Ungarn – Ei forteljing om Europa

Omtale av boka, som er skreve av Øyvind Strømmen, den er på 176 sider og utgitt på Humanist forlag. Øyvind er utdanna journalist og religionsvitar, som tidlegare har skreve fleire bøker om europeisk høgreradikalisme og høgreekstremisme, blant anna I hatets fotspor (2014). Han har og skreve biografien Anders Lange – en norsk historie (2016).
Det sentrale i boka er Ungarns rolle i Europeisk samanheng, og tenking, i høgrepopulismens tidsalder. Ungarn leiast i dag av Viktor Orbán, som leia opprøra i 1989 mot kommunismen. Partiet hans heitar Fidesz, som ofte talar Brussel midt i mot, han vil gjerne byggje eit «illiberalt demokrati», som forfattaren kallar det, og ein «arbeids-stat». Strømmen skriv om Ungarns historie i eit større perspektiv, det som vi i dag kan sjå som ei mistru til det politiske etablissementet, og skepsisen det vestlege demokratiet er utsett for.
Boka er ei historisk beretning, og gir eit godt innblikk i historia med «kampen for å lausrivast» frå 1956 til i dag, der ein i 2010 vedtok ei erklæring der det skildrast om nasjonens sjølvråderett, korleis den har gått for seg under diktatur og okkupasjon, og to turbulente tiår med overgang. Dette er eit interessant dokument som skildrar mykje av kva Ungarn i dag sit igjen med av historia, vidare står det at avtalar innleia etter kommunismens fall førte til «sårbarheit i staden for friheit, gjeld i staden for autonomi, fattigdom i staden for framgang, og ei djuptgåande spirituell, politisk og økonomisk krise i staden for håp, optimisme og brorskap». Dette kan underbyggjast med mellom anna Klassekampens sak 18. april i år, der reallønsvekst og håp kan skildre situasjonen i Kviterussland, mens Ukraina som har lena seg mot vesten, Europa og Nato, har motsette teikn. Det gjeld fleire av austblokklanda.
Misnøgd med det nye, meir vestlege samfunnet er stor blant befolkninga. Dette er teikn ein kan sjå over heile Europa etter kvart, populismen vekst, og den vert stadig meir høgreekstrem, ytterleggåande og fiendtleg. Som Romanias statsminister, Valentin Naumescu, sa ved inngangen til året, at eksisterande skiljeliner vert djupare, eksisterande spenningar verre, og at vi står ovanfor eit historisk vendepunkt. Vi kjem til å få sjå dramatisk polarisering og ny ideologisk strid, ikkje sentrum-høgre mot sentrum-venstre, men liberal mot illiberal.
Strømmen gir gode historiske tilbakeblitt, særs godt med kjelder, notar og litteraturliste, så han vitjar å kunne dette, men det er få kommentarar og betraktningar, utover den reine historieforteljinga, den saknar vi.
Viktor vart våren 2018 gjenvald som statsminister med høgare oppslutning enn sist.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!














Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering