«I oktober 1905 myrda “Dei svarte hundre” 1622 revolusjonære russarar, 711 av dei var
jødar. I høve til samla folketal var jødane sterkt overrepresenterte, her. Likeeins oppretta
ein medlem i tsarens Okhrana ei sterkt antisemittiske presse, lenge før Julius Streicher
byrja det halvpornografiske jødehatet i naziorganet Der Stürmer.»
Anti-semittisme, anti-bolsjevisme, overmennesketru og sosialdarwinisme
|
|
| I ein artikkelserie i Friheten
vil historikaren Kjell-Arnt Labukt ta føre seg røtene til
nazismen, som på inge måte
var eit reint tysk fenomen. |

Rasistisk jødehat var utbreidd i borgarlege, religiøse og tsaristiske krinsar over heile Europa, og det slo ofte ut i pogromar. Sosialistane fekk slutt på det, og jødane støtta difor heilhjarta opp om den russiske revolusjonen. Denne teikninga vart trykt i The Illustrated London News 18. juni 1881, og viser i følge biletteksten russiske liberalarar som intervjuar jødar i Kiev som nyleg er blitt utsette for ein 4 dagars pogrom utan at politiet greip inn. |
Av Kjell-Arnt Labukt
Polske prinsar og fyrstar
heldt til i London og Paris.
Dei trong dei lese-, rekne- og
skrivekyndige jødane som
innkrevjarar av jordleige frå
bøndene i Polen og Ukraina.
Den første store jødekolonien
i dette området låg i Krakow.
Jødane etablerte seg også
snøgt i Praha.
Bøndene i Polen og Ukraina
måtte betale tredjeperten av
avlinga i skatt til dei polsk/litauiske
fyrstane og landeigarane.
Arbeidet som skatteoppkrevjarar
var det jødane
som stod for. Misnøya med
dette høge skattetrykket retta
seg mot jøden som skatteinnkrevjar,
og ikkje mot ein fjern
fyrste som bøndene i Ukraina
aldri hadde sett.
Kosakkane såg på jødane
som Jesu drapsmenn og Satan
sitt griske pakk, som plyndra
ukrainske bønder. På 1600-talet
slutta dei seg derfor saman
med ukrainske bønder i eit
opprør mot jødane som kosta
100 000 tusen jødar livet. Leiaren
for oppstanden var Hetman
Bogdan Khmelnitskij, “Kosakkongen”
i Ukraina.
Nokre jødar flykta så frå
Aust-Europa til Amsterdam,
som på 1600 talet var sjølve
Verdsbyen i Europa. Her fekk
dei arbeid i handel og finansar
i det dåverande hollandske
handelsimperiet, som rakk frå
Søraust-Asia til Nord- og Sør-
Amerika, til Russland og
Skandinavia. Jødane i Amsterdam
spesialiserte seg til dømes
på arbeid med gull og diamantar,
og fleire jødiske familiar
blei svært rike. Dugleik i handverk,
språkkunnskapar og
finansar blei eit jødisk særmerke.
Jødane hadde ein
gamal skriftkultur og var leseog
skrivekyndige i eit hav av
europeisk analfabetisme og
absurd overtru.
På 1600- og 1700-talet fekk
vi dei såkalla Hofjuden i Europa.
Dei var tilsette ved
fyrstehoff, og fungerte både
som finansrådgjevarar og
diplomatar for sin fyrste.
Med Polens endelikt sist på
1700-talet kom jødane i Aust-
Europa i stor grad under Tsarveldet.
På 1800 talet heldt russiske
jødar til i Pale-området,
som var ei brei landstripe frå
inst i Finskebukta og Austersjøen,
og som gjekk i søraustleg
retning mot Svartehavet.
Jødane i Pale-området fekk
berre drive handverk og småhandel.
Dei budde i sine Shtetl,
landsbyar åtskilde frå andre etniske
grupper. Men der blei
også koloniar av jødar i dei
større byane i Pale-området,
som Riga, Minsk, Kiev og
Odessa. Dei snakka jiddish,
praktiserte sin religion og sine
skikkar. Og dei lærde seg så
mykje russisk at dei slapp å bli
oppjulte av lokale bønder og
tsarembetsmenn, ved alle
høve. Med unntak av nokre
jødar i dei nemnde byane, blei
jødane i Pale- området verande
svært fattige. Dei som hadde
pengar til det, utvandra til USA
frå sist på 1800-talet.
