Det nye Golgata New
Palestina er hærtatt
som for 2000 år sidan.
Okkupantane drep folk.
Men dei er ikkje funne verdige
til krossfesting,
berre til billeg
amerikansk ammunisjon.
Dei skriftlærde styrer Israel.
Farisearane er medlemmer i KRF
og kan bli statsministrar i Norge.
Pontius Pilatus
vaskar framleis hendene,
og har skifta namn
for å bli norsk utanriksminister.
Her på vårt heimlege Oljeberg
ropar pøbelen framleis
”krossfest, krosssfest”,
Men det skal skje
litt lenger nord.
Heretter ligg Golgata
”out of area”.
Men vil nokon gong
Det Norske Storting
stå opp frå dei døde?
Lappeskomaker´n