Silkeveien gjennom Georgia

På mykje av 12- og 1300-talet sytte mongolske herskarar for siste stordomstidi åt Silkevegen som var dei gamle handelsvegane millom Kina og Europa, frå aust til vest.


Arne Horge


Frå byen Genova på vestsida øvst i det italienske støvleskaftet siglde handelskarar på 1200-talet ut sunnanfor Italia og Hellas og inn i Svartehavet og kjøpte seg løyve hjå den mongolske khanen til upphelde i byen Kaffa (byen har no fenge att det tidlegare namnet Feodosia) på Krim for å vera med på handelen og umlastingi til båt frå armen av Silkevegen som kom ut ved Svartehavet. Dette låg det god forteneste i, det var sjølvsagt difor dei kom.


Hausten 2013 lyste riksstyret i Kina ut tankjen um ei ny silkeveg der det som fanst av handels- og ferdselsvegar frå gamalt skulde vølast og utbetrast og nytt skulde byggjast for bil og båt og tog. Eit slikt samanhangande net av ulike ferselsårer i god stand og med lite eller ingen statlege hindringar vilde vera til bate for folk og land der dei kom fram, meinte kinesarane. Men dei såg fyre seg meir enn eitt tiår med planleggjing og byggjing innan ein heiltupp ny silkeveg kunde verta røyndom.


Tankjen um auka innkomor frå gjenomgangsførsel av varor og auka inntjening frå innanlands tilverknad fata snøgt hjå leidingi i Georgia, eit langstrakt land på sørsida av Kaukasusfjelli og med hamnebyar ved Svartehavet. Etter å ha umrådd seg nokre månader i 2017 gjorde leidingi i vesle fatige Georgia, landet hyser berre vel tre millionar innbyggjarar, ein handelsavtale med stormakti Kina. Eit friast mogeleg næringsliv og vel utbygd samferdsel skulde gjera Georgia til eit blømande knutepunkt millom aust og vest.


På 2000-talet hadde Kina endra utanrikspolitikken til «å gå ut» med tiltak i andre land. No er Kina inne i Georgia med pengar og fagfolk til umfartsvegar kring byar, til tunnelar og til jarnvegar. Attåt beinvegas nytte ser georgiske politikarar på desse tiltaki som eit vern mot eit tenkt russisk åtak, russarane vilde akte seg for å koma på kant med kinesarane i Georgia, er tankegangen.


I sjølve varebytet ligg Georgia langt og lengere enn langt etter Kina. Medan kinesarane kan bjoda fram ulike varor med høgt verde, kjem Georgia med skrapmetall og malm og billege landbruksvaror. I det georgiske vareutvalet kan vin segjast å vera eit slags undantak med høgare pris, og i 2017 kjøpte kinesarane 7,6 millionar flaskor, men det vert likevel berre som ein skvett å rekne samanlikna med russarane, dei kjøpte 48 millionar flaskor åt færre folk. Denne vinhandelen er eit godt døme på det motsetnadsfulle i georgisk møte med umverdi. For det gjeld meir enn berre vin, Russland er viktugaste kjøparen av samla georgisk utførsle, men vert samstundes rekna for den store fienden. Georgia strevar etter å koma inn i vestlege militære og politiske samband, EU og NATO, men knyter seg ogso tett til Kina.


Ved sida av vegbyggjing er det tvo store utbyggjingar innan samferdsle som skal gjerast heiltupp ferdige, og som trygt skal knyte Georgia til den søre armen av ein ny silkeveg. Det er jarnvegen Baku (Aserbajdsjan), Tbilisi (Georgia), Kars (Aust-Tyrkia), og det er fullføringi av djupsjøhamni Anaklia på Svartehavskysten der mykje arbeid står att. Til Anaklia skal dei største lasteskipi kunne gå inn og snøgt taka mot varor til Europa.


Men sjølvsagt er det skjer i sjøen for den georgiske leidingi. Georgisk politikk tek lite umsyn til vanlege arbeidsfolk med knappe innkomor, og det kan verta misnøgje med at pengar til utbyggjing på fleire år ikkje gjev noko attende. Og dette er di fårlegare i Georgia avdi politikken i stor mun sviv kring sterke sjølvråduge leidarar og ikkje kring nasjonalforsamling og partiprogram. Nett no er det rikmannen Bedzina Ivanishvili som har styringi, men skulde arbeidsfolk finne sin sterke mann, vilde eit mogeleg byte kunde få endå meir preg av revolusjon enn tidlegare byte, og kva då med Silkevegen? Eit stort tal kinesiske framandarbeidarar er heller ikkje berre velsedd i Georgia.


So står det att å sjå um ein ny silkeveg vert fullt utbygd, og i so fall um folket i Georgia fær gjort seg nytte av han plent som genovesarane i Feodosia (Kaffa) hadde nytte av den gamle. Utanum silke og andre dyre varor gjekk ogso mykje slavehandel gjennom Feodosia, og det kan godt vera at framandarbeidarar på slavekontrakt vert ei viktug vare for ein ny silkeveg.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering