Mange sentrale spørsmål står for tur for samfunnet: Skal nokon lide, kva skal vi ete, kan vi kjøpe maten til dei fattigaste så det svelt? Ein ting er sikkert; å ete kjøt fører med seg nokon andres daud.			Foto: Lise Åserud / SCANPIX
Mange sentrale spørsmål står for tur for samfunnet: Skal nokon lide, kva skal vi ete, kan vi kjøpe maten til dei fattigaste så det svelt? Ein ting er sikkert; å ete kjøt fører med seg nokon andres daud. Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Dei fleste har nok fått med seg den røystande saka i NRK Brennpunkt om dårleg grisehald i nokre fjøs, men kva kan vi bruke denne saka til, eigentleg? Vi må ikkje gløyme kva dyrehald er, og at faktisk vi og er eit dyr oppi det heile.


Historisk bakteppe
Domestisering av dyr til menneskelege behov er noko som truleg har gått føre seg i all tid, og knoklar funnet i Hordaland viser at det vart haldt husdyr her for 4000-5000 år sidan. At vi har gjort det er ikkje det same som at det verken er mogleg eller blitt praktisert – at det er natur vi driv med, for det vi driv med kallast kultur. Det igjen betyr ikkje at vi skal plage nokon, menneska er avanserte slik at vi kan vurdere etikk og moral oppi det heile.


Dokumenterte lovbrot
Dokumentaren med Norunn Hagen viser det mange i dag vil kalle groteske episodar, nokre langt utanfor dei normalt aksepterte smertegrensene. Å kastrere eit dyr utan å bedøva dei, er svært smertefullt og langt utanfor lov- og forskriftskrav som Mattilsynet handheld. Bøndenes haldning var gjennomgåande at dei var inneforstått med at dei brot forskrifter, og at dei burde gjort det annleis. Det er her og all rett å rette kritisk blikk på aktivistens aktivitet, ho var sjølve med på å verte lært opp til dei same handlingane som eigarane, og utførte dei. Kanskje var det viktig at dette vart avdekka, men sidan ho starta med sitt opplegg der ho gav seg ut for å være interessert i å starte med svinehald i 2013, for så å oppsøke produsentar innanfor ulike sjikt av griseproduksjonen i fleire år etterpå, har ho både utsett dyr på eiga hand, og med publisering fyrst no i 2019, for unødig liding. Ho har i løpet av prosessen sendt bekymringsmeldingar, kva resultat dei har ført fram med gjekk ikkje fram av dokumentaren. Det er og kritikkverdig både mot NRK, produksjonsselskapet Pirayafilm og rollehavarane at dei fremste ei heil næring i dette ljoset. Likeså må alle som driv med husdyrhald vakte seg sjølve, og passe på at dei ikkje vert sin eigen verste fiende med sine haldningar og handlingar.


Framandgjering
Karl Marx teori om framandgjering er gjort seg gjelande i det urbaniserte samfunnet vi alle etter kvart lever i. Folk har lite innsikt i matproduksjon, og produksjon generelt utover det dei sjølve er med på. Teorien er inndelt i lønnsarbeid og arbeidssituasjon som igjen er delt inn i arbeidsprosess, produkt, egne evner og andre menneskjer. Det kunne nestan ikkje beskrevet situasjonen betre; framadgjort frå lønnsarbeidet slik at man berre gjer overenkle ting ein vert bede om, at ein føler å ha lite innsikt i prosessen og berre er ein litan del av produksjonen, at man manglar interesse, rutineprega jobb og følelse av likegyldigheit. Etter kvart som det digitale samfunnet skrider framover, har vi fått mindre mellommenneskeleg kontakt, søkt mindre innsikt og ved å bu i byen, som er så godt som utan både produksjon og industri av noko slag – er vi framandgjorde.


Nokre røyster har tatt til orde for kameraovervaking av den såkalla svineindustrien, der det da skulle monterast kamera i alle fjos, og desse skulle være tilgjengelege på nett for alle. Det kunne nok betra bondens oppførsel der og da, men på sikt ville denne fullstendige mangel på tillit være dauden. Skal vi alle bi heildigitale med kamera som følgjer oss heile dagen? 
Lovbrota i dokumentaren omfattar både mangel på veterinærhjelp til sjuke dyr, egenkastrering, kastrering av veterinær utan påkrevd langtidsverkande smertestillande for grisen etter inngrepet, slag og spark, ulovleg avliving, men og rein og skjær «dyrehandtering». Alle som har handtert dyr, både hund, ku, gris og hest veit at av og til kan ein måtte ta på dyret, gi det ein dytt eller så. At dette er med i dokumentaren vitnar om at skaparane går gode for at dette er formar for dyremishandling, og difor ulovleg.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering