Grunnlagt illegalt i 1941


Løgn og sanning i Den kalde krigens tid III:
Bisarre professorvariantar og løgnene deira


Hans Fredrik Dahl utropar David Irving og Josef Göbbels til «store historikarar», medan Bernt Hagtvet serverer sine CIA-inspirerte løgner om Sovjetunionen i det gamle naziorganet Aftenposten. Biletet syner napalmbomber brukte i eitt av USA mange gløymde Holocaust: Vietnam.

Desse “grenselause” franske reporterane har så lang synt seg svært så avgrensa: Cuba, stort sett. I Kina slepp dei ikkje inn. Det er det stilt om. Derfor “demokrati?”


Av Kjell-Arnt Labukt

Helsingforskomiteen har hovudsetet i USA, ikkje i Finland. Denne amerikanske “menneskerettskomiteen” har hopehav med utanriksdepartementet. Og var med då Det norske utanriksdepartementet var på offisiell vitjing i Kina sommaren 2006. Ved det høvet var det ein stutt debatt mellom Petter Eide i Amnesty International, i Dagsnytt 18, NRK, og Bjørn Engesland i Helsingforskomiteen. Med all rett kritiserte Petter Eide at Helsingforskomiteen, forkjempar for “menneskerettar,” vitja Kina. Amnesty International er nekta tilgang til Kina.
Du skulle til Kina for å “påverke Kina i riktig retning,” Bjørn Engesland i Helsingforskomiteen, som du sa. Kva fekk du gjort i så måte? Fekk du sjå dei slaveverksemdene der kinesiske barn og unge kvinner arbeider døgeret rundt, for Walt Disney-konsernet? Så er nemleg tilfelle. Og Disney, som det børsnoterte selskapet her heiter, går jamt med “grøne” og fagre børstal. Slaveriet er vel noko av det første vi bør ta tak i når vi snakkar om menneskeretter? Slaveriet i Kina no! Dette gjev sæle for europeiske, amerikanske, japanske og nokre asiatiske aksjeeigarar i Walt Disney. Menneskerettane? Men det er altså menneskerettane i Russland som opptek media, for tida. Så langt har eg ikkje høyrt at du, Berit Lindemann i Helsingforskomiteen, har nemnd drapa på dei usbekiske og turkmenske CIA-tilsette ved Radio Free Europe i Praha. Kvifor ikkje? Har vi her å gjere med to ulike definisjonar av “Europa”? Helsingforskomiteen har i alle høve kjennskap til at Radio Free Europe er leia av CIA. I Appendix I side 452/53 i boka Killing Hope. US Military & CIA Interventions since World War II nyttar forfattaren, William Blum, overskrifta This is How The Money Goes Round. Dollargalopp frå hopetal av Foundations, med CIA i Sentrum.
William Blum var den første som nytta uttrykket “American Holocaust.” Tilrådd “sjokkterapi” her: Steve Kangas: A Timeline of CIA Atrocities. “Holocaust” fordi desse “CIA Atrocities” også har kosta 6 millionar liv. Og CIA har vore innblanda i Tsjetsjenia. M. a. både som dollarsponsor og propagandakanal. Inneverande år har den militærpolitiske leiaren ved RAND, James Dobbins, skrive artiklar om følgjande emne: USA må kome til forlik med Iran, “however unsavoury” regimet i Iran måtte vere. I artiklane påpeika James Dobbins at USA hadde vore ven, og framleis var ven med like “unsavoury” regime som noverande prestestyre i Iran. Mellom dei døma James Dobbins gav i så måte på regime USA applauderer, var noverande amerikanske omfemning av Gaddafi i Libya, Cia-ul Haq i Pakistan og, nettopp, “terroristane i Tsjetsjenia,” som James Dobbins skreiv. Han skreiv vidare at den amerikanske støtta til tsjetsjenske terroristar måtte innstillast straks. Det den militærpolitiske leiaren i sjølvaste RAND rår til, blir oftast lyda til både i Pentagon og på Capitol Hill. Fiaskoen for republikanarane ved mellomvalet i november 2006 verka truleg avgjerande med til at strategien til James Dobbins no blir vurdert, også i Det kvite hus. Jamfør at President Bush faktisk offentleg har nemnd amerikansk samarbeid med Syria og Iran, som ein utveg. Plent så tilrådde James Dobbins, militærpolitisk leiar ved RAND. Kva som kjem ut av det, er likevel uråd å vite. Donald Rumsfeld sender soldatar til Afrika. Der er USA/NATOs tidlegare Talibanallierte “ulydige”, i Somalia, Sudan og elles. Og kinesarane tek for seg meir og meir av råvarene i Afrika. Det “media” ikkje fortel er at USA alt har utstasjonert militære styrkar i Afrika. I Kenya i lag med britane. I Djibouti i lag med franskmennene. Og nett no fungerer dei kristne etiopiarane som leigesoldatar primært for USA i Somalia. Crusade in Europe. Krossferd i Europa. Så var tittelen på dei memoarane president Eisenhower skreiv om opphaldet sitt i Europa. Det amerikanske evangeliske kristenhøgre fører krossferd mot alle vantru: Kommunistar, terroristar, ekstremistar og dei villfarne i trua. Nokre amerikanske og europeiske katolikkar tek også del i pågåande rettleiing av dei villfarne. Historieprofessor Richard J. Evans la fram den dokumentasjonen som prova at David Irving var ein løgnar, i rettssaka Holocaustfornektar Irving tok ut mot Deborah Lipstadt, som nettopp kalla David Irving ein løgnar. Faktisk meir innvikla å prove enn ein skulle tru. At Hans Fredrik Dahl har kalla David Irving og Joseph Goebbels “store historikarar,” fortel ein del om “det norske nivået,” her. Hans Fredrik Dahl er nemleg ikkje åleine, som norsk ignorant, om nyare verdshistorie. Spesielt gjeld dette sentrale historiske hendingar knytte til Den kalde krigen. Dette emnet kallar nærmast automatisk på “sterke kjensler,” også hos “professorar”. Dermed er det reptilhjernen som blir aktivert, ikkje den sunne, skeptiske, kritiske sans. Richard J. Evans har skrive ein kommentar til “Der deutsche Historikerstreit,” Im Hitler’s Schatten? I denne boka set Evans talet til dei som strauk med i Stalins GULag til mellom 2,5 og 3,5 millionar. Altså har CIA fullstendig “utkonkurrert” Stalin, her. Eg veit at talet “20 millionar” framleis verserer her. Dette er løgn, eller triksing med kjeldemateriale. Evans skriv uttrykkjeleg at tosifra milliontal er 100 % utelukka. Kunne du tenkje deg å prove at David Irving var ein djevelsk utspekulert løgnar, slik Richard J. Evans gjorde her, Buddy Bernt (Hagtvet)? Eller andre tilsette i Dag og Tid, Humanist, VG, Klassekampen og Aftenposten? David Irving var på vitjing hos rasefrendane sine i Austerrike, blei arrestert, og så sett laus av dei same rasefrendane sine. I tredje delen av verket om Das Dritte Reich vil forfattaren, Richard J. Evans, også illustrere korleis nazismen overlevde Andre verdskrig, og framleis har avleggjarar. I tre bøker har Tom Bowrer illustrert den absolutte kynisme og nihilisme som særleg dei “demokratiske” sigermaktene synte mot slutten av Andre verdskrig og like etterpå. Frankrike, Storbritannia og USA profitterte grovt i militær etterretning og militærteknologi på å take i bruk glødande nazistar, som sine medarbeidarar etter krigsslutt. Bøkene til Tom Bowrer er 1: Klaus Barbie: The Butcher of Lyon. 2: The Paperclip Conspiracy. The Battle For The Spoils And Secrets Of Nazi Germany. 3: Blind Eye to Murder. Denne siste boka kom ut i eit tredje opplag i 1997. Andre verdskrig var meir enn jødeutrydding. Han pregar det geopolitiske maktmønsteret framleis. NATO blei “fødd” av Andre verdskrig, og skulle vel vere aktuell i høgste grad. Om tre-fire år skal heile Europa vestafor Russland/ Kviterussland/Ukraina vere med i NATO. Tyrkia kom ikkje inn i EU, men har alt lang tid i NATO. Og NATO har inga “utvidingsgrense” sør og austover i Midt-Austen og Asia. Aktiv CIA-agent Robert Conquest starta i si tid med “60 millionar” GULag-offer. (For Conquest: Jamfør Frances Stonor Saunders: Who Paid The Piper. The CIA And The Cultural Cold War.) Deretter justerte Conquest seg sjølv ned til 40 millionar. Hos Anne Applebaum og fleire har nedjusteringa nådd 20 millionar.
Dei to mest bisarre professorvariantane rundt “historie” her til lands, må vere Hans Fredrik Dahl og Bernt Hagtvet. I fullt alvor, Hagtvet om Hitler: Heltemodig humanist og forsvarar av kristendom, sivilisasjon, liberalisme, kultur og fritt næringsliv, nøgde seg med 21 millionar i sin sjølvoppofrande Kampf gegen den Marxismus! Styggingen Stalin, med sin barbarisches, bolschewistisches Judentum und mörderische Horden aus Asien utrydda sjølvsagd 43 millionar. Dette skreiv Buddy Bernt (Hagtvet) i Aftenposten 13. januar 2004. Og ingen fekk lov å korrigere Buddy Bernt i det tidlegare “NS-organet Aftenposten,” som det konsekvent heiter hos Tore Pryser: Hitlers Hemmelige Agenter. Tysk Etterretning i Norge 1939-1945. Ei bok som er sterkt å tilrå. Altså har ikkje Andre verdskrig funne stad, i det heile. Nazi-Tyskland kan ikkje ha teke del, i alle fall. Talet 60 millionar falne og Nazi-tysk verksemd under Andre verdskrig er ein konspirasjon, forstår eg, sett i verk av Kreml og deira femtekolonistar. Sidan eg ikkje er psykiater, anar eg ikkje om Buddy Bernt treng “kjemisk lobotomering,” elektrosjokk eller berre samtaleterapi. Psykoanalyse, kan hende? Vonde draumar, Buddy Bernt? Her må du særleg akte deg for synåler, knapp-hol, nøklehol, stikkontaktar og andre symbol for libidinøse og ødipale forvirringar. Jamfør S. Freud Draumdeutung. Det filosofiske djupsinn hos “Den filosofiske hårfrisyren” (Glucksman) tilseier at han fullt ut støttar NATOs kamp mot at “Islam erobrar heile verda,” frå Afghanistan, Irak Somalia, Iran, Syria og Palestina. Noreg er som kjend med i kampen mot “Verdsterrorismen,” fordi våre tidlegare allierte i Afghanistan, Taliban, no har funne ut at dei skal gjere heile kloten Tellus til eit Islamat! No har filosofisk hårfrisyre Andre Glucksmann med seg berre 3 % av folket i Frankrike, i dette synet. Men han vil altså ha eit Islamat i Kaukasus. Det skulle også omfemne Tsjetsjenia, ville Shamil Basajev, før han pardiserte til jomfruer i skyene over Kaukasus. Prosenttalet i Noreg som fryktar muslimsk verdsovertaking er truleg tosifra. Familien Kari og Ola Holmgang-Se og Hør nyttar i tillegg NRK, tilsvarande grannekanalar, og kjøper VG. Den faste ekspertkommentatoren i NRK om Allahs verdserobring, Per Sandberg, Frp, er nyss dømd til fengselsstraff for brot på fartsreglane under bilkøyring. I tillegg har han snøvla i fylla på Stortingets talarstol. I protest mot høge sprit- og bensinprisar i Statsdiktaturet Noreg? Sivil ulydnad, Per Sandberg? Kåre Willoch ville ikkje ha meir rovdyrkapitalisme, som han sa, og melde seg ut av Høgre. Det er den heiderlegaste handling eg kjenner av ein nolevande norsk politikar.