I World of Our Fathers. The
journey of the East European
Jews to America and the life they
found and made gjev Irving
Howe ei framstilling av fattigjødane
i Pale-området sitt liv
og deira utvandring til USA.
Det er her på sin plass å
minne om at fram til Første
verdskrig var tysk antisemittisme
utelukkande av økonomisk
art. Rike tyske jødar
hadde hand om delar av tysk
bankvesen. Tyske bønder
måtte låne pengar for å mekanisere
og modernisere jordbruket.
Tyske småverksemder
måtte låne pengar i bank av
same grunn. Høge renter på
desse banklåna gjorde at tyske
finansjødar blei sterkt mislikte.
Så lenge Bismarck stod “ved
roret,” blei denne økonomiske
antisemittismen faktisk slegen
hardt ned på. Bismarck innsåg
at jødiske tyske finansar var
heilt naudsynte for den snøgge
industrialiseringa i siste halvdel
av tysk 1800-tal. I åra like før
utbrotet av Første verdskrig blei
den tyske jøden eit ynda karikaturobjekt,
men vi kan likevel
ikkje snakke om antisemittisme
av det vondsinna slaget.
Jødekarikaturane i tysk
presse hang saman med
frikjenninga og rehabiliteringa
av Kaptein Dreyfus i 1906. Det
var ein ringverknad av det auka
jødehatet i visse krinsar i
Frankrike, nettopp som følgje
av at Kaptein Dreyfus blei
frikjend. Og 100 000 tyske
jødar melde seg friviljuge til
Reichswehr ved utbrotet av
Første verdskrig i august 1914.
Sist på 1800-talet var det vi
kan kalle rasistisk motivert antisemittisme
langt meir utbreidd
i Frankrike og Austerrike-Ungarn
enn i Tyskland.
I Pale-området i Tsar-Russland
var jødane ein “smitte på
den russiske sjel.” Dei mest
ytterleggåande “sjelevaktarane”
her var den ekstremt nasjonalistiske
tsarvenlege rørsla
“Dei svarte hundre”.
I Albert S. Lindemann:
Esau’s Tears. Modern Anti-
Semitism and the Rise of the
Jews står at den tsaroffiseren
som skaut og drap Stolypin i
1911 var ein jøde som hadde
forfalska identiteten sin. Det
synst svært rimeleg. Stolypin
var erklært rasist, jødehatar og
sosialdarwinist.
For dei kvite tsarvenlege
offiserane som påverka Hitler,
var den russiskortodokse kyrkja
ei viktig inspirasjonskjelde. I
etterkant av 1905-revolusjonen
i Russland hadde konservative
krinsar i Russland grunnlagd organisasjonen
“Soiuz russkago
naroda”, “Unionen av det russiske
folk.” Dette var ei russisk
utgåve av det som på tysk heitte
Volk, völkisch.
“Unionen av det russiske
folk” var sterkt antisemittisk,
antisosialistisk og antivestleg.
Dei hadde stor påverkingskraft
i Tsar-Russland heilt fram til
Den russike borgarkrigen
tvinga dei i eksil, ved at bolsjevikane
sigra.
Volk, völkisch fanst som
omgrep alt i Keisar-Tyskland.
Men det var først med hyperinflasjonen
som “diktatfreden”
i Versailles påførde Tyskland
at desse omgrepa blei del av
naziideologien. Det var elles
i Wagner-krinsen at dei romantiske
føresillingane om “urgermanaren,”
med etterkomaren
Volk i tysk samtid, særleg
blei dyrka.
Sams for tidleg naziideologi
og kvite eksilrussarar: “Sjela”
til eit folk fanst tydelegast hos
dei som var minst påverka av
“forfallet i samtida.” Dette
“forfallet” krystalliserte seg i
sosialismen/kommunismen/
jødedomen/pengevesenet.
Dostojevskij var også ein
viktig inspirator for tsarvenlege
russarar i eksil. Det var ein
liten del av Dostojevskijs forfattarskap
som fascinerte desse
tsarvenlege krinsane i Tyskland
og elles i Europa.
Dostojevskij førde dagbøker
i tidsrommet 1873-1881. I
desse dagbøkene legg han
fram støtta si til “Trone og altar.”
Russarane hadde to “mektige
dygder,” som det heitte
hos Dostojevskij. Dei var
“andleg udelelege,” og dei stod
i “nær truskap til sin herskar.”
(Tsaren). I desse dagbøkene
har Dostojevskij også hatske
utfall mot jødane.
Dostojevskij var ikkje åleine
mellom russarane i å utforme
slike tankar på skrift. Også desse
folka hadde tent som
læremeistrar for dei tsarvenlege
russarane Hitler blei kjent med
først på 1920-talet. Hos dei
heitte det gjerne rundt 1900 at
berre Den ortodokse russiske
kyrkja kunne frelse verda mot
frimurarar og jødane sitt griske
pengevesen. Og det vrimla av
russiske førestillingar om apokalypse
og Anti-Krist.
Ei forklåring her er at velståande
russarar innsåg at det
ekstremt underutvikla Tsar-
Russland berre kunne take var
på “sjela si” ved å vende Vest-
Europa ryggen. Det blei danna
slavofile organisasjonar som
ville ha dei russiske massane
attende til eit tilvære før Tsar
Pjotr Pervi. (Peter den Store).
Men sjølvsagd var det like
mykje den fåtallige russiske
overklassen som frykta maktposisjonen
sin.
Vi kan her drage ein delvis
parallell attende til russiske
narodniki, alt på 1870-talet.
Også dei dyrka den russiske
sjel. Dei hadde førestillingar
om miren som utgangspunktet
for ein usmitta agrar idyll, og
fråver av industri i Russland.
Dette var eit utslag av ein sein
russisk bonderomantikk. Men
for narodniki måtte heile tsarveldet
først avskaffast! Å forkynne
slikt for “muzhiken,”
framleis med ei førestillingsverd
frå Mellomalderen, var
einstydande med å spotte Gud.
Derfor gjekk narodniki over til
terrorisme, med sjølve reaksjonens
siger, etter drapet deira
på tsar Alexander II i 1881.
Det bør her igjen understrekast
at “russisk sjel” var sterkt
samanfallande med det tyske
völkisch. Ei romantisering og
herleggjering av det “ekte og
opphavlege” i folket. Skilnaden
mellom det wilhelminiske
Tyskland og tsar-Russland
rundt 1900 var fullstendig utestenging
av jødane i tsar-Russland.
Medan så slett ikkje var
tilfelle i Tyskland. Her fekk
jødane omstille seg til tyskarar
så mykje dei ville. I sum kan
vi seie at antisemittismen var
markert meir utprega i tsar-
Russland enn i Tyskland.
I oktober 1905 myrda “Dei
svarte hundre” 1622 revolusjonære
russarar, 711 av dei var
jødar. I høve til samla folketal
var jødane sterkt overrepresenterte,
her. Likeeins oppretta
ein medlem i tsarens Okhrana
ei sterkt antisemittiske presse,
lenge før Julius Streicher byrja
det halvpornografiske jødehatet
i naziorganet Der Stürmer.
Ved opprettinga av den første
Duma i tsar-Russland i
1906 blei det frå konservativt
hald sterkt åtvara mot den faren
jødane utgjorde i heile
verda, og spesielt i Russland.
Eit mykje brukt slagord var
“Russland for russarar.”
I tsarens innanriksministerium
sat ein person ved namnet
Vladimir Purishkevich. Dei
slagorda og utsegnene mot
jødane han kom med i Russland
i 1906, kan vi kjenne att i
NSDAP på 1920- og 1930-talet.
Og her var det altså snakk
om beinveges påverknad, gjennom
dei kvite eksilrussarane,
som også påverka Hitler.
Ved valet til Duma i 1906
fekk dei ekstreme antismittane
berre 6,1% av røystene. Men
dei fekk posisjonar i tsarministeriet
som gav dei ei
påverknadskraft langt ut over
det talet på røyster her tilsa.
“Dei svarte hundre” blei
ikkje eit politisk parti. Men dei
var aktive innanfor fleire
organisasjonar. Det galdt til
dømes organisasjonen “Unionen
av dei russiske folk.”
(“Stor-russarar,” kviterussarar
og ukrainarar). Talerøyret
deira var avisa Russkoe Znamia.
Her forkynna dei skremsel
om den snarlege jødiske
verdsovertakinga. Tsar
Nikolaij II las avisa, og trudde
på alt som stod der. I august
1913 lanserte denne avisa åtgjerder
som skulle gjere at
jødane som folk “døydde ut.”
I Nazi-Tyskland blei same tiltaka
avtala på Wannsee-konferansen
i januar år 1942. Ideen
om “Die Endlösung der
Judenfrage” blei altså lansert
30 år tidlegare i Tsar-Russland
enn i Nazi-Tyskland.
Medan dei tyske jødane i
Das Wilhelminishe Reich var
sekulariserte og gjerne ville bli
“vanlege” tyskarar, var stoda
stikk motsett i Tsar-Imperiet.
Dei “russiske” jødane blei
stengde ute frå assimilering,
med fullt overlegg, frå Tsarbyråkratiet.
Desse jødane utvikla ei politisk
radikal og revolusjonær
haldning. Resultatet av det var
at eit stort tal av dei blei fengsla.
I Kiev, utgjorde jødane 48,2 av
alle politiske fangar, i Odessa
55%. Dette var i tidsrommet
1901-1904. I høve til folketalet
elles i den europeiske delen av
tsar-Russland var jødane sterkt
overrepresenterte mellom
bolsjevikane og mensjevikane
i 1905. I Pale-området utgjorde
jødane ikkje meir enn 12% av
folkesetnaden. Men i 1905 utgjorde
dei 18,9% av bolsjevikane
i heile tsar-Russland. Alt
av politisk aktive jødar ville ha
ei sosialistisk omvelting i tsar-
Russland.
Kellogg tillegg også Houston
Stewart Chamberlain den
plass han bør ha i nazismens
historie. Som svigerson til Richard
Wagner preika Chamberlain
læra om “det reine
teutonske blod”. Dette “blodet”
stod no i fare for å bli
“tilsvina” av jødane sin freistnad
på å sikre seg verdsherredøme.
På 1920-talet var dette
“reine teutonske blodet” i ein
nådelaus kamp mot “internasjonalt
jødevesen”. Og sidan
nokre av bolsjevikane var
jødar eller halvjødar, tok
bolsjevikane også jødane sin
part i denne verdsomspennande
kampen som det “reine
teutonske blodet” no måtte ta
på seg, om ikkje alt av høgverdig rase skulle gå under.
Chamberlain var heilt eksplisitt
på at det nettopp var
snakk om ein nådelaus kamp.
“Ein kamp på liv og død,” som
det heiter i skriftene til Chamberlain,
og som han også forkynna
munnleg i Tyskland.
“Ein kamp på liv og død” mellom
“Slawentum und Germanentum,”
som det seinare heitte
hos Hitler. Dei eksilrussarane
Hitler kom i kontakt med
omfemna Chamberlain sitt
tankegods, med stor iver.
Dei kvite eksilrussarane frå
Ukraina spela i første omgang
størst rolle som spreiarar av
hatbodskapen mot jødar og
bolsjevikar i Tyskland. Årsaka
her var at under Den russiske
borgarkrigen 1918-1921 hadde
tyskarane teke del på dei Kvite
si side mot bolsjevikane, nettopp
i Ukraina. Dei tidlegare
tsaroffiserane frå Ukraina kom
derfor til både kjentfolk og
våpenbrør i Tyskland.
W. Bruce Lincoln: Red Victory.
A History Of The Russian
Civil War 1918-1921 er konsentrert
om Ukraina. Her var
tyskarar i stuttvarige maktposisjonar
under borgarkrigen.
Og sjølvsagd var tyskarane her
med på å leggje grunnlaget for
ideen om ein eigen ukrainsk stat.
Under borgarkrigen blei det
danna ein allianse i Ukraina av
konservative tyske offiserar og
tsarvenlege, antisemittiske og
antibolsjevikiske ukrainarar.
Dette tysk-ukrainske hopehavet
skulle på sikt legge grunnen for
den velkjende Vlasov-armeen.
I første omgang blei det med
“tusental av protyske nasjonalistiske
kvite emigrantar” frå
Ukraina, som Kellogg skriv.
Ein av dei, løytnant Pjotr
Shabelskij-Bork la all energi i
spreiinga av falsumet Zions
Vises Protokollar. Vi må her
hugse på at i samtida var det
få som rekna dette falsumet for
nettopp eit falsum. Alle politisk
aktive jødar i tsar-Russland
ønska ope Bolsjevikrevolusjonen
velkomen. Zions
Vises Protokollar blei dermed
til ein “sjølvoppfyllande profeti.”
“Judentum und Bolschewismus”
som Hitler og mange
fleire belja mot på 1930-talet,
hadde altså ein viss røynleg
historisk føresetnad.
 
|