Ehrenburg, Hemingway og  Gustav Regler under den spanske borgarkrigen
Ehrenburg, Hemingway og Gustav Regler under den spanske borgarkrigen

I nr 6 for året 1950 av tidsskriftet Spektrum skreiv Bjørneboe ein artikkel: Déjeuner macabre – Av en bordsamtale med Ilja Ehrenburg. \


Olav H Aarrestad
Dei hadde hendeleg møttest under frukost i Palmen på hotell Grand i Oslo, og den velorientere Ehrenburg hadde invitert Bjørneboe til bordet sitt. Han måtte ha visst kven Bjørneboe var – om då ikkje Bjørne forkludrar sanninga: Var han komen for å beda om eit intervju med Ehrenburg for tidsskriftet sitt?
Ehrenburg, fødd i 1891 i Kiev, kom frå ein velståande ingeniørfamilie, men slutta seg til sosialdemokratane (dvs kommunistane) og var med i redaksjonskomiteen for publikasjonar mynta på gymnasiastar mv. og vart utvist frå skulen han gjekk på i Moskva av den grunn. I 1908, berre 17 år gamal, sat han eit halvt år i fengsel for revolusjonær verksemd. Da han slapp ut, emigrerte han til Frankrike der han etter kvart vart mindre oppteken av politikk og meir og meir av litteratur og byrja skriva dikt og romanar inspirert av "modernismen". I åtte år budde han i Paris. Under 1. verdskrigen var han korrespondent på Vestfronten for ei russisk avis.
Våren 1917 vende han tilbake til Russland, men var negativ til revolusjonen og vart arrestert i oktober 1920, men sleppt fri og dro ikkje lenge etter til utlandet att. Denne gongen vart han utvist frå Frankrike som fårleg revolusjonær. Han tok så base i Tyskland og reiste mykje i Europa. Etter kvart orienterte han seg mot Sovjetunionen og vart korrespondent for avisa Izvestija. Som utsend av denne avisa dekte han borgarkrigen i Spania.
Etter retur til Sovjet etter det andre opphaldet sitt i Spania vart han fråteken det internasjonale passet sitt, Men etter at Ehrenburg to gonger hadde vendt seg til Stalin, fekk han det att og kunne reisa fritt til og frå Sovjetunionen. No budde han stort sett i utlandet fram til den tyske invasjonen av Paris. Han lukkast koma seg i dekning og rømde frå den franske hovudstaden tilbake til Sovjetunionen der han igjen vart krigsreportar, no blant dei sovjetiske styrkane.
Han stod bak parolen "Drep tyskarane!". Det kunne ein skjøna ut ifrå hans jødiske bakgrunn, men den offisielle sovjetiske propagandaen understreka at det ikkje var tyskarane ein kjempa imot, men den tyske nazismen.
Stockholmsappellen
Etter krigen vart han først og fremst kjend i Vesteuropa i samband med den såkalla Stockholmsappellen som oppmoda til omfattande fredsarbeid og til totalforbod mot atomvåpen. Initiativtakar var den franske kjernefysikaren og nobelprisvinnaren Frédéric Joliot-Curie i regi av Verdenfredsrådet, som antisovjetiske krinsar i Vest såg på som ein kommunistisk propagandaorganisasjon. Her i Noreg førde det til at dei intellektuelle som skreiv under (bl.a Johan Borgen og Helge Krog) vart hengde ut som kryptokommunistar, ikkje minst i Arbeiderbladet. Blant internasjonale kjende personar som skreiv under, var Paul Robeson, Pablo Picasso, Alexander Fadejev, Sjostakovitsj, Jorge Amando, Anna Seghers, Thomas Mann, Pablo Neruda og Arnold Zweig.
Kring i verda vart det samla inn underskrifter: Italia 17 millionar, Frankrike 14 millionar, Japan 6,4 millionar, Sambandsstatane 3 millionar, Vest-Tyskland 2 millionar, Finland 1 million. I Sverige skreiv 330 000 under. Jan Myrdal fortel korleis det av og til kunne gå føre seg:
” En vårkväll 1951 gick jag i Annedal i Göteborg för att samla namn på appellen för fredspakt mellan stormakterna. Jag var i första våningen och ringde på. Det var ett landshövdingehus. En man öppnade. Han tog emot appellen, sade:
- Visst skall jag skriva på.
När han fick den i handen rev han den i småbitar. Det stod tio namnteckningar på den och han sade:
- Jag är demokrat. Jag tror på friheten. Jag tror på de mänskliga rättigheterna. Ni förrädare.
Sedan slängde han igen dörren. Dessa tio namnteckningar kom på så sätt aldrig att bli redovisade.
I Noreg fekk ein 100 000 underskrifter - ikkje vidare imponerande.

 

Les mer i Friheten


RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media