Folke Bernadottes innsats for forsoning
Ein kom nyss over dette:  UNRWA (SNs hjelpe- og arbeidsorganisasjon for Palestina) har registrert 4255 219 palestinarar som flyktningar frå det tidlegare Palestina, no okkupert av israelarar.
 
Tankane går til Folke Bernadotte. Dersom han hadde fått leva og planen hans hadde vorti sett  ut i livet, ville Palestina og den jødiske delen av det sett heilt annleis ut, og vi ville truleg ha levd i ei fredlegare og meir forsona verd. 
 
Det er ikkje lett å skriva om Folke Bernadotte av di han framstår  utan lyte på alle felt. Han ville berre det gode og gjorde det gode så langt han makta –og det vil ikkje seia lite.
 
Folke Bernadotte vart fødd andre 2. januar  1895 som soneson til kong Oscar den II, men utan arverett til den svenske trona av di far hans, prins Oscar,  hadde gifta seg borgarleg. Folke fekk rett til grevetittel. Han utdana seg til offiser i kavaleriet , som rittmeister gjekk han over til reserven  i 1932, men vart rulleførd som major i den svenske vernebuingsstyrken i  1941..  Frå 1937  var han leiar for det svenske speidarsambandet, og i 1943 vart han nestformann i Den svenske Raudekrossen. Det er som Raudekrossmann han kjem til å gjera ein stor humanitær innsats. På grunn av den høge alderen  til formannen, onkelen Prins Carl,  vart Folke B. i røynda den eigenlege sjefen for organisasjonen. . Han kasta seg med ein gong over arbeidet med utveksling  av krigsfangar .Sveitsiske styremakter og den Internasjonale raudekrossen hadde tinga fram ein avtale om utveksling av tyske og britiske krigsfangar (også nokre usanske og australske)  via Sverige, og Bernadotte fekk ansvaret for den praktiske  sida ved denne utvekslinga og ei seinare utveksling som også gjekk føre seg via Göteborg hamn.  Til saman vart ca 11 000 krigsfangar repatrierte.
 
1943: F. Bernadotte i samtale med australske krigsfangar som blir utveksla via Sverige
 
Bernadotte engasjerte seg  no i å besna tilhøva for tyske soldatar i sovjetisk fangenskap og sovjetiske i tysk. 
 
I november 1943 drog han først til Genève og så til Berlin der han hadde samtale med den  fungerande sjefen for den tyske raudekrossen, Obergruppenführer Ernst-Robert Grawitz, som heldt fram at humanitet var eit avleggs omgrep, det burde heller heita å vera riddarleg, og at den tyske ungdomens første plikt var å utmerka seg  i krig.  I boka ”I stället för vapen ” skriv Bernadotte at Grawitz tok liv av seg nokre månader seinare. Kan henda var han ikkje så trygg i si overtyding som han hadde gjevi inntrykk av, funderer Bernadotte.  (Sjølvmordet vart i røynda først utført i april 1945 då Grawitz ynskte å forlata Hitlers bunker, men ikkje skal ha fått lov til det)  Bernadotte kjem midt oppi allierte bombeåtak på Berlin, blant anna vart den svenske legasjonen i Tiergarten der han oppheldt seg, bomba sønder og saman (Natta  mellom  22.og 23.november 1943), og oppe i gatene møtte han ein ruinpark  og  apatiske menneske. Dei einaste bygga som hadde vorti sparde –eit underleg lagnadens lune- var den italienske og japanske ambassaden.  Tilbake i Stockholm tok han kontakt med sjefen for den sovjetiske legasjonen, Madame Kollontaj om ei mogleg gjesting i Leningrad og Moskva for vidare arbeid med utvekslingsplanane. Ho lova å gjera alt ho kunne, men hadde sine tvil når et galdt å få vitja sovjetiske krigsfangelæger.  Molotov hadde tidlegare synt seg heller avvisande av di Tyskland jo ikkje fylgde internasjonale reglar for handsaminga av sovjetarar  i lægra sine.  Etter at Alexandra Kollontaj hadde avslutta tenesta si i Stockholm,  rann det heile ut i sanden.
 
Då krigen gjekk mot slutten, seinhaustes 1944, var Bernadotte i Versailles og hadde samtalar med øvstkommanderande for dei allierte styrkane i vest, general Dwight Eisenhower, som stilte seg positivt til humanitært arbeid  blant krigsoffer, men verkeleg inspirasjon fekk han av  den svenske generalkonsulen Raoul Norlding,  parisar i sitt hjarta, som hadde spela ei slik viktig rolle når det galdt ei fredeleg tysk evakuering av Paris og såleis hindra at byen vart øydelagd. I  boka ”Siste akt” skriv ikkje Bernadotte tydeleg kva denne inspirasjonen gjekk ut på, men ein kan tenkja seg at det galdt bruk av uortodokse  metodar for å nå resultat  og overtydinga om at det gjekk an å tala vit til sume tyske leiarar.  Ein viktig innverknad fekk også nordmannen Nils Christian Ditleff som  hadde gjort teneste ved den norske ambassaden i Warszawa frå 1926 fram til den tyske invasjonen av Noreg.  Då  fòr han til Stockholm.  Ditleff insisterte på at ein først og fremst burde få dei norske fangane i tyske læger overførde til Sverige. Den svenske minister i Berlin, Arvid Richert, arbeidde på si side for at svenske kvinner som var vortne enkjer etter tysk ektemann, skulle få venda tilbake til Sverige. Den formelle sjefen for den svenske raudekrossen, prins Carl, insisterte på at også danskar måtte omfattast av ein eventuell avtale. Og slik vart det. Bernadotte drog til Berlin i februar 1945 for å freista få samtale med Himmler og ville bruka saka om dei svenske kvinnene som brekkstang. I  røynda var frigjevinga  av norske og danske krigsfangar hovudsaka.   Himmler synte seg å vera ein av desse tyskarane ein kunne føra ein vetug samtale med,  og dei kvite bussane byrja å rulla.  Til saman skal over 20 000 menneske av mange ulike nasjonalitetar  ha vorti transporterte ut av fangelæger og til Sverige..
 
Sidan var Bernadotte også i Noreg og vitja sovjetarar i fangenskap der, men det feltet der han kunne ha spela ei avgjerande verdspolitisk rolle,  galdt Palestina.
 
Innsatsen til Folke Bernadotte i Palestina
Som ein høgt verdsett Raudekrossmann fekk grev Bernadotte i oppdrag av generalforsamlinga i SN/FN den 21. mai 1948 å mekla i Palestina   Etter eit første framlegg som gjekk ut på å skipa ein union, innsåg Bernadotte det urealistiske i dette og kom med eit framlegg om to uavhengige statar. Framlegget bygde på sju prinsipp, som ein vil sitera her (på svensk): 
 
Det måste åter bli fred i Palestina och varje möjligt steg måste tas för att säkerställa att fientligheter inte återupptas och att harmoniska relationer mellan araber och judar i slutändan återupprättas.
 
En judisk stat kallad Israel finns i Palestina och det finns inga vettiga anledningar att antaga att så inte kommer att vara fallet även i fortsättningen
Denna stats gränser måste slutgiltigt avgöras antingen genom en formell överenskommelse mellan parterna ifråga eller, om en sådan överenskommelse inte kan nås, av Förenta Nationerna.
 
Les mer i Friheten.

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering