Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Raudt lys for norsk jernbane? Framsidebilete er jernbanedirektør Kirsti Slottsvik				Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Når høgresida tar toget
Det er ikkje til å komme unna, jernbanen skal konkurrere. I verdsklasse. Den skal bli best, men kva kan bli betre, og kvifor skal den det?


Snart kan du reise med både britiskeigde Go-Ahead på norske spor. Skjønt, spora eig eg og du framleis. Det er eg og du som eig selskapet som sel billettane og, men dei ombord på toget skal få løna si frå det mykje omtala britiske selskapet. Til sist, er det vi som betalar for billetten, og. I Nord-Noreg kan vi få reise med det svenske folkets jernbanedriftsselskap, SJ. Dei tek over Dovrebanen, og alt nordover. Det treng ikkje bi verre, eller betre. Framdelen med SJ kontra Go-Ahead er at dei har mykje materiell, som dei eig i Sverige. Materiellet som Go-Ahead leiger av Norske Tog AS, er i grenseland for å klare avgangane som vi tidlegare har skrevet om i Friheten. Får dei feil, vert det fort innstilling.

Petter Konrad Sandvik.

 

 


Vy har tapt anbodskonkurransane, men eg er ikkje særleg uroa over det. Vi har ein offentleg sektor i Noreg som er redusert til å være spekulasjonsobjekt på nivå med kvart eitt internasjonalt investeringsfond. Det eg er, og som det er grunn til å være uroa over er ikkje denne eine konkurranseutsettinga av kven som skal betale løn, og uniformere folk om bord i toga. Uroa ligg i EUs stadig fleire jernbanepakkar, IV som den siste som krev at vi gjennomfører denne «privatiseringa». Dei føregåande jernbanepakkane har kanskje vore verre enn denne, for denne berre kompletterte det dei starta på. 


Vi kan ikkje utvikle ein sektor ved å splitte han opp, ikkje splitte den i ulike selskap, mellom departement eller liknande. Ein etat vert eit fellesskap som er det avgjerande for utviklinga. Det er ikkje uvanleg å sette ut einskilde funksjonar til andre selskap, men mange har brent seg. Kjente tilfelle er itsystem. Fellesskap må utviklast som ein kultur i eit slikt selskap, ein må ha kultur for samhandling, planlegging, organisering og visjonar. Sist, men ikkje minst, ansvaret må plasserast til ei kvar tid. Direktørar for ditt og datt kan nok være eit nødvendig onde i somme høve, men da må ikkje ansvaret hamne på den ubesette stolen mellom dei. Som ein Høgrepolitikar sa i Dagsnytt 18 i juni, ville ikkje offentleg eigde verksemder utvikle seg. Dei ville stogge opp, og aldri betre seg, frie for visjonar og framtidstru.  Til det er det å seie; politikarane har lagt løpet for kva mellom anna jernbanesektoren kan finne på. Hadde vi hatt dristige politikarar, som har trua på fellesskap, meirverdi skapt i ein slik kultur – og på framtida, hadde vi sett Ringeriksbanen, Nord-Norgebanen og fleire mindre banar i jernbanesektoren i dag. Hadde ikkje politikarane vore så sneversynte, sparsame og hatt ein skattepolitikk som gjer det rått å være rik, hadde vi ikkje hatt vedlikehaldsetterslep. Da hadde vi hatt nattog til Hamburg, og eit billettsystem i Europa som snakkar i lag – så det hadde gjort det litt lettare å ta toget på ferie, eg har nemleg prøvd.


I postoljeøkonomien må vi finne på noko anna å lene oss på økonomisk, eller handle (bytte) meir innanlands. Klimaproblema gjer og at vi kanskje må transportere og reise mindre, men ikkje minst meir miljøvennleg og framtidsretta. Da gjeld det og å få trua på oss sjølve, folket og samfunnet tilbake. Vi kan ikkje importere billeg etter olja, om vi ikkje får noko ny eksportartikkel i same skala som held kroneverdien oppe mot andre valuta. Tida er overmoden for å investere i eige land og helse nye samarbeid velkommen. For å nå disse tinga kan vi etablere eit fellesnordisk selskap som utviklar og bygger lok, vogner og motorvognsett til den nordiske marknaden, og seinare eksport. Opprette eit nytt fellesskapseigd jernbanekonsern som har utvikling og bruk av jernbanen i fokus, som syter for togdrifta, utdanning av personell, billettering, reinhald, signalsystem, underbygging, skjenegang og utbygging av nye banar for å dekke heile landet.


Framtida er her, vi kan ikkje la høgresida styre politikken over på private hender og la dei fortsette å presse på oss individkulturen som gjer oss meir sjølvopptatte. Snart er ikkje jernbanen norsk lengre. Det er ikkje vår.

Title Rating Avatar Author Hovedbilde Artikkel Category Category Created Changed C B V F H
Friheten Show only articles of Friheten Lokfører Yvonne Log forran 73-sett nr 45																			Foto: Terje Bjørlo/Friheten

Vi gir oss aldri, sier lokfører Yvonne Log

Omtrent til avtalt tid kommer lokfører Yvonne Log smilende inn døra for å snakke med Friheten....

Politikk lørdag, desember 07, 2019 lørdag, desember 07, 2019 0 0 0 1 2432

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts