Libya-utvalgets leder Jan Petersen presenterer utvalgets rapport under et pressemøte i Ridehuset på Akershus festning i Oslo. 																		Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Libya-utvalgets leder Jan Petersen presenterer utvalgets rapport under et pressemøte i Ridehuset på Akershus festning i Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Opprøret i Libya starta 17. februar 2011. 2. mars sa den amerikanske forsvarsleiinga under ei høyring i Kongressen at det fanst ikkje haldepunkt for å hevde at Gaddafi bomba sivile.


Ole Bjerke


Utvalet bak Libya-rapporten er inne på noko tilsvarande. På side 67 står det: Al jazeera, Reuters, CNN og BBC rapporterte om luftangrep mot sivile i begynnelsen av mars, noe som i ettertid har vist seg vanskelig å verifisere. Utvalet ser heilt bort ifrå dette elles i rapporten. Dei finn det betre å støtte regjeringa og Stortinget der alle i 2011 var for at Norge skulle vera med å bombe i Libya.


På side 17 i rapporten står det: Mandatet ber ikke utvalget om å evaluere effekten av de norske operasjonene eller den samlede internasjonale innsatsen på operasjonens uttalte mål, nemlig beskyttelsen av sivile.
25. februar 2011 vedtok FN å opprette ein kommisjon for gransking av brot på menneskerettane i Libya. Kommisjonen la fram ein rapport 8. mars 2012. Det verste bomeangrepet til NATO som er nemnt, er eit som skjedde i byen Majer 8. august. (Vel ei veke etter at Norge hadde slutta å bombe.) Der vart 34 sivile drepne og 38 skada. Den fyrste bomba drap 16. Etter at mange folk hadde styrta til for å hjelpe, kom flyet tilbake og sleppte ei bombe til som drap 18. Dette blir fullstendig absurd når ein hevdar at ein bombar for å verne sivile.


Kva med den norske bombinga? Eit Brennpunkt-program som vart sendt på NRK 12. mars 2013, seier mykje om det. I programmet var det med to pilotar som hadde vore med å bombe.
Dei sa at berre 25 prosent av bombemåla var utpeikte på førehand. 75 prosent av måla var det opp til pilotane å finne fram til frå stor høgde. Det var vanskeleg. Dei sa at dei brukte avanserte bomber som det hadde kosta opp mot ein million kr å produsere. Bombene var målstyrte, og dei hadde ei slik sprengkraft at det burde ikkje vera ei overrasking for nokon at det gjekk med liv på bakken der bombene trefte. Pilotane sa at dei hadde bomba tettbygde strøk, og at dei hadde gjort brutale og litt stygge ting. Dei føya til at slik var oppdraget deira. Norge sleppte 588 bomber over Libya.


Pilotane vart spurde om dei gjekk aktivt inn i kampen og støtta opprørarane. Til det svarte dei ja. Dette var opplagt i strid med Genevekonvensjonen av 1977. Der står det at det er forbode å hjelpe opprørarar i eit anna land til makta.
På side 168 i rapporten står det: Utviklinga i Libya har åpenbart ikke gått i riktig retning etter avslutningen av militærintervensjonen i 2011. En vurdering av i hvor stor grad dette skyldes de militære operasjonene Norge var med på, ligger utenfor utvalgets mandat.


Her slepp utvalet lettvint unna. Vurderinga blir overlate til kvar enkelt av oss.
Den 19. mars 2011 starta franske fly å bombe i Libya. USA følgde opp med Tomahawk-missilar mot luftvernstillingar m.m. Alt den 22. mars vart flyforbodssona erklært effektiv. Dermed var det meste gjort. Det vart likevel mykje diskusjon om NATO skulle gå for regimeendring eller ikkje. Både Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre var klare på at FN-resolusjon nr. 1973 gjekk ut på vern av sivile og ikkje regimeendring. Båe to presiserte i Brennpunktprogrammet i 2013 kor viktig det var å halde seg til mandatet. Dei oversåg det store dilemmaet som dei fekk den 15. april 2011. Da kom Obama, Sarkozy og Cameron med eit felles opent brev om at Gaddafi måtte gå av for godt. Etter det bomba sjølvsagt USA, Frankrike og Storbritannia for regimeendring, mens Norge – i den same krigen – bomba for å verne sivile. Så vidt eg veit var Norge åleine om denne haldninga blant dei NATO-landa som var med å bombe. Noko som blir klinkande klart av dette, er at Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre meinte at bombinga til dei andre var i strid med FN-resolusjon nr. 1973. I og med at Norge stod i front under bombinga og bomba mål som andre nasjonar ikkje ønska å ta, blir den norske haldninga berre eit tåkete virvar. Men kva gjer ein ikkje for å imponere dei store?
På eit seminar i Trondheim i 2012 sa daverande forsvarsminister Espen Barth Eide: Jeg er stolt av det vi fikk til i Libya. Kva fekk vi til? Massevis av død og liding. Tenk også på dei mange tusen flyktningane som i ettertid har drukna i Middelhavet. Norge er medskuldig i dette.


Gaddafi var svært lett å demonisere. Derfor ville mange vera med på det. Dei visste at same kva dei sa, ville dei bli trudde av dei fleste.
Det vart sagt så godt som ingen ting om opprørarane – som NATO hjelpte. Opprørarane for ikkje pent fram. Det vart stadfesta at svarte libyarar og svarte framandarbeidarar vart vilkårleg torturerte og avretta. Ein amerikansk stabsoffiser opplyste at opprørarar skaut mot sivile inne i byar og tettbygde strøk. Etter at IS vart etablert i 2014, fann mange av opprørarane sin rette plass blant dei.


FNs utviklingsprogram utarbeider ein Human Development Index for å rangere kva for land som er best å leva i. Libya kom – før bombinga - suverent høgast på denne indeksen blant afrikanske land.
NATO-bombinga har skapt kaos og forferdelege tilstandar i Libya. På trass av det seier både Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre at dei ville gjort det same i dag i ein tilsvarande situasjon. Til det er det berre eitt å seia: HUFF!

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering