• Hjem
  • Leder
  • Nicaragua-syndromet i Jugoslavia
Resultatet av forste omgang av det jugoslaviske presidentvalet vart 42 % til Milosevic, 48 % til Kostunica. Det blir ny valomgang - om Kostunica vil. Det enorme milit?re og okonomiske presset fra Vesten har dermed gitt resultat. Og presset vil auke.Det er riktig nar vestlege media hevdar at «det har ikkje vore eit fritt val i Jugoslavia». Ingen befolkning har «fritt val» med utsikt til NATOs gev?rmunningar og pengetasker. Ein skal ikkje undrast over at mange menneske er villige til a «stemme riktig» for a fa straum til kjoleskapet og bensin til bilen. Da er det lett a glomme at i det globale kapitalistiske «paradiset» er det berre eit lite mindretal som har kjoleskap og bil. I ein slik samanheng ma ein beundre den delen av befolkninga som trass i det massive presset ikkje ville boye kne.

Vi er samde med Johan Brox i Dag og Tid nar han skriv om Jagland som lovar 135 millionar dersom jugoslavane stemmer «riktig»: «Nar godseigarane i Latin-Amerika deler ut pengesetlar og skyggeluer, og trugar dei som roystar «feil» med «sanksjonar», kallar me det korrupsjon og valfusk. Nar Jagland spelar godseigaren si rolle, er det sa demokrati?»

Sjolvsagt er det valfusk. Men godseigar Jagland er ikkje aleine om det. Vi ser ikkje bort fra at begge partar har gjort ting som ikkje er akseptable i sa mate. Men det mest massive fusket har foregatt i Montenegro, der Djukanovic har tvinga dei som vil vere med pa valet, til a halde det i sine eigne heimar, med hans private h?r pa 20 000 mann i trugande posisjonar i bakgrunnen, og med fare for trakassering seinare. Pa det vilkaret er det imponerande at sa mange som 25% vaga seg fram til urnene.

Vi har tidlegare vore vitne til eit liknande val, da pa den vestlege halvkula, i Nicaragua i 1986. USA-betalte Contras sto klar til a invadere landet pa ny, dersom sandinistane vann valet. Men dersom folket stemte pa overklassekvinna Violeta Chamorro, ville det bli fred og gode tider. Hjelpearbeidarar har i ettertid fortalt om folk som kom gratande ut av vallokala. Enkelte gjekk heim og heiste flagg pa halv stong. Og Chamorro vann sjolvsagt. Men dei gode tidene kom berre for dei rike. Det visste dei som gret. Men dei orka ikkje meir krig.

Jugoslavia har lenge vore splitta. For arbeidarklassen og venstresida er det ikkje personen Milosevic som er viktig; men han er symbolet bade for den nasjonale motstanden mot NATO, og for det vesle som er att av Titos spesielle form for sosialistisk okonomi. Jugoslavane har sett utviklinga bade i nabolandet Bulgaria, i Russland og Ukraina, og kjenner folgjene dersom alt n?ringsliv blir privatisert og det sosiale tryggingsnettet fjerna. Men dei veit ogsa at det presset landet vil sta framfor, ma fore til omfattande okonomisk nedgang. Derfor har mange kjent det slik at dei ikkje har noko val. Mange av dei har derfor «kremert sin overbevisning i stemmeurna», som Finn Gustavsen ein gong sa det.

Den tradisjonelle opposisjonen jublar sjolvsagt. Utan det enorme presset utanfra ville dei ikkje hatt ein sjanse, spesielt etter at gjenoppbygginga har vore ein tiln?rma suksess. Vesten jublar over «ein halv siger» mot hat-objektet Milosevic. Men det kan hende dei gjer opp rekninga utan vert, for Kostunica er i utgangspunktet ingen typisk quisling. Han har lovt si eiga befolkning at dersom han blir valt, far ingen rore verken Milosevic eller dei andre politikarane som Vesten vil ha utlevert for a hemne seg pa. Han har ogsa i sterke ordelag fordomt NATOs krig i 1999, i motsetning til ein del andre i den djupt splitta opposisjonen. Utan desse to momenta ville han ikkje hatt sjanse til a vinne, det har han sjolv vedgatt. Men ei anna sak er om han held ord dersom han vinn makta. Faren er at han overtar den i knestaande, og leverer den vidare til dei som bomba landet.

Eitt er i alle fall sikkert: Kostunica har latt den sakalla «G17-komiteen» av jugoslaviske okonomar skrive sitt «program for privatisering og restrukturering». Milliardar av menneske verda rundt har l?rt seg kva dei orda betyr. For ein del av dei star det om livet. Ogsa dei vart opphavleg lokka og betalt for a gi sine makthavarar «demokratisk alibi». Bert Brecht sa ein gong ironisk til dei austtyske leiarane da dei var pa villspor: «Opploys folket og velg eit nytt». Jaglands og USAs versjon er slik: «Dersom du ikkje likar det som eit bestemt folk star for, sa kjop eit nytt».
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

valg

jugoslavia


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering