Emil Løvlien - ein solid kommunist
-
-
Når ein ser på soga til NKP og kommunismen i Noreg, verkar det som det er fåe døme på såkalla intellektuelle som stod fast gjennom heile sitt vaksne liv Ein finn ikkje stort fleire enn Nordahl Grieg (som aldri var medlem av partiet), Viggo Hansteen og kona Kirsten og Just Lippe.
Rekkja av vaklarane, som gjekk ut av inn av partiet, spenn over tvilarar som til slutt enda på den rette sida når det til dømes gjeld motstand mot NATO (Hegna, Friis), til renegatar som Ole Colbjørnsen (CIA-agent?). Viggo Hansteen melde seg rett nok ut av partiet i samband med "Vinterkrigen", men må snart ha vori på plass att. I 1940 stod han saman med Just Lippe bak Kjennsgjerninger ei illegal kommunistavis og forløparen for Friheten.Olav H. Arrestad
-
Når det gjeld personar med proletarbakgrunn, var haldninga meir fast. Og blant dei høyrer Emil Løvlien (1899-1973). Om han kan ein seia at han fylgde den latinske formuleringa: Suaviter in modo - fortiter in re. Mild i forma, sterk i sak. I eit intervju NRK hadde med han på slutten av 1960-åra, understrekar han også korleis det prinsipielle må gjennomsyra alt ein står for og avgjerder i den minste sak, men at praktisk politikk og konkret arbeid er minst like viktig som lange teoretiske diskusjonar. Etter krigen hadde Løvlien ein lang karriere som parlamentarikar og heradstyrerepresentant (i Løten), men han vart meir eller mindre tvinga til å gå av som formann då reformismen tok overhand i partiet (avløyst av Reidar Larsen).
Løvlien starta som skogsarbeidar og småbrukar, men kom snøgt med i fagrørsla for skogsarbeidarane og i det einaste sosialistpartiet den gongen; Det norske Arbeidarpartiet. For han vart det heilt naturleg å slutta seg til NKP ved splittinga i 1923 i samband med striden om Moskvatesane og tilslutnad til Komintern.
Leninskulen
Som elev ved Kominterns skule i Moskva i tjueåra får han den teoretiske ballast som skal til for å utvikla seg i intellektuell retning, og frå no av tek det politiske arbeidet overhand.
Det står ein heroisk glans kring dei 89 nordmennene som i 1920 og i 1930-åra vart plukka ut til å gå på ei av den såkalla Leninsskulens to avdelingar, som regel eit ni månders kurs med førelesingar på morsmålet, men også undervisning i russisk, For elevane var kampen mot nazismen ein sjølvsagd ting, og minst 11 av dei sette livet til under krigen; skotne/avretta av tyskarane, døde i fangenskap eller på flukt. Ein kan nemna:
Osmund Lindgaard Brønnum
Leonard Schrøder Evensen
Arne Gauslå
Ola Kåre Sindre Hofmo
Ole Kjell Karlsen
Henry Wilhelm Kristiansen
Sverre Henry Lindegård
Lars Nordbø
Ole Olsen Rugstad
Alv Johan Torbjørnsen
Carsten Oliver Aasebøe
Minst kvar åttande elev ofra såleis livet for den saka dei trudde på. og så å seia alle var proletar i utgangspunktet.
Løvlien som redaktør og politikar
I 1933 vert Løvlien redaktør av Arbeideren, hovudorganet for NKP, og frå 1934 ril 1940 er han politisk sekretær. Det lokale kjem i bakgrunnen. Eit prov på dette er at han etter kvart misser dialekten frå heimtraktane utan at ein vil tru det ligg eit medviti val i dette. Då nazistane forbaud kommunistpartiet og sette i gong klappjakt på kommunistar, kom Løvlien seg til Sverige. Etter krigen kjem han tilbake som politisk sekretær og vert alt i 1946 vald til partiformann, ei stilling som han har heilt fram til 1965. Han var også (førebels?) siste kommunist på Stortinget (fram til 1961).
I intervjuet med NRK slår han fast at oppløysinga av Komintern i 1943 førde til at kommunisparti verda over kunne utvikla ei line ut ifrå eigne nasjonale føresetnader. utan å stå i opposisjon til det sovjetiske kommunistpartiet. Løvlien var såleis delvis med på dei krumspringa som det sovjetiske partiet gjorde etter Stalins død, men berre delvis. Han skal ha vori irritert over og kritisk til at Khrustsjov ikkje informerte dei utanlandske delegatane til partikongressen i 1956 på førehand om inhaldet i den sjokkerande talen han heldt etter at alle val på kongressen var avslutta. Løvliens skepsis til avstaliniseringa kosta han nok formannsombodet i partiet.
I intervjuet vart han spurd om haldninga si til Moskvprosessane, og Løvlien seier at han har vondt for å tru at Sovjetleiinga ville ta på seg kostnadene, ikkje minst andsynes utanverda, med slike prosessar om det ikkje låg noko reelt bak. Han avviser Trotskij som ektremist blant anna gjennom teorien om den permanente revolusjon. Han kunne også ha sagt gjennom teoriane om bruk av terror frå selektivt til altomfattande nivå. .
Jamvel om Løvlien var høgt respektert på Stortinget, vart han ståande stort sett åleine i svært mange saker og som eit synbol på Moskvas fjernstyring av norske kommunistar. Ein minnest ei sending under eit kommunevalprogam i NRK der alle dei andre kasta seg over Løvlien og gjorde han ansvarleg for den sovjetiske innmarsjen i Ungarn. Løvlien pekte på at dette vel hadde svært lite med eit norsk kommuneval å gjera, men ingen ville høyra på han. Ein kan elles ikkje minnest at noko norsk parti vart stilt til ansvar for Vietnamkrigen korkje i eit kommune- eller stortingsval jamvel om Noreg var militært og politisk alliert med USA.
I samfunnshuset Skjold i Nordbygda på Løten er det i ein del av bygget ei utstilling til minne om Emil Løvlien. Det heile vert drivi for private medel gjennom ein samskipnad, og vil ein sjå utstillinga, må ein gjera avtale på førehand. 31 august vert det haldi ein stor loppemarknad med det føremålet å skaffa medel til vedlikehald og drift av bygninga. Då vil Løvlienavdelinga vera open for interesserte.
Av skrifter av Løvlien kan ein føra opp desse:
Arbeiderklassen og kommunevalget, 1934
Den politiske situasjon og opgavene i kampen for arbeiderklassens enhet, 1936
Verg landet mot reaksjonen, 1936
Fram for folkestyret, 1937
Programdiskusjonen i Det norske Arbeiderparti, 1939
Kommunistene og gjenreisningen, 1945
Partiets konsolidering og oppgjøret med det annet sentrum, 1950
Større profitt eller høyere lønn?, 1950
Hva gjør regjeringen med Norge?, 1951
Wehrmacht eller fred, 1951
Ny kurs i lønns-, pris- og skattepolitikken, 1952
For nasjonal frihet, fred, sosialisme, 1953
Hva vil Norges Kommunistiske Parti?, 1957
“Frihandelsområdet” og Norge, 1958