Kor toskut kan Oslo kommune vera?
-
-
Det er gått så langt no at ein kan tala om rasering av sentrale bydelar i Oslo. I Storgata og Thorvald Meyers gate, hovudpulsåra på Grünerløkka. går det no føre seg djupgraving for legging av nye trikkespor. Arbeidet skal visst vara i to år, og gatene er stengde for anna ferdsle enn trikk på eitt spor.
Syklistar av alle slag nyttar fortauga, og det har vorti litt av ein risikosport å vera fotgjengar. Det er dessutan uråd å kryssa Thorvald Meyers gate på over tre hundre meter til meins for dei som har butikk. Ein kan undra på kvifor kommunen ikkje har sett fortgang i arbeidet ved blant anna å erstatta trikk med buss, som ein kunne ha omdirigert til Toftesgate. Ein kan òg spørja om trikk er vorten ei så heilag ku at ein ikkje kunne ha valt å erstatta trikken i dette området permanent og såleis sleppa svært kostesame gravingar i to-tre år i to av dei travlaste gatene i byen.Riving av Tøyenbadet
Oslopolitikarane, ikkje minst SV, har fått det føre seg at Tøyen skal "oppjusterast" etter at Munchmuseet vert flytta. Såleis har dei funni ut at Tøyenbadet må rivast og erstattast med eit nytt. Det absurde er at nytt bad skal byggjast på same tomta slik at det noverande badet som kan fungera i fleire år til, først må rivast. Resultatet vert at byen vert utan eit skikkeleg bad med femtimeters basseng i minst tre år. Det vart ymta om at eit mellombels erstatnigsbad skulle byggjast, men det er visst skoti ut i det blå. Likevel ser det ut som rivingsarbeidet vil byrja like over jul - midt i vintersesongen då alternativ ikkje finst. .
Argumentet er at alt vert så mykje finare når arbeida er ferdig. Mon det. Dessutan; tre år er ikke berre. berre når det gjeld å lamma verksemd i ein by. Pensjonistar ikkje minst er fortvila. Mange finn helsebot i å bada ein gong i veka på Tøyenbadet, tre år av deira liv er i alle fall viktige. Var det elles for å avskrekka eller venja folk av med å gå på Tøyenbadet at kommunen høgna billetten med 25% frå 1. juli? No kostar det 135 kroner (95 for pensjor)
En passant kan ein nemna eit eklatant døme på dårleg planlegging. Badeplassen Katten på Bekkelaget er no delvis stengd. Frå slutten av juni byrja dei med å riva stupebrygga og stengde av området ikring. Nett no er det visst fellesferie, og ingen ting hender- Alt vert nok så mykje betre i november ein gong - for isbadarane .... -
Munchmuseet, Deichman og Nasjonalgalleriet
Av ein eller annan grunn fann politikarane ut at ein trong eit nytt Munchmuseum, eit nytt Deichman og eit nytt Nasjonalgalleri. Det paradoksale er at det nye Deichman som visstnok skal verta eit "opplevingingssenter" - direktøren har t.d. ikkje bibliotekfagleg bakgrunn - får mindre bøker enn det gamle. Kva dei skal gjera med den flotte gamle bygningen, har dei enno ikkje funni ut. Oslo kommune er vel i stand til å riva den òg.
Det gamle Deichman
Det har vori ein slags konsensun om at ein trong eit nytt Munchmuseum. Munch skal vera så stor at ingen ting kan vera godt nok for kunsten hans. Mon det? Det gamle museumsbygget er ikkje i så dårleg stand at ein treng eit nytt. Det er visst planlagt at Nationaltheatret skal halda til der i den tida teaterbygnaden vert renovert - sikkert naudsynt nok og langvarig.
Den vakre bygnaden til Nasjonalgalleriet som no har vori stengt pga flytting i snart eitt år, veit ein ikkje kva ein skal gjera med."Noko kunst" skal der visst i alle fall koma .... Bakgrunnen for bygging av eit nytt kolossbygg utan estetiske verde i Vestbaneområdet. var at ein ville slå saman klassisk og moderne kunst. Samtidsmuseet må difor også leggjast ned. Ein kan undra på om den såkalla moderne kunsten mest er ei døgnfluge på overtid. I alle fall vil det nok vera vanskeleg for generasjonar i framtida å finna mykje å gleda seg over blant det som no vert rekna som framifrå abstrakt kunst. Så lenge det finst ein marknad for sliik kunst og dei underlegaste installasjonar vert høgt takserte, held nok pengeverdet seg oppe, men ein må likevel ha lov til å spørja om kor stort det eigenlege verdet er. Ein del samtidskunstnarar er alt falli av lasset, så Samtidsmuseet bør nok kvitta seg med ein del før det flyttar inn i det nye bygget.
Med musé, bibliotek og bad som byggeplassar vil hovudstaden vera utan viktige kulturtilbod i ei god tid framover. Men pytt, pytt. Når alt står, ferdig vil alt vera så mykje betre ... At Oslo har mista historiske, vakre bygnader eller at dei vert tømde for innhald, er mindre viktig. Skal tru om det finst andre hovudstader i verda som får gjennomgå det same som Oslo nett no.By berre for rikfolk
Den klappjakta Byrådet driv på privatbilen har ført til at det skal god økonomi til å ha bil i Oslo. Buarparkering og drøssevis av bomstasjonar gjer det til ei kostesam affære å ha bil. For dei med ein million i årsinntekt og for politikarar med tenestebil og sjåfør spelar slikt lita rolle. I tillegg til høge bukostnader kan denne politikken føra til at fleire og fleire vert fordrivne frå hovudstaden, ikkje minst familiar med småborn - for dei er bilen svært nyttig. Innkjøp av tyngre gjenstandar i butikkane vert deutan umogleg. Skal byen snart berre ha matbutikkar, restaurantar og kafear? Dei høge straffetiltaka mot bensin- og dieselbilen gjer også at varetransport og drosjer vert dyrare. Korleis mindre rike oslofolk skal koma seg på hytta eller til andre avbaklege stader, er tydeleg nok ikkje eit problem for Byrådet. Elbil gjer ikkje same nytta. Med eitt står ein der med tomt batteri langt til skogs.
Ein vil tru at om eit par år vil verknadene ha slått inn over folk - og Oslo kan gå ei merkleg framtid i møte: Kostesam, upraktisk og nærast mura inne som byen då vil vera - og alt er forresten. Ein kan også risikera at mange arbeidsplassar vert lagde utanfor bomringsystemet.til stader med lett tilkomst og gratis/rimeleg parkering. Oslo går truleg mot avfolking.
Ein fjellvetregel seier at det aldri er for seint å snu. Bør ikkje oslopolitikarar også skriva seg denne byregelen over senga: Det går an å gjera om vedtak .....? Og i alle høve når det gjeld Tøyenbadet, er det ikkje for seint å snu.