Asbjørn Sunde spela av Ove Chr. Olsen
Asbjørn Sunde spela av Ove Chr. Olsen

(21 - 2017) Filmen om Harry Sønsterød på same tid Milorgmann og med i Osvaldgruppa, hadde première på Sagene Festivitetshus i Oslo, den 1. oktober med minimal interesse frå Filmnoreg og media.
Olav H. Aarrestad
Bak filmen står Tore Severin Netland ((69). Han er fødd i Haugesund, men arbeidde tre år med scene og ljos på Operaen før han gjekk på fotolina på Sogn vg, og heldt fram med studiar på Medialina i Volda. Har arbeidt som journalist og drosjesjåfør. Hans første prosjekt var Offer eller Spion? – ein godt fortalt og veldokumentert fil om Asbjørn Sunde. Filmen kom på lerretetet i 2015.
Harry Sønsterød, som i dag er 96 år gamal, men i fin vigør, voks opp i Heggedal. Han utdanna seg i byggefaget då krigen kom og melde seg til teneste i Milorg, som han meinte det var lite fres i, og vart overførd til Osvaldgruppa der han fekk ansvaret for ei større sabotasjegruppe (40 mann) og leidde blant anna sprenginga av arbeidskontoret i Tønsberg, jarnbana ved Fåberg og ran av eit par bankar for å skaffa pengar til motstandsarbeidet. Sunde sytte for at banksjefane fekk eksakt kvittering for beløpa. Som ingeniør etter krigen styrde Sønsterød bl.a. bygginga av Rådhuset i Sandvika og Storebrandbygget i Oslo.
Sabotøren og kureren er sett saman av samtalar med Sønsterud, regisserte opptak, godt filma av fotograf Tor Aarrestad, og ei rad interessante historiske klipp. Han har vanleg lengde som spelefilm.
I rolla som Sønsterød finn vi Kenneth Berg som saman med Karoline Stemre som spelar Else, kurer og kjærasten til Sønsterød, gjer ein profesjonell og levande innsats, Under krigen levde Harry og Else under jorda med falsk identitet og falsk pass. Dei vart vigde av Asbjørn Sunde som ville ha orden i tilhøva og ikkje noko ”liv i synd”. Etter eit opphald i Sverige og etter heimvending til Noreg, gjekk dei frå kvarande. I ymse biroller vert det også gjort god og truverdig innsats. Netland har mobilisert så vel ei mengd amatørskodespelarar som NSB- dei siste i truleg ikkje billige opptak. Han har stort sett finansiert filmen sjølv med skarve 3 000 000 kr. i støtte frå Forsvaret. Sønsterød er interessant som personlegdom av di han hadde ei profesjonell innstilling til ”arbeidet” : Vi skulle ikkje driva med politikk, men med sabotasje, og av di han såg det som viktig ikkje å drepa menneske ved dei ulike sabotasjeaksjonane. Mange oppdrag i byggebransjen etter krigen gjorde vel at han aldri engasjerte seg når det galdt den kalde og forfylginga av kommunistar, truleg heller ikkje då Sunde vart dømd for spionasje etter krigen, men Sunde har han tydeleg stor vørdnad for som nazimotstandar, organisator og som menneske. Viktige scener i filmen syrer Asbjørn Sunde, kona og sonen på flukt - då Sønsterød kom dei til hjelp ved å skaffa dei leveleg husvære i ei langt betre hytte enn der dei hadde søkt tilflukt.
Siste programmerte visning for filmen er på Gamle Ullevål kino, måndag 16. oktober klokka 18.30, men truleg vert det fleire framsyningar kringom i landet, og NRK burde så absolutt føra også denne filmen opp på speleplanen. Der er visst filmen om Sunde, Offer eller spion?, men NRK har endå ikkje fått somla seg til å syna han. 















Stikkord

film


RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk månadsavis, med ei lang historie, ho blir redigert av ein frivulleg redaksjon og er basert på frivullegheit. Difor treng ci og bidrag, både økonomisk, innhaldsmessig og andre oppgåver. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Vevredaktør: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgjevar: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media