Skip to main content

Ei stille stund for Hans Hyldbakk

Du levde i tre hundreår og to årtusen.
Og du vert aldri borte.

Diktarar i høgre-staten
kjenner ikkje haust, vinter og vår,
berre evig sommar.
Dei flørtar med prinsesser,
går på café og køyrer bil.

Du hadde sertifikat for ljå og bryne,
for øks og svans, for stytting og slae,
fjording og døl, sykkel og karjol.
Og for skrivemaskin og eit norsk språk.
Men ikkje for bil.

Språket ditt er vanvørdt i dag,
hetsa av moromenn på TV,
brukt som godtkjøpsvare i valkampen.
Men det er eit språk for arbeidsfolk
- for dei med gummistøvlar,
komagar og sandalar.
Derfor er det eit verdsspråk.

Du fekk inga prinsesse her i livet,
men i landet bortanfor,
som du lengta etter,
finst det både vakre kvinner
og god dram.

No tar eg atter leisten fatt.
Men seinare, når eg er viss på
at du har tatt kveld
etter ein haustardag
med gylne aks
i Det Gode Landet,
skal eg heve glasset
og sende deg ein varm tanke.
Skål, Hans, for den framtida
du etterlet til oss!

Lappeskomaker´n

Category
Gamle nudd
Posted
By: Friheten Show only articles of Friheten, On: 06 juni 2001, Last Modified: 11 mai 2010
Info
Hits: 1568, Comments: 0, Bookmarked: 0, Followers: 0

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts