Dreyfussaka ikkje heilt klårlagd

 (18 - 2017) Del 1 av 2: Krev ei, min venn, at jeg skal gåten klare. Jeg spørger helst, mitt kall er ei at svare (Visstnok frå Ibsens dikt til Georg Brandes i 1875)
Olav H Aarrestad
Det er slått fast som eit faktum at Alfred Dreyfus (fødd i 1859 i Mulhouse, Alsace, død i Paris i 1935) vart uskuldig dømd for spionasje til bate for Tyskland og at den skuldige var ein annan offiser, nemleg Marie Charles Ferdinand Walsin Esterhazy, (fødd i 1847 i Paris og død i 1923 i Harpenden i England).
Ferdinand Estherazy
Det er ein del sider ved heile affæren som ikkje har vorti fullnøyande oppklarde . I sumt dreier det seg også om forteiing, forfalskningar og udokumenterte påstandar. Først litt om korleis det heile byrja:
I september 1894 skulle madame Bastian, som var reingjeringshjelp i den tyske ambassaden i Paris, men også arbeidde for den franske overvakingstenesta, i ei papirkorg ha funni eit istykkerivi brev i seks større delar utan underskrift og utan datering. Det var adressert til militærattasjeen ved ambassaden, Max von Schwartzkoppen. Ho skal ha overlevert dette brevet som sidan går under namnet le bordereau, til major Hubert-Joseph Henry i skuggen av eit kapell ved kyrkja Sainte-Claude ( i 7. arrondissement i Paris). Major Henry var nestkommanderande i La section de statistiques (det offisielle namnet på den militære etterrøkninga) . Som alt når det gjeld Dreyfussaka, finst det ulike versjonar om korleis brevet kom til etterrøkinga. Til vanleg leverte Marie Bastian (som kunne tysk) ein pose med oppsamla funn gjennom ei viss tid til seksjonen, anten personleg eller via eit bod. Den offisielle versjonen var at brevet var komi på denne vanlege måten. På brevbitane som vart klistra saman, kan ein lesa dette :
Sans nouvelles m’indiquant que vous désirez me voir, je vous adresse cependant, Monsieur, quelques renseignements intéressants : 1. Une note sur le frein hydraulique du 120, et la manière dont s’est conduite cette pièce ; Une note sur les troupes de couverture (quelques modifications seront apportées par le nouveau plan); 2. Une note sur une modification aux formations de l’artillerie;3. Une note relative à Madagascar;4.Le projet de Manuel de tir de l’artillerie de campagne (14 mars 1894);Ce dernier document est extrêmement difficile à se procurer et je ne puis l’avoir à ma disposition que très peu de jours. Le Ministère de la Guerre en a envoyé un nombre fixe dans les corps, et ces corps en sont responsables. Chaque officier détenteur doit remettre le sien après les manoeuvres. Si donc vous voulez y prendre ce qui vous intéresse et le tenir à ma disposition après, je le prendrai. A moins que vous ne vouliez que je le fasse copier in extenso et ne vous en adresse la copie. Je vais partir en manoeuvres [/pull_quote_center] (Det finst og ein lengre versjon, omsett til engelsk på Investigation and arrest of Alfred Dreyfus på wikipedia)
Formuleringane er så pass uklåre at det ikkje går tydeleg fram om Schwartzkoppen alt hadde fått dokumenta . Det er serskilt ordlyden når det gjeld det siste papiret som er uklar: Dette siste dokumentet er svært vanskeleg å få tak i, og eg kan ikkje halda på det meir enn i svært få dagar. Krigsministeriet har sendt eit fastsett tal til avdelingane, og desse avdelingane er ansvarlege for dei. Kvar offiser som har eit dokument, må levera det tilbake etter manøvrane. Om De såleis vil ta det som interesserer Dykk og overlata det til meg etterpå, vil eg ta det. Med mindre De ikkje vil at eg skal få det kopiert in extenso og sender ein kopi.
Alle dokumenta er knytte til artilleriet – kan henda med unntak av punkt 3 (Eit notat om Madagascar)
Ei intern undersøking, først og fremst omfattande artillerioffiserar, vart sett i gang . Det var slik Alfred Dreyfus kom under mistanke, og på grunnlag av skriftprøver, meinte dei å ha funni rett mann etter at fleire skriftekspertar hadde uttalt seg. I den samanhangen kan ein fundera på om det vart teki skriftprøver av andre også.
I tillegg til saksdokumenta kom eit løynt dossier, som forsvarsadvokaten ikkje fekk tilgjenge til og som først i våre dagar er vorti gjort offentleg, men ikkje i original form. Under åra saka varde, vart nye papir lagde til, kan henda og tekne bort. Denne løynlege saksmappa har vist seg først og fremst å innehalda ei brevveksling av homoerotisk karakter mellom Max von Schwartzkoppen og den italienske militærattasjéen greve og oberst Alessandro Panizzardi. I brevvekslinga skal Dreyfus ha vorti dregen inn. Heller ikkje i nyare tid har ein interessert seg for å finna ut om Dreyfus kjende desse to personleg og om han eventuelt høyrde til deira krins. Slike nettverk av homofile var ikkje uvanlege i 1890-åras Paris. Heller ikkje var det uvanleg at homofile var gifte; Schwartzkoppen var det og han hadde to døtrer. Eit mogleg motiv for Dreyfus – om no han var den skuldige – kan ein kan henda finna i eit homoerotisk venskap, men dette vart aldri trekt fram offentleg og verserte eventuelt berre i strengaste løynd blant etterforskarar og domarar.
Det er heller tvilsamt at Dreyfus kunne ha hatt eit pengemotiv. Han var yngstemann av ni søsken i ein svært rik jødisk familie frå Mulhouse i Alsace som Preussen tok frå Frankrike i krigen i 1870-71. Faren dreiv eit større bomullspinneri og hadde interesser i eigedom og anna fabrikkverksemd. I 1868 var Alfred byrja på fagskule i Mulhouse for å utdana seg i same retning som faren. Familien valde å halda på fransk statborgarskap då borgarane i Alsace fekk dette valet etter det franske nederlaget, og flytta til Basel i Sveits i 1872 for å vera i nærleiken av verksemdene i Mulhouse og dessutan for å ta seg av andre investeringar. Same året vart eldstebroren Mathieu og Alfred sende til Paris for vidareutdaning medan resten av familien frå 1874 av var tilbake i Mulhouse. Det er først i 1878 at Alfred Dreyfus vel ein militær karriere. I 1890 er også Mathieu tilbake i Mulhouse. Alfred utdana seg til artillerioffiser, og i 1893 vart han plassert som ”capitaine- stagiaire” (opplæringsstilling) i den militære overkommandoen i Krigsministeriet der han var innom alle avdelingar. Han budde ikkje i offisersforlegning, men hadde sitt eige store husvære i rikmannsavenyen Trocadero der han budde i lag med kona Lucie og to born. Han heldt jamvel sin eigen stall med ridehestar. Pengane kom frå familien I Mulhouse. Som person skal Dreyfus ha vori heller distansert, nokså antipatisk og oppfarande.
Eit anna motiv for eventuelt å gjera teneste for tyskarar har det vorti ymta om i sume samanhangar. På krigskulen vart Dreyfus rangert som nummer 9, sjølv meinte han han skulle ha betre plassering og klaga over karakteren i eit fag. Klagen vart ikkje teken til fylgje. Sume har i ettertid påstått at det var av di leiinga ikkje ville ha nokon jøde som førstemann i kullet. Dette er ikkje skikkeleg dokumentert, men saka var nok eit vonbrot for den ærehuga Dreyfus. Om det skapte nok uvilje mot Frankrike til å gjera han til spion, vert berre spekulasjonar.
Saksgangen vidare er denne:
Den 9. Oktober 1894 gjev krigsministeren, general Mercier ordre om å opna ei offisiell undersøking og den 15. Oktober vert Dreyfus arrestert av oberst du Paty de Clam, som var peika ut som ”officier de police judiciaire”. Du Paty de Clam som var ihuga grafolog, var ein av dei som hadde vorti konsulterte når det galdt skriftprøva frå Dreyfus, og han var ikkje i tvil om at Dreyfus var den skuldige. Under avhøyr, der Dreyfus skal ha komi med sume sjølvmotseiande utsegner, men utan å tiltstå noko som helst, skal forhøyraren, major Henry, ha vorti overtydd om at han var skuldig.
Tilhøvet til Tyskland
Dei militære og regjeringa freista halda tyst om affæren, ein ville at alt skulle gå føre seg i løynd.. Regjeringa kunne ottast forverra tilhøve til Tyskland. Utanriksministeren, Gabriel Hanotaux (stort sett i funksjon frå 31.5 1884 til 14.6.1898), var kritisk til England og ivra for å skipa ein kontinental blokk gjennom ein solid allianse mellom Frankrike, Tyskland og Russland. Han kjempa innbitt mot revansjisme andsynes Tyskland.
31. oktober 1894. Oberst du Paty de Clam overleverte sin rapport om etterrøkinga han har gjennomført til krigsministeren.
Frå 19, til 21 desember går saka for krigsrett med stengde dører
22. desember vert Dreyfus samrøystes dømd til degradering og forvising til Guyane for livstid.
I ei slik sak hadde ikkje dødsstraff vori utenkjeleg. Det kom sidan fram at den løynde saksmappa vart lagd fram for domarane, men ikkje for forsvararen og den åklaga sjølv
31. desember “La Cour de Cassation” avviser klagen frå Dreyfus.

 

Resten får du i papiravisa og eAvisa, i nr 18 og 19 2017


RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk månadsavis, med ei lang historie, ho blir redigert av ein frivulleg redaksjon og er basert på frivullegheit. Difor treng ci og bidrag, både økonomisk, innhaldsmessig og andre oppgåver. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Vevredaktør: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgjevar: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media