Traktorførarar som badar måla i 1943 av Arkady Plastov(1893- 1972)  fører tankane meir mot den svenske målaren Zorn enn mot hyllest til kollektivisering  og mekanisering av jordbruket.
Traktorførarar som badar måla i 1943 av Arkady Plastov(1893- 1972) fører tankane meir mot den svenske målaren Zorn enn mot hyllest til kollektivisering og mekanisering av jordbruket.

Lenge var det vanleg å nedvurdera alt som vart skapt av sovjetiske målarar. Dei var uoriginale og dreiv berre skjønmåling av sovjetsamfunnet under strenge direktiv om å halda seg innafor dei krava som den sosialistiske realismen sette.


Olav H. Aarrestad


Dukkar ein djupare ned i emnet, oppdagar ein at fleire av dei målarane som godtok sosialismens rammevilkår, har skapt interessante verk av høg kvalitet. Det gjeld så langt ein kan skjøna dei over 450 kunsmålarane som blir rekna som dei fremste i sovjetepoken.
Russisk målarkunst kom inn på verdsarenaen med Karl Brullov (1799-1852), og frå hans tid rådde solid handverk knytt til kunstnarleg skaparkraft, alt bygt på langvarig og solid utdanning ved akademiske kunstskular. Denne tradisjonen vart fylgd opp i Sovjetsamveldet; ingen kunne kalla seg kunstmålar utan solid utdaning attom seg.


Under den italienske Renessansen byrja framtidige målarar opplæringa i 12-års-alderen, og jamvel om den religiøse ideologien prega dei sterkt, våga dei største seg også på profane motiv. I samanlikning med den tida kan ein seia at sovjetmålarane nådde den same faglege dugleiken og på same vis var dei delvis ideologisk bundne. Medan nærast kven som helst kunne verta målar i Vest-Europa etter impresjonistanes dagar og rota rundt i konstruktivisme, abstraksjonar og reine smøreri, heldt sovjetmålarane oppe den faglege kvaliteten, og i samanlikning med rennessansemålarane stod dei langt friare i motivvalet. Det er ei mistyding å hevda at den sosialistiske realismen la så sterke band på dei at dei til dømes ikkje våga nærma seg den fullnakne menneskekroppen.
Men lat oss først sjå på utforminga av motiv som opplagt fell under dei ideelle krav til sosialistisk realisme. Og så her var det rom for stemningar som går på langt meir enn fotografisk å skildra optimistisk ei sovjetisk samtid og framtid. Jamvel i målarstykke av sovjetleiarane kan stemningsinnhaldet vinna over den politiske bodskapen. Det ser ein i Isaak Brodskijs (1883-1939) målarstykke av Lenin i Smolnij (måla i 1930)


Menneskekroppen
Når det så gjeld aktmålarstykke, var den nakne menneske kroppen slettest ikkje tabu i sovjetepoken jamvel om ein kan konstatera at dei to kjøna som regel blir haldne frå einannan.. Men så unngår ein i alle høve den lumre stemninga som framstilling av nakne born og kvinner gjerne framkallar i dag.

Alexander Aleksandrovitsj Dejneka, levde frå 1899 til 1969. Han vart fødd i Kursk som son av ein jarnbanemann. Seksten år gamal byrja han på eit gymnasium i Kharkov som la hovudvekta på kunstutdaning. Der hadde han fleire dugande lærarar, blant andre Alexander Lubimov. Han slutta seg til revolusjon og melde seg til teneste i den Raude armé der han først og fremst arbeidde med propaganda som fotograf, skipa til propagandavogner knytta til jarnbanetog og teaterframsyningar, men deltok også i forsvaret av Kursk mot kvite kontrarevolusjonære. Av kyndige folk i den Raude Hær vart han så send til Moskva for å studere ved det Vkhutemas, den etter kvart svært kjende kunstskulen som Lenin skipa i 1920 Der møtte han blant andre Vladimir Favorski og poeten Vladimir Majakovskij, som båe fekk stor innverknad på den kunstnarlege utviklinga hans. Det første målarstykket som vekte åtgaum var Forsvaret av Petrograd frå 1928. Han melde seg inn i Samskipnaden for proletarkunstnarar og vart også godkjend som medlem i Kommunistpartiet.


Menneskekroppen er i sentrum for Dejnekas interesse i alt han målar, også i politiske bilete, som ikkje er einaste motivkrinsen hans. Sterkt inntrykk gjer han med Dei arbeidslause i Berlin frå 1933. Luftfart og idrott vert kjære emne. I det heile er det innsatsvilje og sterk dynamikk over menneska på Dejnekas målarstykke, som ikkje berre er ei hylling av det sosialistiske samfunnet, men også av ungdom, friskleik, av mennesket generelt. Dejneka var også ein dugande fotograf, ein framifrå, grafikar, plakatkunstnar og bilethoggar. Alt er prega av hans personlege stil. Som alle verkeleg store figurative kunstnarar i Europas soge er han lett attkjennande og såleis unik. . Under andre verdskrigen lever han med i lidingane og innsatsen til sovjetfolk og lagar monumentale og og dramatiske målarstykke. Ikkje minst er Forsvaret av Sebastopol (1942) eit meisterverk Etter krigen fekk han mykje av ansvaret for utsmykkinga av Kongresspalasset i Kreml (mosaikkarbeid). Dejneka vart høgt verdsett i levetida si og fekk mange utmerkingar også Leninprisen (1964). Han er gravlagd på Novodevitsjijkirkegarden i Moskva. Fleire institusjonar, gater mv. og jamvel eit fly har fått namn etter Dejneka, og ikkje minst har fødebyen Kursk vist å setja pris på han.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering