Den russiske faren

■    Etter at Russland tok Krim og krigen i Aust-Ukraina braut laus, har eit gamalt, velkjend skrømt dukka opp i vesten: Den russiske faren. Ut frå dette synet, har utanrikspolitikken til stormakta Russland følgt eit grunnleggande offensivt mønster, ikkje berre no og i sovjetperioden, men lenge før. Russarane har kort sagt ikkje berre som mål å forsvare landområde dei ser som sine eige, men å ekspandere der dei ikkje møter markert motstand.

Olav Svein Stugu.Historiker. NTNU
Dei russiske leiarane har jamt over vore autoritære, mistenksame mot vesten og ikkje til å stole på. Russarane er i tillegg dyktige propagandistar med mange lydige eller godt betalte tenarar som talar deira sak i vestlege land.

Denne tankemodellen er lett å kjenne att i dei vestlege standardtolkingane av russisk Ukraina-politikk: Dagens eineherskar, Putin, gjer sitt beste for å undergrave ei sjølvstendig, demokratisk utvikling i eit naboland. Separatistane i Aust-Ukraina er hans marionettar, og fredsavtalane i Minsk reine narrespel. Det russarane steller i stand i Aust-Ukraina har klare parallellar til Hitlers politikk andsynes Tsjekkoslovakia før krigen, der nazistane appellerte til dei tyskspråklege gruppene om at dei høyrde heime i eit stor-Tyskland. Ettergjeving i ein slik situasjon er farleg, i staden må sanksjonane skjerpast slik at russarane til sist dreg til seg klørne. Sterke krefter går også inn for å sende våpenhjelp til ukrainarane slik at dei kan forsvare sjølvstendet sitt.

Det finst ei alternativ forteljing om Ukraina. Ho blir ikkje berre framført av russisk propaganda, men står også sterkt i ein del vestlege kretsar langt ut over dei som generelt meiner alt vondt kjem frå USA. Der blir dei russiske elitesoldatane som tek del i kampane i Aust-Ukraina, framstilt som frivillige patriotar. Maktovertakinga i Kiev for eit år sidan var eit fascistisk kupp, som vart oppmuntra frå USA og andre som arbeider for å styrke vestleg innflytelse. Kiev-regjeringa, som framfor alt opptrer som marionettar for vesten, er såleis alt anna enn patente demokratar. Nye undersøkingar kan dessutan tyde på at det ikkje var tryggingsstyrkane til regimet som stod bak morda på demonstrantar på Maidan-plassen før kuppet, men provokatørar frå Høgre sektor, fascistisgruppa som var den mest militante mellom demonstrantane.

Her er det kort sagt ikkje berre strid om tolkingar og forståingar, men også om kva som faktisk har skjedd. Propagandafaktoren er høg, ikkje berre mellom dei russiskvennlege,men også i store delar av vestlege media, som mellom anna held skremmande stilt om dei problematiske sidene ved ukrainsk politikk. Kva er så eit realistisk syn på utviklinga i Ukraina?

Russland er meir enn Putin, og russisk utanriks- og tryggingspolitikk knyter seg opp til lange historiske tradisjonar, mellom anna forestillingar om russisk kultur som noko anna og meir verdifullt enn den vestlege. Sett med russiske auge, var samanbrotet av Sovjetunionen ein historisk katastrofe, og heilt sidan da har Vesten stadig utvida interessesonen sin austover utan kjensle for kva russarane ser som sine vitale interesser, mellom anna ein nøytral buffersone. At mesteparten av Ukraina i fleire hundreår var ein del av Russland, styrkar oppfatninga av at dei har legitime interesser der. Russland ser i det heile Ukraina-politikken sin som sjølvforsvar mot vestlege framstøytar. I tillegg har dei problem med å godta Ukraina som ein sjølvstendig stat med terrotoriell integritet.

Russland har kort sagt både vilje og kapasitet til å møte ei kvar vest-støtta ukrainsk opptrapping med nye våpen og friske stridskrefter. Og så langt som konflikten har kome, er det ingen grunn til å tru at separatistane i Donetsk og Luhansk godvillig vil gå inn att i Ukraina. Det beste ein kan vone på, er at våpenkvila etter kvart vil bli permanent. Ingen i vest vil seie ope at Ukraina aldri kjem til å bli gjenoppretta slik landet var. Men ein treng ikkje å tru på nokon offensiv russisk fare for å innsjå det.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering