Tidsspegel
Anthrax er større enn sex
som oppslagsord på IT.
Bin Laden er større
enn Jesus og Gandhi.
Men spør du folket
på dei afrikanske slettene,
talar dei om kveget.
Og spør du bondekona
på terrassane i Nepal,
talar ho om vatnet
og risen.
Dokkarbeidaren i Rio
ser berre krana
med kaffesekkar.
Vi ser det vi gjer,
når vi arbeider for å leve.
Men det er alltid bruk for
nokon som ser attom
tidsspegelen.
Det er ein jobb for
Lappeskomaker'n