• Hjem
  • Kultur
  • Afrikaneren med jordbæråker på månen
Afrikaneren med jordbæråker på månen

(23 - 2016) Bok: Lisbet Norderhaug: Afrikaneren med jordbær på månen. Horisont forlag 2016

Av Randi Brenden
Vi som kunne greie alt: krigsgenerasjonen
For oss som vart fødde her i landet under krigen (som sjølvsagt var den andre verdskrigen), og som voks opp i eit land prega av optimisme og framgang, var alt mulig. Vi kunne gjøre ei klassereise, og mange av oss gjorde dette, ikkje minst fordi skolegang vart mulig for alle, uavhengig av økonomisk og geografisk bakgrunn. Verda låg open for oss, det var bare å ta til seg det ein ville ha.

Mange i dei yngre generasjonane vil sikkert protestere på dette. Det er barna våre som drog ut i Europa på Interrail, og det er barnebarna våre som studerer ved norske høgskolar som har lagt undervisningsstader til fjerne, varme himmelstrok. Det er barnebarna våre som drar på jordomsegling med bare ein liten ryggsekk som bagasje.

Eitt viktig moment kunne nok stikke kjeppar i hjulet for oss som var jenter: familielivet, med sine band, tradisjonar og forventningar.

Dei fleste av min generasjon hadde heimearbeidande mor. Det var kvinna som laga struktur for familielivet; det var kvinna som oppdrog barna heilt til dei nådde skolealderen. Når den unge jenta vart kjønnsmoden, låg det ein stor fare i vegen for henne: Ho kunne bli gravid, og da stod fridomen i fare. Det som venta henne, var ekteskap innafor tronge sosiale rammer.
Lisbet Norderhaug har i sin roman med den poetiske tittelen «Afrikaneren med jordbæråker på månen» tematisert etterkrigstida sett frå eit feministisk perspektiv. Ho har skrive fram ei jente med eit sterkt potensiale, Anna Lund. Som lita kjenner Anna seg som eit tønnebarn, med tønnevegger mellom seg og omverda. Ho er prisgitt reaksjonane frå den frustrerte mora som ikkje har sansen for tankelivet til det kjenslevare barnet.

Tønnebarntilveret til vesle Anna er framstilt med mye varme, i eit språk fullt av metaforar. Anna observerer omverda og reflekterer over det ho ser og opplever. Forholdet mellom foreldra er turbulent, og dette er muligvis med på å framkalle angstanfall hos Anna etter kvart som ho veks opp.

Skolen blir ein fristad, der Anna har gode venninner, og ho møter gutar, etter kvart menn. Det går slik det må gå: Anna blir gravid, og giftemål er uunngåelig.

Livet til den lovande unge studenten blir brått redusert til eit drømmelaust husmortilvære med ansvar for eit lite barn, og dessutan for matlaging og –servering til ektemannen. Det er eit utilfredsstillande liv i politisk konservative krinsar. Ein vakker dag sprekk idyllbobla, og Anna bryt ut, med barn og det heile. Radikaliseringa hos kvinner i denne tida var eit positiv fenomen, med arrangering av 8.mars-tog og stigande medvit om eige kvinneverdi.

Som andre samtidige kvinner frå oppløyste ekteskap prøver Anna seg på ulike former for samliv med andre menneske. På reise ut i Europa, på studieopphald i Barcelona, møter ho vest-afrikanaren Sammy, og ho dett pladask for sjarmen hans. Livet verkar magisk i denne byen og i dei kosmopolitiske omgivnadene. Men det viser seg at Sammy er upålitelig og ute etter å skaffe seg rettmessig tilgang til det Noreg har å tilby ein som er gift med ei norsk kvinne, og han utnyttar Anna. I staden for å halde fram som ei glad, sterk, opprørsk eventyrarkvinne, er Anna redusert til ei svak, sjølvmedlidande kvinne. Det ber ut av dette ekteskapet også. Med seg har Anna to barn, Eivind frå det første ekteskapet og Ariel frå ekteskap nummer to.

Lisbet Norderhaug skriv fram fleire episodar som viser haldningar etniske nordmenn har til farga barn. Anna kjenner seg utilstrekkelig sidan ho ikkje greier å beskytte det vakre, mørkhuda barnet sitt mot fordommane dei møter. Den hardaste kampen utkjempar ho likevel mot barnefaren, mot Sammy, som ikkje vik unna for å bruke sonen for å felle henne, i siste instans for å prøve å drepe henne. Etter eit dramatisk klimaks munnar romanen ut i optimisme, der gode krefter trør til og hjelper Anna, og der ho sjølv tar sine ytste krefter i bruk og bergar seg og barnet.

Romanen gir eit tidsbilde, men viser også ei spesiell kvinne og utviklinga hennes, frå å vere eit beskytta, men innestengt «tønnebarn» til å bli ein kosmopolitt med eit sterkt utvikla ansvar for andre – og for seg sjølv.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

bokanmeldelse


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering