28. april i samband med 100-årsjubiléet for Noregs Mållag vart det skipa til ei
kulturmønstring i Det Norske Teatret.


Av Olav H. Aarrestad

Her stod dei fram på rekkje og rad: Are Kalvø, Kjartan Fløgstad, Odd Nordstoga, Frode Grytten,
Henning Sommerro. I tillegg var Einar Økland, Ragnar Hovland, Edvard Hoem, Paal-Helge Haugen
og Jon Fosse med i bakgrunnen som tekstforfattarar.

Alle er levande og oppegåande kunstnarar/forfattarar av beste merke. Ja, ein tek beint fram til å undra
på om det er mange namn utanfor desse rekkjene som for tida er med på å halda kvaliteten i norsk
kulturliv oppe.

Og her dreier det seg ikkje om nynorsk-sjåvinisme i fyrste hand. I så fall måtte det vera vestlands-
sjåvinisme, og det vore like malplassert, som austlending kan ein vanskeleg skuldast for det.

Men faktum est; Vestlandet – og serskilt visse område på Vestlandet, ser ut til å ha eit slags
forfattarhegemoni for tida. Her peikar Sunnhordland seg tydeleg ut, ikkje minst av di sørlendingen
(før i tida vart Sørlandet rekna til Vestlandet) Paal-Helge Haugen og møringen Edvard Hoem byrjar
dra på åra.

Kva er det Austlandet, Trøndelag og Nord-Noreg har å bidra med? Vi kjem ikkje på eitt tungt-
vegande namn i farten. Dei som melder seg, er alle personar som må plassert under rubrikken
underhaldning. Det som skil dei nemnde vestlendingane frå resten av kulturkodiljen, er at dei i og
for seg kan vera gode underhaldarar, men dei har noko meir; høgt kunstnarleg nivå og eit alvor i
kallet sitt, som gjer at det faktisk vert kunst av det dei skapar.

No kan ein sjølvsagt peika på at både Nordstoga og Kalvø vel må gå under rubrikken
underhaldning, – så er dei ikkje sunnhordalendingar heller, og Nordstoga kanppast vestlending i
det heile (frå Vest-Telemark) – men til deira forsvar skal seiast at betre kvalitet innan visesong og
satire – får ein ikkje i landet i dag.

Vestlandshegemoniet var ikkje så tydeleg før. På mønstringskvelden vart òg dei fremste diktarane
frå dei siste hundre åra presenterte. Korkje Kristofer Uppdal, Olav Aukurst, Haldis Moren Vesaas,
Tarjei Vesaas, Tor Jonsson eller Aslaug Vaa (ein kunne òg ha teki med Åsmund Sveen) var
vestlendingar. Skal ein tolka det slik at austlendingane er fullt tevelføre når det gjeld poesi, men at
poesien har skrale vilkår i våre dagar. Kva for eit dikt av kvalitet har sokki inn i folkedjupna dei siste
ti åra? Vi kjem ikkje på noko.

I alle høve tilskipinga den 28. var forvitneleg, det står ikkje så skralt til med norsk kulturliv som dei
som held til mellom Sinsenkrysset og Svinesund lett kan få inntrykk av.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

kultur


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering