Det Store DU
Utarma uran blir kalla DU.
Det skal du ikkje bry deg om
dersom du var mot krigen.
Men DU, Kjell Magne Bombevik,
DU Jens Spradenberg,
DU Kald i Magen
og DU Krigstinn Halvørsken
får heretter det personlege pronomenet
skrive med store bokstavar.
Det Store DU
blir sleika oppetter ryggen
av Det Store Vi.
Og dei begynner
veldig langt nede.
Når dei seinare talar med to tunger
er det isotopar på begge.
Derfor kan både du og vi
vere trygge og sterke
med våre små bokstavar.
Lappeskomaker`n