Louis Aragon: Stor forfattar, trugen kommunist
-
-
Den franske forfattaren og poeten. Luis Aragon (1897-1982) hadde kan henda fått Nobelprisen i litteratur om han ikkje hadde vori ein trugen medlem av det franske kommunistpartiet frå 1927 til sin død.
Livet hans er som ein roman, ikkje minst omstende kring fødselen. Den verkelege faren var den framståande politikaren, pressemannen, ambassadøren (i Spania) og sjef for politiet i Paris, Louis Andrieux (1840-1931), 56 år gamal har han ein "affaire" med ei langt yngre kvinne, og han bestemmer i minste detalj kva som skal skje med guten i eit land der overklassa kan tillata seg det meste berre det ikkje vert skandale av det. Barnet får bestemora til mor, mora som syster, og Louis Andrieux, som slettest ikkje løper frå det økonomiske ansvaret, vert presentert som ein generøs fadder oppteken av gutens vel og ve. Namnet vert også bestemt av "fadderen". Barnet skal ha dei same initiala som han sjølv, L.A., og etternamnet Aragon har nok samanhang med amabassadørtida i Spania og provinsen Aragon.Olav H. Aarrestad.
-
Guten veks opp i ein trygg heim omgjeven av kvinner og vert ein framifrå skuleelev med stor interesse for litteratur.
Første verdskrigen
Etter mora/systera sitt ynskje byrjar han på medisinstuiet og har praksis på krigshospitalet Val de Grâce der han ser kva krigsskader gjer med soldatane. To år ute i studiet vert han mobilisert i Saniteten og får igjen krigen på nært hald. Mora som har ei kjensle av at guten som så mange andre ikkje vil koma levande frå krigredslene, fortel han ved avferda til skyttargravene den rette samanhangen; ho er den verkelege mora og Louis Andrieux faren. Då er Aragon 20 år gamal. For redninga si av såra soldatar i livsfårlege situasjonar får han seinare Krigskrossen og ein sterk mothug for alt som krig heiter.
Daidaisme og surrealisme
Etter krigen sluttar han seg til dadaismen og surrealismen, som den tidlegare studiekameraten André Breton står i bordden for. Surrealismen er eit opprørsk nei til borgarskap og borgarlege verde - alt dette hadde spela så tydeleg fallitt med utbrotet av krigen og dei massedrapa som fylgde. Bréton har avskrivi romanen; romanekunsten er borgarlege greier som har krepert med den borgarlege verda. Aragon er ikkje på line her, han ikkje berre puslar med romanskriving, i 1921 gjev han ut Anicet ou le Panorama, ein roman han alt hadde byrja på i 1918 då han var ved Chemin des Dames der hundretusenvis av menn sette livet til i tre ulike slag ( 1914,1917 og 1918). Poeten Arthur Rimbaud (1854-1891) spelar ei viktig rolle, og elles dreier det seg i ein viss mon om ein nøkkelroman der ein i forkledning støyter på Cocteau, Max Jacob, Paul Valéry, Charlie Chaplin, André Breton og Picasso. Hovudtema er likevel den unge mannen og kjærleiken. Romanen inneheld ikkje eitt ord om krigen. Frå Aragons side har det nok vori ein freistnad på å skriva seg laus or krigens redsler, og dessutan hevda han at den beste måten å kjempa mot krigen på var ikkje å nemna han, ikkje driva reklame for han.
Medlem av kommunistpartiet
Trass i ein bohemaktig og på mange måtar dekadent livsstil som dei fører så langt økonomien tillet det, nærmar surrealistane seg kommunismen, som dei ser som einaste svar på kapitalisme og kolonialisme. Sidan 1921 dreiv Spania krig for å underleggja seg det nordlege Marokko, le Rif, der det serleg budde berberar. Krigen gjekk dårleg for spanjolane. og frå 1925 kom Frankrike til med blodig undettrykking. Rif-folket synte stor evne til geriljakrig og har på mange måtar vori læremeistrar for kinesarar, kubanarar og vietnamesarar. La guerre du Rif opprørde mange i Frankrike og førde dei til Kommunistpartiet som var det einaste som gjekk imot krigen. I 1927 melder Breton og Aragon seg inn i fotefara til ein annan stor poet, Paul Eluard (medlem til sin død i 1952). Aragon riv seg laus frå Bretons litt diktaroriske innverknad og kjem etter kvart til å nærma seg realisme og meir klassiske former for poesi. Ein annan grunn til usemje mellom dei to, er synet på Sovjetunionen.
I 1928 på kunstnarkaféen La Coupole i Paris møter han Elsa Triolet (1896-1970), ei russarinne, fødd Kagan, som var veninne med Majakovskij (1891- 14.4. 1930, sjølvmord) før denne vart sterkt innteken i den eldre systera hennar, som alt var gift og såleis vart Majakovskijs "ulukkelege kjærleik". Elsa giftar seg med ein fransk offiser, Trilolet, og fylgjer med han til Tahiti. Ho vantrivst langt frå miljøet og venene i Moskva, skil seg og hamnar i Paris. Også Aragon har ei milsukka kjærleiksaffære bak seg (med ei radikal milliardærdotter), og dei finn einannan , men giftar seg ikkje formelt før i 1939. Saman med Elsa Triolet reiser han fleire gonger til Sovjetunionen. Etter eit opphald i 1930 - eigenleg for å representera surrealistane på ein kogress i Kharkov - truleg etter at Majokovskij er død - gjev han ut ei diktsamling, som han seinare hevda var noko av det dårlegaste han hadde skrivi; Persecuté persecuteur - Forfylgd forfylgjar. Eit av dikta Front rouge - Raud front- som dessutan vert publisert aleine i eit tidsskrift (Littérature de la Révolution mondiale) - fører til kverrsetting og krav frå påtalemakta om 5 års fengsel for Aragon for oppmoding til drap mv. Når det gjeld skort på teiknsetting og form elles. har diktet mange surrealistiske drag, men intensiteten fører tankane til Majakovskij.
Diktet fall ikkje i heilt god god jord i kommunitpartiet heller. Ein kan lesa mange referansar til anrkistar i det jamvel om hovudtanken er at det vil koma til eit blodig oppgjer mellom sovjetkommunismen og kapitalismen, at ein ikkje kan koma over den klyfta og at det gjeld om å stå på rette sida. Kontrasten mellom kapitalisme i krise (1929-30) og eit sovjetfolk som set alle krefter til for å byggja sosialismen og industrialisera landet på rekordtid, har også prega diktsamlinga. Eit dikt med tittlen Eg spelar ikkje golf, mildnar noko av den drastiske bodskapen elles. Den intellektuelle eliten mobiliserte for Aragon, og det vart ikkje noka rettsforfylging. Men Aragon meinte Breton hadde forsvart han på galne premiss Det går mot eit definitivt farvel til surrealismen og eit stendig tettare tilhøve til kommunistpartiet som lenge har vori skeptisk til intellektuelle utan opphav i arvbeidarklassa. Maurice Thorez får tillit til Aragon og gjer han til redaktør for den nystifta kveldsavisa Ce soir som skal vera eit motstykke til Le Soir - og eit kraftig talerøyr for fransk støtte til republikanarane i borgarkrigen i Spania. Leon Blum la ned forbod mot slik støtte - jamvel om han jo var sosialist og leiar for ei folkefrontsregjering. Slik sett kan ein seia at kravet frå Aragon i diktet Front rouge om å skyta Leon Blum ikkje var så urimeleg. Den britiske og franske passiviteten i motsetnad til tysk og itlaiensk støtte til Franco var det som gjorde utslaget jamvel om sovjetarane gjorde kraftig innsats på den lovlege regjeringa si side.
Nett som Nordahl Grieg ser Aragon det naudsynte i Moskvaprosessane og fordømer dei ikkje. Han har også så god oversyn at pakten mellom USSR og Tyskland i 1939, ikkje overraskar han. Vestmaktene har stendig gjevi etter for Hitler (sist med Münchenavtalen), og dei ynskjer å venda Hitler mot aust. For Aragon er pakten berre eit utsetjing av eit oppgjer han veit må koma.
Under og etter Andre verdskrigen
Då krigen bryt ut og tyskarane gjer åtak på Frankrike, vert han på nytt mobilisert i Saniteten og rekk å gjera god innsats før nederlaget. Igjen får han krigskrossen og høyrer såleis til den eksklusive gruppa som har denne utmerkinga frå to verdskrigar. Under krigen arbeider han og kona i motstandsrørsla, lever i dekning under falsk identitet og arbeider for å samla vestreintellektuelle mot tyskarane. Dikt som han har skirvi under pseudonym, vert jamvel sleppte over Frankrike av allierte fly.
Blant dei folkekjære dikta hans som det lett kan setjast melodi til, finn ein l'Affiche rouge som er ei hylling til sabotasjeavdelinga som Kommunistpartiet hadde organisiert av utanlandske innvadrarar i Paris. Tyskarane med god hjelp frå det franske politiet rulla avdelinga opp i 1943 og skaut 23 i februar 1944. Etterpå klistra dei opp raude plakatar med bilete av ti av dei over heile Paris til skrekk og åtvaring.
Etter krigen er Aragon, Eluard og Picasso dei fremste blant dei fåe intelktuelle/kunstnrar i vest der den antisovjetiske propagandane får fyra fritt laus, som held fast på Leninismen-stalinismen.
Samman med Picasso skal Aragon ha æra for å ha gjort duva til eit fredssymbol. Til ein fredskongress som PCF heldt i Paris i 1947, vart Picasso beden om å laga fleire utkast til eit symbol for kongressen. Aragon valde ut ei duve, som seinaree vart stilisert..
Aragon er no i fleire år redaktør for kommunistpartiets kulturavis Les Lettres françaises. Ved Stalins død gjev han ut eit hyllingsnummer der Picassos portrett av Stalin prydar framsida. (Det var elles ein stor kopi av dette som vart hengd opp på Folketeaterbygningen i Oslo for nokre år sidan, men som LO og AP kravde og fekk fjerna).
Heilt frå 1934 hadde Aragon sett seg føre å skildra samtida i ei rad realistiske romanar i ein serie som han kalla Le monde réel og som vart innleidd med romanen Les Cloches de Bâle der ein blant andre møter Clara Zetkin, og tittelen spelar på fredskongressen i Basel i 1912. Tre store romanar fylgjer i same serien i 1936, 1942 og 1944, og han vert avslutta med eit verk i seks band : Les communistes om tida frå våren 1939 til mai-juni 1940 (det franske nederlaget). Aragon hadde sett seg føre mot tidlegare prinsipp å skildra krig, og det heilt fram til mai 1945, men han gav seg med det sjette bandet.
Aragons romanar plasserer han heilt i fremste line når det gjeld store franske forteljarar på høgd med Balzac, Flaubert, Stendahl, Hugo og Roger Martin du Gard og markerer på mange måtar slutten på denne stolte franske romantradisjonen. Som poet kan han igjen jamnførast med Victor Hugo, som jo også hadde eit aktivt politisk engasjement.
Etter Elsas død vaknar noko som har legi latent hjå Aragon. Ein kvinnedominert barndom førde han i retning av homofili som slår ut i dei siste levåra; han vert open homoseksuell og omgjev seg med unge menn. I tillegg kjem nok rabulismen frå surrealismens dagar; han gjev blanke i det folk måtte tykkja.
Louis Aragon og kona Elsa Triolet er gravlagde på den store landstaden deira Saint-Arnoult-en-Yvelines fem mil frå Paris. Han testamenterte eigedomen til den franske stat, og den er no eit mykje vitja kultursentrum/museum.Bibliografi:
På norsk er berre utgjevi Aurélien, 1961 og 2003: Irenes fitte, en erotisk, lyrisk og parodisk tekst skrevet fra et sted mellom fantasien og virkeligheten. Boka ble utgitt anonymt i 1928 (27?) og under pseudonymet Albert de Routisie i 1968
På fransk; Romanar, noveller etc.:
Anicet ou le Panorama, 1921
Les Aventures de Télémaque, 1922
Le Libertinage, nouvelles, 1924
Le Paysan de Paris, 1926
Le Con d'Irène, 1927 (sous le nom d'Albert de Routisie)
Les Cloches de Bâle, 1934 (Le Monde réel)
Les Beaux Quartiers, 1936 (Le Monde réel), prix Renaudot
Les Voyageurs de l'impériale, 1942 (Le Monde réel)
Aurélien, 1944 (Le Monde réel)
Servitude et Grandeur des Français. Scènes des années terribles, nouvelles, 1945
Les Communistes (6 volumes), 1949-1951 et réécrit en 1966-1967 (Le Monde réel)
Le Neveu de M. Duval, 1953
La Semaine sainte, 1958
J'abats mon jeu, 1959
Histoire parallèle, 1962
La Mise à mort, roman, 1965
Blanche ou l'oubli, roman, 1967
Henri Matisse, roman, roman, 1971
Théâtre/Roman, roman, 1974
Le Mentir-vrai, nouvelles, 1980
La Défense de l'infini, roman, 1986 (posthume)
Les Aventures de Jean-Foutre La Bite, 1986 (posthume)
Pour expliquer ce que j'étais, 1989 (posthume)
Lettres à André Breton, 1918-1931,
Dikt:
Feu de joie, 1919
Le Mouvement perpétuel, 1926
La Grande Gaîté, 1929
Persécuté persécuteur, 1930-1931
Hourra l'Oural, 1934
Le Crève-cœur, 1941
Cantique à Elsa, 1942
Les Yeux d'Elsa, 1942
Brocéliande, 1942
Le Musée Grévin, 1943,
L'Honneur des poètes, 1943,
La Rose et le Réséda, 11 mars 1943
La Diane française, décembre 1944
En étrange pays dans mon pays lui-même, 1945
Le Nouveau Crève-cœur, 1948
Les Yeux et la Mémoire, 1954
Le Roman inachevé, 1956
Elsa, 1959
Les Poètes, 1960
Le Fou d'Elsa, 1963
Il ne m'est Paris que d'Elsa, 1964
Les Chambres, poème du temps qui ne passe pas, 1969