Historietime:  Polsk åtak på Sovjetunionen

- Alle statar er imperialistiske etter beste evne, har ein klok mann sagt.

Av Olav H. Aarrestad

Også mindre statar nyttar høvet som byd seg, til å gå laus på andre, det gjeld til dømes Polen som støtt likar å framstilla seg i offerrolla.

To gonger har polakkane gjort alvorlege freistnader på å leggja under seg russarar, fyrste gong i 1579 då Polen. Litauen, Sverige og Danmark hadde gått saman mot Russland. I nord hadde svenskane framgang og tok den viktige byen Narva. Den polsk-litauske kongen Stefan Batorij ville rykka fram mot Moskva, men takk vere heroisk innsats frå soldatar og ibuarar i byen Pskov på vegen mot Moskva, vart den 100 000 mann store hæren hans slått tilbake.

Andre gong var etter den russiske revolusjonen. I mars 1918 kom ententemaktene saman i London og gjorde vedtak om å intervenera i den russiske borgarkrigen, og snart vart engelske, franske og amerikanske troppar sette inn over Murmansk. I aust gjekk japanske troppar til åtak, på same tid (5. april) vart engelske styrkar sette inn i Vladivostok, seinare kom det også gringotroppar dit. I august invaderte britane Turkestan og Transkaukasus frå Iran. I mai organiserte ententen ein oppreist i det tsjekkiske forbandet som den provisoriske regjeringa hadde skipa blant tsjekkiske krigsfangar frå den austerrisk-ungarske hæren før bolsjevikane tok over.

På si side hadde sovjetregjeringa lova tsjekkarane fritt leide til Frankrike over Vladivostok, og dei var på veg i tog mot aust. Presidenten i Sambandsstatane, Wondrew Wilson betalte ut 8 millionar dollar til tsjekkarane, og under leiing av engelske og franske offiserar gjorde delar av det 60 000 mann store tsjekkiske korpset åtak på og tok Pensa, Samara, Tsjeliabinsk, Omsk, Tomsk og store delar av landet langs den sibirske jernvegen. Tyskarane på si side braut Brest-Litovsk-freden og hærsette Ukraina, Baltikum og Kviterussland, i april gjekk dei vidare og tok Georgia, Donetskbassenget og Krim – som den gongen ikkje var ein del av Ukraina.

Hausten 1918 hadde sovjetmakta berre kontroll over det sentrale Russland som var kutta av frå viktige forsyningsbasar (olje frå Baku, kol frå Donbass, korn frå Ukraina).

Fabrikkar stansa opp, folk svalt. Arbeidarar i Moskva og Petrograd måtte nøya seg med 50 gram brød om dagen. Tusenvis av menneske døydde av tyfus og andre sjukdomar. I ein slik situasjon var det freistande for polakkane å nytta høvet, den polske overklassa drøymde om eit Storpolen frå hav til hav (Austersjøen til Svartehavet).

I den nye polske republikken vart krigaren Jozef Pilsudski (1867-1935) eigenrådig statssjef. Han hadde alt vori med mot russarane under verdskrigen med ein ”legionsbrigade”. Ententemaktene hjelpte polakkane med å rusta ut ein hær på 740 000 mann; USA gav dei 50 millionar dollar, 20 000 kanonar, 200 stridsvogner, 300 fly. I april 1920 byrja dei innmarsjen, men då hadde krigsutviklinga endra seg, den raude hæren hadde i stor mon drivi interventane på flukt og kunne no samla seg mot polakkane.

I fyrstninga hadde polakkane framgang og tok Kiev og Minsk, men styrkar frå den Raude hæren dreiv dei tilbake så snøgt at vegen til Warszawa såg ut til å liggja open. Den polske intervensjonen mobiliserte uante krefter i sovjetfolket; arbeidsdagen vart utvida med tre timar, industrien konsentrerte seg om produksjon av krigsmateriell, i mai og juni melde meir enn 12 000 kommunistar seg friviljug til hæren, ryttertroppane til S. Budjonny gjorde ein framifra god innsats.

Midt under striden med polakkane hadde Wrangel samla nye styrkar og gjekk til åtak i sør, dette svekka nok den sovjetiske motoffensiven, og sidan har ein sett på innrykkinga i Polen som eit taktisk mistak. I slutten av juli stod sovjetstyrkane på polsk område. Ein del polske arbeidarar hadde sympati for sovjetmakta, og mange stader i Polen vart det skipa revolusjonære arbeidarkomitear, i Bielostok/ Bialystok vart Julian Marchlewski (1866-1925) leiar for ein slags provisorisk arbeidarregjering.

Marchlewski var utdanna økonom og kom sidan til å spela ei viktig rolle under oppbygginga av Den Raude hjelpa - ein pendant til Raudekrossen, som lever vidare i det tyske Rote Hilfe og det belgiske Secours Rouge som gjev moralsk og praktisk stønad til forfølgde på venstresida - no sist i samband med uroa kring Ungdomshuset i København. I Bielostok vart det skipa eit regiment av arbeidarar som slutta seg til sovjetstyrkane. 23. juli stod desse berre tjue kilometer frå Warszawa. Polakkane sa dei ville ha fredstingingar, men på same tid auka kapitalistmaktene militærhjelpa til Polen, og under leiing av den franske generalen Weygand vart motoffensiven organisert. I Warszawa kunne no polakkane endå ein gong ta på seg offerrolla, og stor innsats og entusiasme vart utfalda for å stå imot den russiske bjørn, jamvel ein kvinnelegion vart sett opp. 13. august byrja motoffensiven, og styrkane møttest ved Radzimin i eit slag som vara i fire dagar. Sovjetleiinga hadde gjort alvorlege feil; ikkje sikra baktroppane under den snøgge framrykkinga. Forsyningstoga vart liggjande for langt etter, dessutan var det dårleg samvirke mellom fronten i vest og sørvest (sett frå sovjetisk side).

Sovjettroppane forlet så vel utkantane av Warszawa som Lvov i stor uorden, og polakkane tok mange fangar. I oktober vart ein fredsavtale mellom sovjemakta og Polen skriven under, og den Raude hæren kunne konsentrera seg om å knusa Wrangel og hans styrkar.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering