DET OSMANSKE OG DET RUSSISKE IMPERIET
-
-
Eg hugsar frå då eg var ein småfant, dei vaksne prata um eit slagsmål utanfyre ungdomshuset: «Han banna og skreik og slo som ein turk», vart det fortalt um den eine. Gamal tru um det osmanske riket og det tyrkiske folket hadde biti seg fast i folkemålet vårt og vorte slipt ned til eit forsterkande ord um villskap, «ein turk».
Arne Horge
-
Etter at dei islamske osmanane (tyrkarane) i 1453 hadde herteke det bysantinske Konstantinopel og bytt namn på byen til Istanbul, voks makti deira ut til å femne um eit imperium. Kristne statar gjekk til motåtak millom anna med overdrivne påstandar um hjartelaus og trulaus framferd. Påstandane vart spreidde vidt um med den nye prentekunsti. Tyrkarane var ikkje berre vantru, men ogso bastardar, sleiske hyklarar, tjuvar og kjeltringar, dei var maktsvoltne og ikkje til å lite på i avtalor og semjor, og dei stengde av handel og trælka folki dei fekk herredøme over. Det var ikkje måte på.
Vakne folk i dei kristne landi beit ikkje på denne gjerdlause propagandaen. Ein av dei var bergensaren Ludvig Holberg (1684-1754) som i versforteljingi «Peder Paars» driv ap med vetlaus tyrkarredsle. Gamle Gunhild bannar kvar morgon paven og tyrkarane fyre ho et, og endå ho aldri har sett ein tyrkar, veit ho at han «gode Christne Folck med Haar og Hud opæder / Og dricker deris Blod, ham intet Øll saa glæder, . . .» Slike tankebilæte, um dei er aldri so ordlause i våre dagar, gjer sitt til at t.d. tyrkisk medlemskap i EU venteleg har stana upp for godt.
Russarane tok til seg dette synet på tyrkarane, men dei møtte sjølve ei framandgjering frå vest når vestlege leidarar stendigt ropa upp um å gjeva rom åt russarane ved bordet åt dei kristne. Dette stendige ropet synte at russarane med austleg kristendom slett ikkje var so heiltupp velsedde kring bordet i lag med det kristne Europa elles. Fyrst og fremst tyrkarane, men ogso i nokon mun russarane fekk seg pålagde rolla «dei framande andre», og den rolla har dei i Europa den dag i dag.
Austslavarane, rus, samla seg um Kiev ved storelvi Dniepr, men fyrst i 965 e.Kr. vart dei sameinte og sterke nok til å drive burt khasarane og sjølve verta godtekne av Konstantinopel til ei avgjerande makt nord for Svartehavet. Solein vart Kiev kristna frå Konstantinopel til bysantinsk ortodoks kristendom. Steppefolket kumanane braut inn over Kiev-rus med eit øydeleggjande slag i 1185 noko som gjorde at Kiev-riket tok til å gå i uppløysing, og i 1242 vart Kiev lik resten av Rus herteke av Den mongolske horde der dei fleste krigarane rett nok var tyrkisktalande tatarar. Men dei mongolske khanane i hovudstaden Sarai var romslege i trusspursmål og lét kyrkja få leva vidare hjå rus so sant prestane ogso bad for khanen. Den mest synberre arven frå Kiev-rus til russarane i det uppstigande Moskva i ly av Horden vart dimed kyrkja.
Indre strid i Horden førde til kløyving av mongolveldet i tre khanat: Kazan og Astrakhan nord for Kaspihavet og Krim ved Svartehavet. Dei tvo fyrste vart lagde til Russland av Ivan 4. den strenge i 1552 og 1556. Det opna for russisk landevinning austetter, og freden i Andrusovo i 1667 millom Russland og Polen-Litauen tryggja vestgrensa. I sør stod Krim-khanatet seg og gav seg lauseleg inn under Det osmanske riket for å ha vern mot russarane. Osmanane nådde å gjera heile Svartehavet til eit osmansk innhav i eit veldig imperium, og det sa seg sjølv at fyrr eller seinare laut russisk og osmansk krigsmakt møtast. Ved Volga i 1569 kom fyrste samanstøyten som ikkje endra på noko som helst, men det vart innleidingi til hundradår med krigar avbrotne av bolkar med utrygg fred.
Tsar-Russland sigra i dei fleste krigane mot Det osmanske riket som stundom ogso vert kalla «Den høge port». Grunnen var ikkje at den russiske heren var so mykje sterkare, men at dei islamske osmanane ikkje var part i likevektsstrevet millom dei kristne europeiske stormaktene der Russland trass alt var med. Dimed stod osmanane åleine og kunde lettvint setjast til sides t.d. i millomfolkelege avtalor og fredstingingar. Ikkje til nokon av dei store fleirstatlege dryftingane på 1700-talet vart osmanane bedne inn endå mykje av Det osmanske riket høyrde heime i Europa. Striden millom osmanane og dei katolske habsburgarane i Wien gjorde at osmanane gav studnad åt protestantane i Ungarn og Transilvania, og protestantane vart med på det osmanske åtaket på Wien i 1683 der sjølvsagt ogso krimtatarane var med. Då fekk Wien hjelp frå Polen, og åtaket mislukkast. For protestantane var nederlaget eit vonbrot so langt burte som til protestantar i England, og ein av dei, Daniel Defoe, han med «Robinson Crusoe», han skreiv um dette vonbrotet i 1704.
Freden i Kücük Kaynarca i 1774 i noverande Bulgaria vart eit tidsskifte i europeisk politikk andsynes Det osmanske imperiet. Kristen religionskrig mot islamske vantru vart etter kvart avløyst av europeiske stormakter i kapplaup for å eigne åt seg dei mest verdfulle osmanske landslutane t.d. på Balkan og i Midtausten. Millom mykje anna fekk Tsar-Russland hand um festningen Kertsj ved Asovhavet. Det var der russisk og ukrainsk marine rauk i hop i november i fjor.
Tjuge år etter freden i Kücük Kaynarca laut sultanen i Istanbul godtaka at tsarina Katharina drog under seg Krim, og no låg vegen verkeleg open sørtil for russarane. Ei hindring hadde det vore um Wienerkongressen etter napoleonskrigane som meiningi fyrst var, hadde freda alle europeiske grensor, men russarane la imot med tankje på Det osmanske riket, og osmanane vart heller ikkje innbedne åt kongressen. Tsar-Russland kunde i overmot stige upp til imperial makt, medan Det osmanske riket dovna av til å verta «Europas sjuke mann» og ein halvkoloni under europeiske statar.
Allereide fyrste heimskrigen 1914-18 gjorde ende på både det russiske og det osmanske imperiet, og difor kan ein på ingen måte sjå dagens Russland og Tyrkia som eit beinvegas framhald av den gamle soga, men både Vladimir Putin i Russland og Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia nyttar soga til å halde minnet um imperial stordom ved like og sjølve seg få styringsrett ved det. I Tyrkia skildrar lange TV-seriar hoffet hjå sultanen, islam som åndeleg bindemedel i eit stendigt større imperium og spanande krigseventyr, og i Russland handlar det um Ivan 4. den strenge, tankjen at Moskva er det tredje Rom, nytt land under tsarmakti og den ortodokse kyrkja.
Nyss kjøpte Tyrkia moderne luftvernrakettar frå Russland. Etter andre heimskrigen hadde Tyrkia i 1952 gjenge inn i NATO for ikkje å vera åleine ved den lange grensa si mot aukande sovjetisk makt. Noko av det som no driv Tyrkia og Russland nærmare kvarandre att er rolla dei har som «dei framande andre» andsynes Vesten, men eit fast samlag er ikkje å vente. Statar med imperial arv har vandt for å slå seg i hop med andre. Og skulde den vestlege mothugen slakne og stille Russland og Tyrkia friare, har dei tvo statane nøgdi med såre flekkar or gamal og nyare soge til å bitast um.
Av ferske flekkar kan nemnast at Tyrkia ikkje finn den andre russiske anneksjonen av Krim i 2014 rettkomeleg, og heller ikkje lausrivingi med russisk studnad for Abkasia frå Georgia etter krigen i 2008. Dei tvo statane har ulikt syn på striden millom Armenia og Aserbajdsjan um Nagorno Karabak, og ulikt Moskva godtok Ankara radt sjølvstende for Kosovo i 2008. I 1999 var Tyrkia med NATO i luftkrigen mot Jugoslavia, eit åtak som Russland meiner strir mot millomfolkeleg rett. – Sams for desse og for andre såre flekkar er at dei helst er å finne i samanstøytsbeltet millom det gamle russiske og det gamle osmanske imperiet.