA som informasjonskjelde om dagens Iran i Klassekampen. Vel, storparten av tyskarar trudde også på nazitysk Wochenschau frå Austfronten ved årsskiftet 1941/42. Vi får vone at Klassekampens lesarar er betre underretta her enn den utsende reporter Åse Brandvold. Elles var det Stingerrakettane som avgjorde “utfallet” i Afghanistan. Dei sovjetiske militære leiarane ville ha 30- 40 divisjonar for å gå inn i Afghanistan. Dei fekk berre 3-4 divisjonar. Den politiske leiinga i Kreml ville berre markere lokal støtte til det som i 1979 såg ut som ein lokal borgarkrig i Afghanistan. Som Noam Chomsky skriv i Hegemony Or Survival nøla den politiske leiinga i Kreml lenge med å sende militære styrkar inn i Afghanistan. I tillegg blei sovjetleiarane “narra,” her. Av talrike amerikanske spionstasjonar monterte i Afghanistan. Og av intens “informasjonsverksemd” i regi av CIA, både innan- og utanfor Afghanistan. Vestleg etterretning visste at Bresjnevs helse var skrantande på slutten av 1970-talet. Faktisk bad Bresjnev politbyrået og leiande personar innan SUKP om å få gå av som partisekretær tre-fire år før han døydde. Dette blei både sagd og synt i ein russisk dokumentar på TV-kanalen PTP Planeta i høve hundreårsdagen for Brezjnevs fødsel, i desember 2006. Politbyrået i Kreml nekta å etterkome kravet frå Bresjnev. Grupper i SUKP-leiinga frykta uro både i Sovjetunionen og elles i “verda”, dersom Bresjnev gjekk av som partisekretær, på grunn av sjukdom. Det var ei fatal feilvurdering, er det lett å innsjå i dag. Særleg problema i sovjetøkonomien voks ut av kontroll, fordi partileiinga var de facto lamma frå 1977 av. Andropov rakk ikkje å gjere stort som partileiar. Tsjernenko var i så elendig helsetilstand at han måtte berast frå stol til stol, eller frå stolen til senga. Dette siste skriv Raymond L. Garthoff i The Great Transistion. American-Soviet Relations and the End of the Cold War. Elles blei Bresjnev framstilla som ein godlynt, velmeinande, pliktoppfyllande, men helsesvekka mann, i denne russiske dokumenttaren, produsert i Russland i år 2006. Innmarsjen i Afghanistan blei det mest avgjerande Imperial Overstrech for Sovjetunionens eksistens. Politikarane tok ikkje omsyn til kva dei militære leiarane sa, og det synte seg fatalt. Dei militære leiarane ville ikkje gå inn i Afghanistan i det heile, men tryggje Sovjetunionens grenser mot Kina, Afghanistan, Iran og Tyrkia. Det var forsvarsminister Ustinov som avgjorde at sovjetiske styrkar skulle gje konkret hjelp, sidan afghanske støttespelarar bad om det. Elles har det aldri funnest nokon “Bresjnev-doktrine.” Dette var eit vestleg propagandapåfunn under Den kalde krigen. Dette skriv amerikanarane Raymond L. Garthoff og Andrew J. Bacevich. Dei reformene som Gorbatsjov freista gjennomføre kom i skuggen av Afghanistan. Samstundes blei Sovjetunionen sett under massiv destabilisering frå USA/NATO, både inne på sovjetisk område og i alle Warszawapakt-land. Bob Woodward har skrive om nett det. Det same har Raymond Garthoff, Gregory Mitrovic, Christopher Andrew, Bennett Kovrig, Ola Tunander og fleire.
Natos ubåtar
Med utgangspunkt i Ola Tunander: The Secret War Against Sweden. US and British Submarine Deception in the 1980s har tyske 2DF laga ein dokumentarfilm. Denne dokumentarfilmen syner den massive provokasjonen USA og Storbritannia dreiv gjennom ubåtkrigen mot Sverige på 1980-talet. Svensk og amerikansk/britisk militær overkommando samarbeidde her for å skape panikkstemning i Sverige og hat mot Sovjet og mistru til Oluf Palme sin freistnad på å dempe Den “andre” kalde krigen i Europa. Mellom det som kosta Oluf Palme livet, var at han offentleg sa at det ikkje var sovjetiske ubåtar som kosa seg i skjergarden nær Stockholm, medan han samstundes var statsminister. I første omgang lukkast svensk, britisk og amerikansk militærleiing. No er “backlash” komen her. Den ovan nemnde boka til Tunander kom i 2004. Denne dokumenttaren var ferdigprodusert i 2006, og har vore synt i Sverige og på tysk TV. Filmen har verka med til ei tydeleg haldningsendring andsynes USA i Sverige. Berre 17 % av svenskane har i dag eit fordelaktig inntrykk av USA. I Noreg pressa Reagan-administrasjonen norske regjeringar på 1980-talet til å øydeleggje liv og helse til norske Nordsjødykkarar ved å sende dykkarane ned på djup dei korkje hadde trening eller utstyr for. Føremålet her var å få mest mogleg olje i handelen, slik at oljeprisane blei låge, og økonomien i Sovjet tilsvarande undergraven. 1980-talet var som kjent eit tiår med oljepris på rundt 10 dollar fatet. Tidlegare Nordsjødykkarar freistar no få økonomisk erstatning for øydelagd helse under arbeidsvilkår som både oljeselskapa og norske regjeringar visste var livsfarlege og helseøydeleggjande. Dette blir inga mediesak, slik Orderud - Mullah Krekar - og Nokas-føljetongane har vore i NRK. Dokumenta om korleis norske regjeringar tok livet av norske oljedykkarar eller øydela helsa deira, etter press frå president Reagan-administrasjonen, er nemleg graderte i 80 år. Men eg vil råde alle lisensbetalarar til NRK å forlange at også NRK syner den filmdokumenttaren som tyske 2DF er hovudansvarleg for. Då NATO-ubåtar leika seg i svenske “fjärdar och sund,” koka norske media av opphissing over “sovjetiske ubåtar i svensk skjergard.” I særleg grad er NRK forplikta her, etter å ha servert det norske folk timevis med lisensfinansiert løgn, også ved dette høvet. Det var utelukkande NATO-ubåtar som var i svensk skjergard på 1980-talet. Det galdt også “”Whisky” on the Rocks,” til Harald Heide Steen. Amerikanarane har vore velsigna fritalande i militære spørsmål. Og i triumf over å ha “vunne” Den kalde krigen var Caspar Weinberger alt 7. mars år 2000 fritalande nok til at svenskane forstod at NATO hadde vitja den svenske skjergarden på 1980-talet. Weinberger uttala seg nokså ope i eit intervju på svensk TV 2, denne aktuelle datoen. Så ope at svenskane forstod at amerikanarane hadde drive regelrett ap med dei på 1980- talet. Reaksjonen mellom svenskane her kom i form av regelrett avskyhaldning andsynes USA. I tillegg verkar den noverande USA-leia djevelskapen i Irak og Afghanistan også med. I den ovan nemnde boka av Ola Tunander har forfattaren med korleis mediedekninga av den “sovjetiske” ubåtinvasjonen i den svenske skjergarden påverka svenskanes utanrikspolitiske innstilling. Svenske storaviser og svenske politikarar intervjua på svensk TV trudde, eller ville tru, at NATO-ubåtane som leika seg i fjæresteinane i Sverige var “sovjetiske”. På stutt tid svinga haldninga hos svenskane til å bli sterkt negativ andsynes Sovjet, som følgje av svenske media si framstilling her. Eitt mediedøme her: Omgrepa ekstremver og menneskeskapt klimaendring er fullstendig fråverande i norske media. Altså eksisterer dei ikkje. Her serverer alt av norske media Frp-varianten: Menneskeskapt klimaendring er “ein teori.” Rettare sagd: Ikkje det blir ein gong nemnd. Vi høyrer og les berre at det er mildt og fritt for snø, for årstida. Ikkje minst gjeld dette NRK, der folk er tvinga til å betale lisens for å få Frp-varianten som “informasjon”. Les: Mangel på informasjon. Faktisk gjev Frp meir informasjon her, sidan menneskeskapt klimaendring i det minste er ein teori, hos Eplekongen Sankt Carl Ivar i Edens Hage! (Jamfør det freistande Edens eple på trøyekragane i Frp).
(Framhald)
 
|