Dermed “melde Willoch seg også ut av NRK.” Før han nytta omgrepet rovdyrkapitalisme og framleis var høgremann, var Willoch fast inventar i Dagsnytt 18, NRK. No er han blitt persona non grata i NRK. Ikkje uventa! På Debattsida i Klassekampen 8. desember 2006 får Allah og salig Paradis- og jomfruerotikar Shamil Basajev med kompani støtte frå Kjell Olaf Jensen. Denne støttespelaren til eit Islamat i Kaukasus, Kjell Olaf Jensen, titulerer seg mellom anna med P.E.N. Det er ikkje vanleg å nytte punktum i denne samanhengen. Men Allahforkjempar for Tsjetsjenia, Kjell Olaf Jensen, fryktar kan hende forveksling av det danske ordet pen, som kan gje mistydingar. I den ovan nemnde boka av Frances Stonor Saunders om “Den kulturelle greina av CIA,” finn Kjell Olaf Jensen eit kapittel som heiter “Pen Friends.” Det gjeld den såkalla PEN-klubben, som var og er meir og mindre kontrollert av CIA. Det du legg fram i Klassekampen kan gjerne vere ein CIA-variant av dagens Russland. Eg påstår ikkje dermed at du er nokon betalt CIAagent, Kjell Olaf Jensen, titulert P.E.N. Forstår du ikkje at du legg fram ein CIA-variant i Klassekampen om Putin-regimet i Russland, Kjell Olaf Jensen, er du ein naiv tosk. Du er ein “naiv tosk” til dei grader at du tydelegvis ikkje veit at både CIA og Mossad avrettar folk på grunnlag av mistanke, som du gjev som døme på russisk barbari i Klassekampen 8. desember 2006. CIA og Mossad opererer over heile kloten og syt for at uønska personar forsvinn, dagleg. Jamfør Lillehammer-drapet i Noreg.
Dette gjer elles etterretningstenestene i mange land, særleg har dette vore praksis hos våre vener i Tyrkia, alle USA og NATOs allierte i heile Midt-Austen, Asia, Afrika, og inntil nyleg spesielt i Latin-Amerika. I tilfellet Anna Politkovskaja var det snakk om visse, ikkje “mistanke.” Kollaboratørar for motparten i ein borgarkrig blir likviderte, det er regelen, Kjell Olaf Jensen! Anna Politkovskaja var ein slik kollaboratør. Kan du elles, Kjell Olaf Jensen, gje døme på det du og andre PEN(e) har utretta for president Mossadeq, som blei styrta av CIA i Iran? Til fordel for Påfugltroneshahen Reza Palavi, vestlege oljeinteresser og norske vekeblad! Kor mykje for opposisjonen i Spania under Franco, med sin amerikanske militærbase? For opposisjonen under Salazar i Portugal? For opposisjonen i Chile under Pinochet? CIA var sentral i kuppet mot Allende? Jamfør Kovel: Red Hunting in The Promised Land. CIA innsette Mobutu i Kongo som blei heitande Zaire, etter først å ha fått Lumumba myrda. Dette var med i TV-dokumentaren om Dag Hammaskjöld, synt på NRK. Kva har dei PEN(e) utretta ved slike høve? Eller Jonas Sawimbi i Angola, også innsett og løna av CIA? Og hundretal av same slaget? “PEN” reaksjon her? Det ville vere interessant å vite kva for andre land som har tilsvarande spesielle interesse for PEN(e) Kjell Olaf Jensen og likesinna, som det Russland har. “Overløparen” heitte det korrekt nok på tysk TV om Aleksander Litvinenko. Vidare hadde ein tysk ikkjekommersiell TV-kanal ei utgreiing om Litvinenko 9. desember 2006. Den som førte ordet her var ein tidlegare tysk BNDagent: Han sa at Litvinenko var kjøpt av britane og amerikanarane for “viele” = “mange” millionar dollar. Med i kjøpet var den klassiske ingrediensen, rikeleg tilgang på smukt kvinnekjøt, som den tidlegare BND-agenten sa. Litvinenko hadde også nytta mykje alkohol og narkotika dei fire åra i London, sa den tidlegare tyske agenten, vidare. Og sjølvsagd var Litvinenko pumpa for alt av informasjon av MI6 og CIA, som alltid samarbeider i slike tilfelle. Den tidlegare BND-agenten sa vidare at påstandane om at russiske FSB hadde noko å gjere med eksplosjonane i russiske bustadblokker var reint tull, og for etterretningsfolk eit tydeleg prov på ei løgn! Den løgna kolporterer du vidare, Kjell Olav Jensen. Til di orsaking kan seiast at du ingen ting veit her.

(Framhald)