GJELD OGSÅ KLÆR: Klær er for billig og vi betaler for lite for dem, sier Madelen Høgnes Syversen. Hun er både kjole- og draktsyer og jr. Pattern Maker. Hun mener at nordmenn har mistet respekten for klærne de bruker og kaster dem uten å tenke seg om. 																																Foto: Sebastian Holsen / NTB scanpix
GJELD OGSÅ KLÆR: Klær er for billig og vi betaler for lite for dem, sier Madelen Høgnes Syversen. Hun er både kjole- og draktsyer og jr. Pattern Maker. Hun mener at nordmenn har mistet respekten for klærne de bruker og kaster dem uten å tenke seg om. Foto: Sebastian Holsen / NTB scanpix

(2-17)Me er i eit konstant jag etter billeg mat, billeg elektronikk, den rimelegaste bensinen, og straumen til innkjøpspris. Media er med.


Straum til folket
På berre eit kvartal i 2016 bytta 114 800 hushaldningar straumleverandør! Fekk dei ei lågare rekning, mange tenkjer, og trur det sjølv. Nokre fekk nok det, for eksempel dei som ligger på ein «avtale» som er gamal, som har høgt påslag per kilowattime. Dei andre, som har ulike innkjøpsavtalar, gjerne med «kundefordelar» og andre forlokkande bodskap, tener ikkje noko som helst, eller så lite at det ikkje vert ein liter mjølk av det. Straumleverandørane, eller straumseljarane, som me heller burde kalla dei, er oppbygd med flest mogleg produkt, med fine namn, gode bodskap, fordelar, fastpris, variabel, spot. Kva er forskjellen? Me alle vert lurt. Den nordiske straumbørsen har skulda.
16,5 TWh til utlandet
I 2016 produserte norske kraftverk 148,9 TWh ifølge NVE. Det totale straumforbruket var 132,3 TWh. Me har altså 16,5 TWh til gode. Desse 16,5 TWh er både produsert, og seld. Seld til utlandet, krafteksport. Me har altså overskot. Korleis burde det norske samfunnet nytta eit sånt overskot? No vert det seld for høgast mogleg gevinst på kraftbørsen. Det fører til at magasina vert tappa når prisen er høg, og når det da regnar mindre i ein periode, får du ein høgre pris. Ifølge systemet er dette heilt naudsynt, at me nordmenn betalar meir for straumen, fordi nokre få tente pengar på å selje han utanlands. Det får me berre akseptere, at me nordmenn betalar høgre pris, fordi dei tente pengar på å selje han til nokre andre.
Media gjekk fem på
Da Reitan skulle koma, eller «Æ kjæm», like før nyttår, valde media å skrive om saka. Adresseavisas Kirsti Husby sa til Journalisten «Rema er en viktig aktør å følge for mediehuset.»
Viare uttalar ho «redaksjonen alltid har en høy terskel for å gå inn i saker hvor de kan ende som aktør i noens kampanje. Det er også vurdert denne gangen.»
– Det pågår store endringer i dagligvarebransjen i Norge og Rema er en av de ledende aktørene. Da er det naturlig å følge opp en så stor og synlig kampanje i vårt nedslagsfelt som antyder endringer i butikkonseptet, sier Husby.
– Saken har leserinteresse, noe vi også ser før vi skriver om det gjennom diskusjoner i sosiale medier, sier hun og legger til: Vår oppgave som journalister er å belyse hvilke endringer de er i gang med som er av betydning for forbrukerne og for aktørene Rema samhandler med.
I både forkant, og i ettertid har det blitt skrevet hundrevis av artiklar om Remakjedas namnebytte, satsing, «bestevennstrategi», Mackølet, kjøpmenns valmoglegheiter og ikkje minst eit «kundeopprør», og negative følgjer namnebytte måtte få.
Remakjeda fekk mykje merksemd, og støtte før dei lanserte Æ den 4. januar, mykje av dette kan sjås på som reklame og tekstreklame i ettertid. Det florerte i media og alle var «supernysgjerrige» på kva som skulle skje. Det er svært uheldig at journalistikken er kome så langt at den handlar i stor grad om det ulike aktørar uttalar, pressemeldingar og rett å slett reklame. Journalistikken slit, når me kan lese det sama i 20 ulike aviser og nettstader, med sama vinkling, sama uttalelsar, og det heile manglar analyse, konklusjon og moglegheiter for framtida, da er det dags for journalistikken å fornye seg sjølv. Den må gå i seg sjølv, finne ein identitet, invidualitet og dyrke denne. Me har ikkje interesse av korkje å lese Remareitans pressemeldingar, eller at to vert tatt i fartskontroll på E6. Dette fører direkte til at befolkninga mister interessa for det gravande, for det djupe. Det som i ei tid som me er i no, kanskje er meir naudsynt enn nokon gong

 

...resten leser du i FRIHETEN

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

PRIS PÅ BILLIGSALG

(Harald Øystein Reppesgaard - nr 21 - 2010) Før hang den høyt og søt var den - denne fredsprisen. En ”upolitisk” komité nedsatt av det politiske ...















Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering