USAs "fredsskaping"
i Sentral-Asia
|
|

Bandhund: Georgia er i dag i praksis eit CIA-diktatur, etter
at USA sytte for at Mikail Saakasjvili, utdanna i USA og med
amerikansk kone, vart president. Her med dåverande USAutanriksminister
Colin Powell. |
Av Kjell-Arnt Labukt
Tilhøvet Russland-Georgia har illustrert motsetninga
mellom Russland og USA/
NATO i Sentral-Asia og Europa.
I 1997 gjennomførde
USA/NATO den første av
årlege militærøvingar i
Sentral-Asia, der også sentralasiatiske land var med.
Desse øvingane blei kalla
“fredsskapande treningsopplegg.”
Jamfør her den pågåande
“fredsskapinga”
også i Irak og Afghanistan.
I 1997 tok Aserbajdsjan,
Georgia, Kasakhstan, Kirgistan,
Tyrkia og Usbekistan del
i denne NATO-leia fredsøvinga.
Føremålet var sjølvsagd
å få desse lenda med i ein
type militærallianse som sikra
vestleg dominans. Jamfør at
NATO-landet Tyrkia var med
og øva seg på fredsskaping.
I mai 2002 dreiv amerikanske
antiterror-styrkar opplæring
av georgiske militærstyrkar.
Det offentlege føremålet
var kamp mot terrorisme og
vern av oljerøyrleiinga Baku-
Tbilisi-Cheyan.
I november 2003 var tida
komen for at Kmara kunne
styrte “Sølvrev” Sjevardnadze,
til fordel for den USA-utdanna
Saakasjvili. Sjevardnadze var
for gammal og for mykje knytt
til SUKP til å eigne seg meir.
Heller ikkje hadde han amerikansk
kone, som Saakasjvili
hadde. Forsvarsminister Donald
Rumsfeld toga umiddelbart inn
i Tbilisi og forkynte demokratiets
erobring av Georgia. I tillegg,
sjølvsagd: Vedvarande
amerikansk-georgisk venskap
og militærsamarbeid.
I januar 2004 tok utanriksminister
Colin Powell del
i den offisielle innsetjinga av
Mikhail Saakasjvili. I tidsrommet
1994-2004 hadde USA
forsynt Georgia med 1,3 milliardar
dollar “i gåver”. Dei 5
millionane som budde i Georgia
merka neppe stort til “gåverikdomen”,
ut over det å bli
amerikaniserte og dermed “demokratiserte,”
på medievis og
av Coca Cola og Mac Donalds.
I februar 2002 hadde amerikanske
militærinstruktørar
teke til med å øve opp georgiske
militærstyrkar, “fullt
offentleg”. Kremls svar i desember
2003 var å uttrykkje
støtte til Sør-Ossetia og Abkhasia.
Leiarskapen i Kreml
gav også offentleg kritikk av
amerikansk innblanding i
Russlands grenseområde i
Kaukasus. Alt i mai år 2000
hadde Andreij Urnov ved Det
russiske utanriksdepartementet
sagd dette: “Ingen bør
bli forundra over at Russland
kjem til å motsetje seg freistnader
på å trengje seg inn på
russisk interesseområde.”
(Klare side 155).
Jamvel med fylliken Jeltsin
som president i Russland var
det USA-leia inntoget i Sentral-
Asia beinveges frekt. Dette
var ikkje berre tidlegare sovjetisk
område, få år attende i
tid. I den grad det hadde vore
nokon sentraladministrasjon
på 18- og 1900-talet i Sentral-
Asia, hadde den vore russisk.
I løpet av år 2005 og 2006
har Russland teke attende
mykje av den dominansen
USA og NATO freista opprette
i Sentral-Asia. Og då i
allianse med Kina. Altså er
ikkje Russland “demokrati”
i media lenger. Kina, derimot,
av alle, er det ikkje noko gale
å seie om.
I dei nemnde bøkene av
Michael Klare og Ian Rutledge
er dette poenget sjølvsagd:
Det er olje som er årsaka
til at Bush-Blair no driv
krig i Irak, Afghanistan eller
nærværet i Den eurasiske korridor.
Det burde vere like
sjølvsagde for alt av norske
media, som derimot lojalt
underkastar seg den amerikanske
statsløyndomen her.
Unnataka er Klassekampen
og Friheten.
Både Klare og Rutledge
skriv også at det er utenkjeleg
at USA vil gje slepp på oljeog
gassrikdomane i desse
områda. Persia-golfen er for
ein del av USA å rekne. Slik
gjengjev både Klare og Rutledge
amerikansk politikk i
dette området. Korleis Kina vil
nytte WTO etter 5 års “læretid”
er oppbrukt, står att å sjå.
 
|