Skip to main content

Eit folk på trygd

Eit folk på trygd

Arbeidarpartiet skal korkje ha den fulle æra eller fulle skulda for at det norske samfunnet er vorti slik det er i dag, mykje har legi i dei korta som den generelle utviklinga i Vest-Europa og Sambandsstatane har delt ut til meir perifære statar. Men det er visse drag ved det norske samfunnet som nok må førast attende til særskilte sosialdemokratiske (fkse) idear.

Av Olav H. Aarrestad

1. Skatt er bra

Skatt på vanleg lønsinntekt er høgare i Noreg enn dei feste andre stader. Det har vori ei av årsakene til at det så godt som heilt er slutt på ferdigvareproduksjon her tillands. Det vert for dyrt å produsera kvitevarer, tekstilar, sko osb. osb. I sosialistiske statar var det så godt som ikkje skatt på lønsinntekt, direkte skattar er per se ikkje eit særkjenne ved ekte sosialisme. Med støtte i marxistisk tenking kan ein dessutan stilla spørjeteik ved det at dei som skapar meirverde (i vareproduksjon) og altså det som vi alle skal leve av, samstundes skal betala skatt av inntekta si.

2. Ein kan klara seg utan vareproduksjon Mange hevdar det er bra at ein slepp foredlingsindustri her tillands, industriarbeidsplassar er ikkje ”morosame”, og dei kan vera ureinande.

For dei er det heilt i orden at ein overlet til asiatar, kinesarar først og fremst, å laga dei varene ein treng til vårt komfortable daglegliv. I Sambandsstatane er dei enorme underskota i handelsbalanse og på driftbudsjettet for staten, kinesaranes uhorvelig store dollarreservar og opphoping i statsbanken av statsobligasjonar frå Ss, er eit tydeleg prov på at det er vareproduksjon som som einast gjev meirverde og reell fortenste. Finanskapital sprekk som ballongar som verta pumpa for sterkt. Sosialdemokratiet vil tryggja nordmenns framtid gjennom enorme pensjonsfond bygd på investering i finanskapital. Haldninga er så lite sosialistisk som vel mogleg: Framtidige generasjonar skal leva av arbeidarars slit i andre land. Står dei på, aukar den norske fnanskapitalen, og late nordmenn kan verta enda latare.

Category
Politikk
Posted
By: Friheten Show only articles of Friheten, On: 09 september 2009, Last Modified: 03 juni 2011
Info
Hits: 4419, Comments: 0, Bookmarked: 0, Followers: 0

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts