Vi som aldri har elska ”våre vener”

(Nr 14 - 2010) Vi les i VG (3.6.) at visepresidenten i Sambandsstatane (Ss), Joe Biden, hevdar at Israel har rett til å borda skip på veg til Gaza som eit tiltak for å hindra våpensmugling.

 

Av Olav H. Aarrestad

 

Av lesarinnlegg i norske aviser skjønar vi at talet korkje på Israel- eller Ss-vener ser ut til å ha minka monaleg etter den israelske piratverksemda mot sivile farty i internasjonalt farvatn (31.5.).  Eller er det slik at Aftenposten et co. plukkar ut like mange pro- som kontrainnlegg for balansens skuld?

 

I alle høve, vi kjem i tankar om Pavlovs refleks. Mon tru det ikkje skulle vera slik at norske born og unge vert ala opp til å identifisera seg med jødar (les Israel) og den angloamerikanske kulturen frå barnsbein av? At dei nærast reagerer på (sjølvforsvars)refleks kvar einaste gong Ss eller Israel gjer brotsverk mot andre land og folk.

 

Det er eit paradoks at eit tiltak som kallar seg ”De hvite bussene”, ser som sitt viktigaste føremål å poda inn i norske skuleungdomar empati med jødar og i neste hand med Israel. Dei verkeleg kvite bussane var noko den svenske humanisten Folke Bernadotte fekk til for å frakta skandinavar ut av tyske konsentrasjonslæger jamvel før krigen var slutt. Sjølv vart han drepen av israelske (halvoffisielle) terroristar i 1948 då han var SNs utsending i Palestina. Han var ein upartisk oppmann og favoriserte ikkje sionistane.

 

Så lenge dei som driv hvite-buss-tiltaket, ikkje skil klart mellom jødedom, sionisme og Israel, skapar det lett forvirring i norske hjerner. Norwegians skjønar ikkje at ein godt kan vera antisionist og svært kritisk til Israel utan å vera eit dårleg menneske. Noko heilt anna er å tala eller skriva nedsetjande om jødar, då er ein rasist. Ein burde helst ikkje nytta ordet antisemitt, for den absolutt største gruppa semittar er arabarane. Såleis finst det langt fleire antisemittar i Europa og Ss enn ein til vanleg reknar med.... Dei fleste som kristiserer muslimar for dette og hint, løyner i røynda sine antisemittiske (antiarabiske) haldningar bak kritikk av islam og kledeplagg.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering