Grunnlagt illegalt i 1941



Antibolsjevisme og antisemittisme hand i hand


Artikkel nr 5 i ein serie kor historikaren Kjell-Arnt Labukt tar føre seg røtene til nazismen, som på inge måte var eit reint tysk fenomen.

For det russiske kvite eksilmiljøet i vest fra antibolsjevisme og antisemittisme to sider av same sak.

 

 


Hitlers læremeister, Dietrich Eckhart, ivra sterkt for å gjere innhaldet i tidsskriftet Prizyv kjent i Tyskland. Oberst Vinberg arbeidde for å etablere kontaktar mellom völkisch innstilla tyskarar og tsarvenlege russiske immigrantar i Tyskland.

Viktig her var hopehavet mellom oberst Vinberg og Ludwig Müller von Hausen, leiaren av ei tysk antijødisk foreining. Såleis fekk von Hausen omsett til tysk ein artikkel om “Satanistane av det tjuande hundreåret.” Fremste “satanist” her var jøden og bolsjeviken Lev Trotskij. Han leia svarte messer i Kreml, der jødar og bolsjevikar bad til Satan for siger over dei kvite. “Heilage mor Russland” var med andre ord i ferd med å hamne i Satans varetekt. Faktum er at svært mange trudde nett så, i samtida.

I februar 1919 kom det eit russisk dokument, omsett til tysk, i omløp. Essensen var avsløringa av eit løynleg jødisk dokument som synte “Jødedomens mest løyndomsfulle mål er no blitt avsløra i Russland.” “Det løyndomsfulle målet” var å opprette eit jødisk/ bolsjevikisk verdsdiktatur, i allianse med Satan. Eit heller fantasirikt påfunn, men også dette faktisk trudd på av mange i samtida.

Von Hausen gav ut Zions Vises Protokollar på tysk i 1919. Shabelskij-Bork hadde med den russiskspråklege originalen som von Hausen fekk omsett. Den religiøse essensen i dette fantasipåfunnet gjekk ut på at Gud ville nytte jødestyret, Satans overmakt, som straffedom for menneska sitt syndige liv. Når jødestyret og dermed Satan er knekt, kjem Gud som den endelege forløysar til menneska. Hos religiøse menneske gjorde Zions Vises Protokollar eit sterkt inntrykk.

Von Hausen hadde kontaktar i München, der nazismen var mest i ferd med utvikle seg i Tyskland. Von Hausen var i tillegg leiar for “Der deutsche Orden,” igjen knytt til Thuleselskapet. Von Hausen sytte for at Protokollane kom til München, der dei blei flittig studerte. Rett nok hadde Thuleselskapet berre 200 medlemer, men det var folk med stort høve til påverknad.

I dei første åra av 1920-talet blei stereotypien om “Der ewige Jude” utvikla i Tyskland. Det var lett å finne “likskapar” mellom levande røynlege jødar, og slik jøden blei portrettert i Protokollane og andre tilsvarande skrifter. I samband med frikjenninga og rehabiliteringa av kaptein Alfred Dreyfus blomstra jødehatet ikkje berre i Frankrike, men i heile det katolske Europa. Og det blei gjeve ut skrifter og pamflettar med konspirasjonsteoriar om jødisk undergraving og maktovertaking.

All frustrasjonen som hyperinflasjonen og hungersnauda i Tyskland skapa, trong eit “utløp.” Jødane stod lagleg til som syndebukkar, nok ein gong. Som kjend inngjekk også “Jøden” i “Die Dolchstosslegende.” Jøden representerte finansar og materialisme, das Volk, med si usmitta sjel, derimot, lei under jødiske pengeutsugarar. Schopenhauer hadde så vidt vore inne på slike tankar. No blei Wagnerkrinsen eit viktig tysk sentrum for “hygienisk reinhald” av sjela til Das Volk.

Dietrich Eckhart, som stod i kontakt med det eksilrussiske miljøet, formidla dei vidare til Hitler. I 1922 hadde Hitler teke dette synet på jødane som “sitt eige.” Frå Rosenberg kom til Tyskland hadde han og Eckhart, båe med i Thule-samfunnet, tilspissa dei konspirativ- apokalyptiske tankane i Protokollane.

Dietrich Eckhart tvila ikkje på noko av det som stod i Protokollane. Zions Vise hadde her presist spådd tsar-Russland og Tysklands fall, gjennom bolsjevikrevolusjonen og Weimarrepublikken. I november 1920 skreiv Eckhart dette i tidskriftet Auf gut deutsch: “I alle land tek no folk til å sjå klårt. I England, Frankrike, Hellas, Romania, Polen og elles vaknar no krefter til strid mot manneættas fiende.” Denne fienden var “pengejøden.”

Rosenberg var meir skeptisk til Protokollane. Men han godtok dei fordi dei fall inn i ein jødisk tradisjon: “Frå Talmud til Frankfurter Zeitung og Rote Fahne, “ som Rosenberg uttrykte det. For Rosenberg var det elles viktigast at jødane også var bolsjevikar.

Hitler uttrykte innhaldet i Protokollane første gong under ein tale i august 1921.

“Svolt som makt (Russland) .... Svolt i teneste for jødedomen. Vise menn frå Zion. Det blir innvend at alle jødar ikkje er med på dette. Men det dei vise forstår intellektuelt, forstår andre jødar gjennom instinkt. ... Svolt i Russland. 40 millionar døyr.” (Kellogg side 75).

I ein tale i april 1923 hevda Hitler også konspirasjonsteorien frå Protokollane om jødisk verdsovertaking: Jødane vil “utvide den usynlege staten sin til eit overordna tyranni over heile verda.” I fleire samanhengar nytta Hitler påstanden om at jødane nytta svolten som eit middel til å drive folk inn under jødemakta, i Russland altså bolsjevismen. I eit Tyskland og Europa der massane nettopp svalt, gav dette sjølvsagd mange ei “aha-oppleving.” Hitler omtalar også Protokollane i Mein Kampf, og påstår der at dei uttrykkjer jødedomens sanne vesen.

Henry Fords rabiate antisemittiske bok kom ut i Tyskland i 1921 under tittelen Der Internationale Jude. Hitler var imponert også av denne boka, og siterer ho fleire gonger i Mein Kampf. Protokollane var blitt trykte i 33 utgåver då Hitler kom til makta i 1933. Dei blei den mest distribuerte boka i verda, nest etter Bibelen. Det var ikkje berre jødehatet som voks ut av det tyskukrainske hopehavet under bolsjevikrevolusjonen. Mange kvite ukrainske offiserar som stod i tysk teneste i Ukraina heldt fram med å tene nazismen i Tyskland. Mest utprega galdt det general Vladimir Biskupskij, oberst Ivan Poltavets- Ostranitsa, oberst Fedor Vinberg, løytnant Shabelskij- Bork, løytnant Sergei Taboritskij og oberst Pavel Bermondt, seinare kjend som Bermondt- Avalov. Den sistnemnde blei leiar for ein tysk intervensjon mot bolsjevikane i Latvia i 1919, der mange framtidige nazistar blei rekrutterte. Dette tysk-ukrainske hopehavet frå bolsjevikrevolusjonen blei til eit varig tyskukrainsk militært samarbeid.

Tyske offiserar kom til å sjå på sine ukrainske kollegaer som like tyskvenlege og antibolsjevikiske som dei sjølve. Så skriv Michael Kellogg. “Eldprøven” i så måte var det tyske antibolsjevikiske innfallet i Latvia i 1919. Her tok kvite offiserar del saman med avdelingar av tyske Freikorps. I tillegg til den kvite tsarvenlege ukrainske offiseren Bermondt- Avalov var dei følgjande eksilrussiske kvite offiserane med i leiinga av dette antibolsjevikiske intervensjonskorpset: Max von Scheubner-Richter, Otto von Kursell, Arno Schickedanz og Alfred Rosenberg. Dette ekspedisjonskorpset mot bolsjevikane i Latvia blei ein militær fiasko.

Det tyske og kvite russiske nederlaget i Latvia 1919 gjorde både tyske og eksilrussiske offiserar meir samansveisa i arbeidet for å destabilisere Weimar-republikken.

Så vel som dei blei meir samansveisa i hatet mot Judentum und Bolschewismus. Dei hadde ei dobbel målsetting: Å styrte Weimarrepublikken og Sovjetunionen.

Den fremste tyske offiseren i denne alliansen av rabiate antibolsjevikar var general Rüdiger von der Goltz. Goltz hadde leia dei tyske avdelingane av regulære tyske Reichswehr og Freikorps som avgjorde borgarkrigen i Finland i reaksjonens favør, våren 1918. Og det då dei finske raudegardistane var i ferd med å sigre i den finske borgarkrigen. Dei tyske styrkane kom til Finland med flyvåpen, artilleri og nøgda med ammunisjon og all krigsproviant. Dei finsk raudegardistane hadde nokre rifler att, og var svært mangelfullt utstyrte elles, også. 20 000 finske raudegardistar blei så massakrerte under kvit terror, leia av finsk og finsksvensk adel og overklasse i allianse med tyske styrkar. Sommaren 1918 svalt 80 000 i hel i dei kvite sine finske konsentrasjonslæger. Det var familiane til raudegardistar, eller folk som var mistenkte for ikkje å vere nok antisosialistiske. Jamfør her artikkelen “Finland” i Pax Leksikon. Rüdiger von der Goltz var også sentral i det mislukka Kapp-kuppet mars 1920. Ved dette høvet nytta SPD-politisjefen i Berlin, Gustav Noske, høvet til å massakrere tyske arbeidarar som tok del i generalstreiken som stogga kuppmakarane.

Kuppmakarane gjekk deretter fri frå all straff. General Ludendorf var nemleg mellom dei.

Wolfgang Kapp, som gav namnet til Kapp-kuppfreistnaden, var med i Deutsche Vaterlandspartei. Han ville innføre militærdiktatur i Tyskland, etter keisar Wilhelm II var blitt styrta. Leiar for dette partiet var von der Goltz. Den mislukka freistnaden i Berlin på militærkupp i mars 1920, gav dess meir oppslutning om den gryande nazismen i Bayern, der Hitler snøgt blei den sentrale personen.

I oktober 1918 blei Den baltiske forsvarstyrken skipa. Det var tysk Overkommando Aust VIII som skipa denne baltiske styrken. Den var ein parallell til Sør-hæren i Ukraina. Og dei same folka var aktive både stadane. Namna på nokre av dei fremste her er alt nemnde. “Forsvarsstyrken” blei derfor snøgt kalla “Nord-hæren.” Og sjølvsagd med same fiende som “Sør-hæren”: bolsjevikane. Denne “Nord-hæren” omfatta mykje av heile Nordvest- Russland, ikkje berre dei seinare tre baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. Hausten 1918 gav tysk overkommando Nord-hæren i oppdrag å slå til mot “sjølve hjartet av bolsjevikrevolusjonen, Petrograd.” Men då keisar Wilhelm II blei styrta, råka demoraliseringa også Nord-hæren, og dei raude påførte Nord-hæren eit øydeleggjande nederlag seinhausten 1918.

Scheubner-Richter var sentral også her. Som endå meir forbitra antibolsjevik slo han seg ned i Königsberg i byrjinga av 1919. Frå Königsberg sende han rapportar til det nyleg etablerte SPD-regimet i Tyskland. Ein rabiat antibolsjevik, Scheubner- Richter, samarbeidde altså med det tyske sosialdemokratiet, mot bolsjevikane.

SPD-regjeringa i Tyskland utstyra så tyske Freikorps for å kjempe mot bolsjevikane i Baltikum. SPD sin mann i Baltikum var August Winnig, som Scheubner-Richter stod i teneste for.

SPD-representanten August Winnig inngjekk så ein avtale med den sterkt antibolsjevikiske ministerpresident Karlis Ulmanis i Latvia. Denne avtalen gav tyske friviljuge, som ville kjempe mot bolsjevikane, latvisk statsborgarskap. Dette latviske statsborgarskapet for tyskarar gav også tyskarane rett til å eige land i Latvia.

Fredsslutninga mellom Keisar-Tyskland og Ententemaktene frå 11. november 1918 forbaud eksplisitt tyske militærstyrkar å ta opphald i Baltikum. Men med bolsjevikane som ny fiende for både USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland, tillet desse landa dette brotet på den nyleg av- tala fredsslutninga mellom dei og Tyskland.

“Tysk fedrelandsparti”, som general Rüdiger von der Goltz leia, var forbode på dette tidspunktet, i 1919. Dette hindra ikkje von der Goltz i å sette i gang med å byggje opp ein antibolsjevikisk militærstyrke i Latvia, også inkludert tyskarar. SPDs allianse med ytre tyske høgre skulle syne seg svært fatal for Weimarrepublikken. Men i 1919 var bolsjevikane hovudfienden, også for SPD.

Dei tyskleia styrkane under von der Goltz var delte i to avdelingar i Latvia. Den eine avdelinga hadde også russarar under prins Anatol Levin som soldatar. Soldatane til prins Levin var først berre tsaroffiserar. Så blei russiske soldatar sette frie frå tysk krigsfangeskap, for å slutte seg til tsaroffiserane til prins Levin. Men nokon talrik styrke blei det likevel ikkje, berre 600 mann. Talet på meinige russiske soldatar som tok del på dei kvite si side i Baltikum var minimalt.

Også von der Goltz såg på kampen sin mot bolsjevikane i Baltikum som ein “kamp mot ein pest som truga heile Europa.” Denne pesten var i tillegg asiatisk i sitt opphav, for von der Goltz. Von der Goltz skreiv ein roman, Die Schuld (Skylda, 1921), der han let talsmannen sin, ein prest, seie følgjande: “Den skylda folket vårt lir under er at det var for fredselskande til å kjempe kampen til endes. No må vi likevel gjere så, på grunn av våre usameinlege fiendar. Dette er for folketes eiga sak, for Gud sjølv vil denne kampen... Og vi prestar må ikkje halde opp med å forkynne denne heilage krigen. ... Lat oss så gå framåt, med Gud! Vi følgjer den krossen som skin lysande mot oss gjennom denne fælslege striden. Gjennom mørke og pine... marsjerer vi mot aust. Derifrå kjem det skinande lyset for Vesten og heile verda. - ex oriente lux!” (Lyset kjem frå aust). (Kellogg side 86). Det er å vone at det var ei trøyst for von der Goltz at Reichswehr og Freikorps sigra i Finland. Og visseleg hadde han blitt endå meir oppmuntra om han hadde visst at dei tyske styrkane der hadde bana vegen for ein massakre på 100 000 finnar, i tillegg kom dei raudegardistane som alt hadde falle i den finske borgarkrigen.

Elles er misjonstanken til “Den tyske orden” frå 1200- talet, nettopp i aust, lett å kjenne att i denne romanteksten av von der Goltz. Til liks med kvite eksilrussarar hyste von der Goltz, som andre på tysk høgreside, også tanken om ein tysk-russisk allianse, når bolsjevismen var styrta i Russland.

Den tyske sjefsforhandlaren i Brest-Litovsk, Max Hoffmann, samarbeidde med von der Goltz og Wolfgang Kapp om å styrte SPD-regjeringa i Tyskland. I 1919 hadde desse tre oppretta pålitelege avdelingar i Stuttgart, Darmstadt og München. Dietrich Eckhart høyrde også med til denne konspirasjonen. Det gjorde også dei kvite eksiloffiserane som alt er nemnde.

Eckharts tidsskrift: Auf gut deutsch fløyma over av rabiat antisemittisme i 1919 og 1920. Og no tok antisemittisme til å få breitt fotfeste i Tyskland.

Dei kvite eksilrussiske offiserane på si side leverte hattiradar mot bolsjevismen, og i medvitet til stadig fleire tyskarar blei Judentum und Bolschewismus eitt og det same, og det store trugsmålet mot Tyskland.