Posten inn i ei ny tid

Privatisering, forandring og kampar står på menyen.


Bokanmeldelse av «Den store forvandlingen», av Jan Ove Ekeberg, Dinamo Forlag 2017.
Forfattaren skildrar på ein god måte dei store endringane kommunikasjonen vår har vore gjennom dei siste 20 åra. Dei siste tjue åra har Posten endra seg meir enn dei fyste 350. Det står mykje interessante faktaopplysningar, og boka har kommentarar frå mange av dei som har vore leiane i Postverket. Maktapparatet som var i sving rundt EØS-avtalens spede barndom nyttår 1994, med statsminister Brundtlands signering 29. desember.


Me får detaljane rundt salet av Postbanken, av det som ein gong var Statens Datasentral (gjennom oppkjøp, fusjonar og sal – det er no det me kjenner som Evry). Boka er godt skreve om Postens historie dei siste tjue åra, og er vel verd å lese for dei postinteresserte, og andre med interesse for samfunn, privatisering, stat og makt. Omstillingsarbeidet i forbindelse med nedbemanningane frå å vere Noregs største arbeidsplass på 1990-talet med nær 30 000 tilsette, som ikkje tok slutt, og fortsett enno. Korleis dette vert løyst, innverknaden frå post-forbunda og prosessane er interessant lesing. At posten har vore arbeidsplass for enkelte familiar i mange generasjonar seier mykje om organisasjonen som i alle fall har vore, og samhaldet. Kva bringer Posten i framtida?
I ein seinare artikkel vil me analysere Posten meir, og skildre meir rundt dette interessante emnet.

Postombæringa i lause lufta

Posten og Brings terminal i Skodje, rett utenfor Ålesund. 																Foto: Posten/Håvard Jørstad

(25 - 2016) Kva med Posten no?Heng postombæringa i lause lufta? Ikkje kjem han laurdagar, ikkje kjem han som A-post og no ska me ha post ...
















RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk månadsavis, med ei lang historie, ho blir redigert av ein frivulleg redaksjon og er basert på frivullegheit. Difor treng ci og bidrag, både økonomisk, innhaldsmessig og andre oppgåver. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Vevredaktør: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgjevar: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media