Er romanen død?

(Nr 4 - 2006) Mange nolevande, eldre 
forfattarar hevdar at romanen er dod – no sist
nobelprisvinnaren Naipul. Det er roman-
kunsten dei meiner, ikkje romansjangeren.
Den lever vidare i reine underhaldnings-
romanar, ikkje minst som kriminallitteratur.

Av Olav H. Aarrestad

I Antikken var det poesi, tragediar og komediar
som vart dyrka. Romanen var mest ikkje
”oppfunnen” enno. Iliaden og Odysseen som all

stor forteljarkunst star i gjeld til, er episk poesi.Den einaste romanen fra antikken ein kan tala om,
er Satirae eller Satiricon - og eigenleg er det ikkje ein roman i moderne meining det dreier seg om,
men heller laust strukturerte bilete av ei nytings sjuk samtid. Av eit storre verk er det berre bitar
som har nadd fram til ettertida.

Petronius som reknast som forfattar utan ein er heilt viss pa det, var ein slags smaksdomar
- elegantiae arbiter - hos Nero - og keisaren tvang han til sjolvmord i aret 66 pa skuldingar fra
misunnarar. I tidleg mellomalder fekk ein fleire episke verk pa vers av stort verde; Rolandssongen,
le roman du renard.... Etter kvart voks det fram ein ”romanlitteratur” – det vil seia boker skrivne pa
romansk (eldre fransk) og ikkje latin – men dette var stort sett riddarromanar, og dei ma reknast til
rein underhaldningslitteratur, fyrst og fremst lesne av gjerandlause adelsfrokner. Ved det norske
hoffet pa Hakon Hakonsson tid las ein stort sett slike boker i svensk omsetjing. Det lysande unntaket
er dei islandske ?ttesogene, men desse var ikkje kjende pa kontinentet i samtida.

Det er forst med Cervantes ”Don Quijote” som i stor mon var ein parodi pa slike riddarromanar, at
ein far den forste store romanen – nar ein da ser bort fra dei islandske. Men forst det 19. hundraret er
romankunsten gullalder med forfattarar som Balzac, Stendahl, Dostojevski og Tolstoi. Det som gjer
at romankunsten lever, er for a seia det med sterk omskriving av Georg Brandes, at hovudpersonane
i ein roman lever - Don Quijote, sa vel som le pere Goriot (Balzac), Julien Sorel (i Le Rouge et le
Noir av Stendahl), Anna Karenina og Raskolnikov er vortne like levande som historiske personar –
og at dei seier noko viktig om ”La condition humaine” – mennesket sine vilkar. Fransk litteratur-
kritikk skil skarpt mellom romankunst og underhaldningsromanar. Dei tre musketerar og kaptein
Nemo er kjende nok, men dei representerer ikkje noko fundamentalt nar det gjeld la condition
humaine, dei er mest like mykje pappmasje som froken Detektiv og Harry Potter. Difor har korkje
Alexandre Dumas heller Jules Verne komi pa det litter?re parnass i Frankrike jamvel om dei er
verdsgjetne. Fra islandsk litteratur kan ein ta fram Gisle Sursson og Njal. Dei er samansette
personlegdomar som gar rett inn i sporsmal som gjeld la condition humaine.

Pa sett og vis star Emil i Lonneberget n?rare dei store romanfigurar enn mange ein finn i den vaksne
litteraturen, det gjev grunnlag for a seia at og blant sakalla barneboker kan ein finna stor romankunst.
Ogsa for Noreg sin del er det 19. hundrearet og forstninga av det 20. romankunstens store tid.
Nar det gjeld Hamsun, kan ein hevda at personane hans er for mykje av eitt stykkje og vert meir
typar enn levande menneske (Isak Sellanra, August) eller er sa uklart teikna at ein ikkje heilt far tak i
dei (Nagel), men nar det gjeld Glahn i Pan og hovudpersonen i Sult, er det ingen tvil om at Hamsun
knyter an til dei store romanforfattarane. Med Odin fekk Olav Duun sin plass pa parnasset og nesten
nobelprisen.

Det er eit visst grunnlag for a hevda at norsk romankunsten doydde med Agnar Mykle og Ask
Burlefot, den siste store romanfiguren i norsk litteratur. Og da dreier det seg om ein figur som ikjotar
nedgangen for romankunsten nett som ekspresjonismen er det siste uttrykket for stor malarkunst og
funkisstilen det siste sjolvstendige og originale uttrykket i arkitekturen. Malarkunsten har tvillaust
komi inn pa eit blindspor, sa snart Picasso er ferdig med sin bla periode, sluttar han seg til den
tvilsame moderne kunst som berre lever av di somme malarstykke framleis far hoge prisar pa
auksjonar. Med romankunsten er det likeins, det som vert produsert i dag, er stort sett verdelaust som
anna enn underhaldning.

Underhaldningsromanar sel framleis godt – nett som riddarromanar var sengelektyre i Mellom-
alderen blant dei som kunne lesa og ikkje heilt visste kva dei skulle ta seg til. Og kriminalforfattarar
har gode tider. I Noreg skil ein ikkje skarpt mellom gode og darlege romanar, difor har reine
underhaldarar som Wassmo og Elstad fatt eit slags namn, medan Margit Sandemo trass alt ikkje
slepp inn i forfattarforeininga.

Ser ein pa dei store romanar, oppdagar ein at dei femner vidt – det gjer ikkje den seriose, moderne
norske litteratur. Han fortel lite om la condition humaine, men er sneversynt oppteken av eige ego
eller sma liv i sma tilhove. Jamvel ein usympatisk type som Rastignac hos Balzac har vingespenn,
men kvar finn ein slikt i samtidig norsk litteratur? At Mykle kalla personane sine etter dei forste
menneska i norron mytologi (Ask og Embla) vitnar om at han hadde noko pa hjarta som galdt la
condition humaine. Han lukkast delvis med det. Delvis har vel og Kjartan Flogstad lukkast med
hovudpersonen i Dalen Portland, men ikkje nok til at ein kan rekna boka til stor litteratur.

Det er ikkje utan grunn at somme litteraturkunnige meiner det er viktig med ein litter?r kanon.
Menneskeslekta har sams roynsler som somme store forfattarar har makta festa pa papiret, om ein
ikkje held ved lag ein slik kanon og forer han vidare til samtidige og komande generasjonar, vil ein
ga glipp av sams allmennmenneskeleg roynsle. Om moderne romankunst er dod, tyder ikkje det at
eldre romankunst er det. I denne digitale tida er det viktig at ein tek den store arven med seg inn i
framtida.

Ser ein bort fra dei store einarane pa parnasset, kan det sjolvsagt vera individuelle oppfatningar
av kven som burde vera der; det vitnar om lesehug og eit levande tilhove til god litteratur. Sjolv ville
vi gjerne ta bort ein langtekkeleg og irriterande Proust og ein rein underhaldar som Dickens, og
i staden fora opp namn som Sjolokhov, Buzatti, Carpentier, Istrati, Arlt, Aldecoa og Lagerkvist.
Full semje om kanon, er berre eit prov pa at stor romankunst er vorten til monument. Til all lukka er
boker fra fortida framleis ei rik kjelde a ausa av der kvar og ein kan finna det han leiter etter.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering