Eg har også gifta meg ein gong.
Plassgut - ikkje mors beste barn,
tura med heimbrent, slost i flekkan,
og i grannebygda bak åsen
sat ei jente med ein førkjunge
som ho skulda meg for.

Men dotter til Bø-bonden, banksjefen,
ville absolutt ha meg,
det nytta ikkje kva foreldra sa.
Til sist gav Bø-mannen etter.
Kapellan Olsen vigde oss
på lespande bergensk,
og etterpå åt vi svin og surkål
på Gjestgiveriet.

Vi starta med vals
og enda med springar,
- men kvardagen grydde
over Skomakarplassen.
Ungar kom. Dei lærde data
og gjekk dokterskulen.

Da banksjefen gjekk skoa av seg
var eg god å ha.
No er han fusjonert,
og vår data-son
styrer alt frå hovudstaden,
medan han sjølv får piller
av dokter-dottera.

Slik kan følgjene bli
av eit heilnorsk brudlaup.
Og ei kafédame
er slett ikkje ringare enn ein

Lappeskomaker

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering