Konsernsjef i NSB Geir Isaksen (t.h.) og styreleder Dag Mejdell presenterer nytt felles navn for NSB og Nettbuss. Det nye navnet er Vy. 																	Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Konsernsjef i NSB Geir Isaksen (t.h.) og styreleder Dag Mejdell presenterer nytt felles navn for NSB og Nettbuss. Det nye navnet er Vy. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Vi kan være ueinige om namneval, om privatisering og konkurranseutsetting. Skal dei tilsette i NSB ha nokon framtid må dei bort frå NSB-namnet og det historiske.


Det er ikkje høgre-politikk å meine det, men orsaka til at det skjer nettopp no, og slik som det skjer, er det. NSB er marginalisert, og er gjennom ei rekkje utskiljingar på 2000-talet vorte eit bemanningsselskap, slik som Addecco og liknande. Da kan ikkje NSB ha ryktet på seg for å ha noko som helst med skjenebrot, signalfeil eller snøfokk å gjere. Da måtte NSB bytte namn. Det er forståeleg at korkje konsernsjefen, eller dei tilsette på toga, vil at folk skal tru at dei har noko med feila å gjere, såframt dei får folk på jobb. Klassekampen skriv den 13. mars at dei tilsette forstår namneendringa, sjølv om ho er kontroversiell.


Privatiseringsstart i 1971
Godstransporten vart forberedt til konkurranse i 1971, med Borten-regjeringa. Brattelis regjering fortette ved å etablere eit godsfraktselskap (Linjegods) som dei seinare selde til DB-Schenker. Etter dette kom dei store endringane i 1996, som følgje av EUs jernbanepakke 1, der infrastruktur og transport vart splitta, i NSB og Jernbaneverket. Det i seg sjølv fungerte ikkje privatiserande, men så vart reinhald, verkstad, banemontørar og kafepersonale flytta lengre ut i verksemda. 


Vyar for framtida
Språkrådet meiner at Vy ikkje er eit godt namn, og mange har reagert sidan dei offentleggjorde det. Direktør i Språkrådet Åse Wetås skriv i sin kronikk om problema med eit tomt namn, og at det bør være opp til private å heite ting som vi ikkje assosierer til kva det er. Konsernsjef i NSB, Geir Isaksen i Dagsnytt 18 12. mars forklarar om dette, og møter mostand frå merkevarebyggjarar. Nei, eit godt namn er det ikkje. Det beskriv dårleg kva dei driv med, men heilt lett er det nok heller ikkje å finne på eit namn til eit selskap som har lokførar og konduktør. Norsk lokførar og konduktørselskap, Togbemanning eller kanskje til og med Togfolk AS kunne vore interessante alternativ. Ronny Spaans skriv i Dag og Tid den 15. mars at det er reklamespråk, javvist, men vi fekk jo eit grønt skifte når vi fekk grøne tog. Kven det er reklame for er eg ikkje sikker på.


Privatiseringsynskja i 2015
Arbeidarpartimann Sverre Myrli meiner det heile er ei avsporing, med stadig oppsplitting i nye selskap og handlar om å pulverisere ansvar. Bjørn Jarle Røberg-Larsen (Ap) skreiv i Dagsavisen at det heile er eit prosjekt Høgre, Frp, Venstre og KrF har drive med i fleire år, og satsar da nokre politiske mynt på at folk tek det for god fisk. Når ein ser på historia, er det klart at Arbeiderpartiet har vore med på det no. Arbeiderpartiet stemte for EUs jernbanepakke 1, 2 og 3 – og var alle steg i retning full privatisering. Er det kjensler som utgjer reaksjonane, når det «siste» kjente, og sjølvaste namnet står på spill som kjem fram? Han skriv at kostnaden for privatiseringa veltast over på dei tilsette, reisande og fellesskapet. Ja, og ikkje minst er det vi som skal betale for at private køyrer tog framover, med trafikkpakkane for transport som leggjast ut i stor stil, men ingenting av dette har samband med namnet, NSB. Det er noko over, det er eit system, det er ei regjering og eit storting. 

Les mer i Frihetem.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nsb


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering