Samtale med Jan Myrdal i Oslo

Invitert av Norge ut av NATO var den legendariske kommunisten, journalisten og skribenten/forattaren Jan Myrdal i Oslo 30. og 31.oktober for å halda føredrag på Litteraturhuset om motstand mot NATO og om fredsarbeid.


Olav H. Aarrestad


Myrdal er ikkje lett å intervjua, for han utvider sterkt tanken som ligg i eit spørsmål. I ein samtale understreka han at han ikkje likar å kalla seg forfattar jamvel om han har skrivi fleire skjønlitterære verk. Forfattar er for pretensiøst, ein burde heller tala om Skriftställare –Schriftsteller på tysk, écrivain på fransk. I sitt 92 år er han så godt som ferdig med det han kallar en Jag-bok i grenselandet mellom skjønnlitteratur og sjølvbiografi. Per Arne Skansen hjelper med korrekturen, elles er boka heilt mentalt spreke Myrdals eige verk.. Boka kjem ut i april neste år på Nordstets förlag i Stockholm. Etter ein infarkt og vellukka operasjon i Sovjetunionen i 1988 og ei ny alvorleg helesvekking i 2015 mista han dei fleste motførestillingar om å skjera inn til beinet, til røtene i eige liv og i samfunnet Tittelen på boka er Et andra anstånd (Ein ny frist) og ho vil kan henda verta oppfatta som provoserande og skandaløs, men for Myrdal dreier det som om å leva i sanning.


Myrdal har lang fartstid som kommunist, heilt frå han var 15 år. Kommunist er han framleis, men no kallar han seg partilaus kommunist. Han glei etter kvart ut av det revisjonistiske svenske Kommunistpartiet.
Kva er dine røynsler som aktivt med i SKU (Sveriges kommunistiska ungdomsförbund)?


Vi høyrde på kvarandre og partiet gav dei yngre mange oppdrag. Eg drog på invitasjon frå det kinesiske kommunistpartiet til eit eitårig opphald i Kina. Det var ei vanskeleg tid der i landet, så eg måtte finansiera opphaldet sjølv, blant anna med å skriva for kooperasjonens blad ”Vi”. Dei gav meg dessutan eit forskott på 10 000 kroner, som nok hadde svara til 100 000 i dag. Ei anna side ved den kommunistiske rørsla var samhaldet og solidariteten. Som ung (og ikkje vidare pengesterk) kom eg til Oslo i 1945. Då var eg oppom Friheten og vart teken svært godt imot. Dei skaffa meg blant anna husrom.


Kva meiner du om Stalin?
Den ”kinesiske formelen” er 70% bra og 30% dårleg. Det kan eg seia meg samd i. Det er ein illusjon som borgarskapet har skapt at sovjettrugne kommunistar blindt fylgde Moskva. Det var livlege diskusjonar og usemje om mangt og mykje. Ein såg ikkje alltid likt på ting i Moskva og i brorpartia. Moskva hadde sine nasjonale interesser og kunne difor oppmoda til samarbeid med ymse krefter i andre land (jfr Kusomintang og kommunistane i Kina). Dette kunne vera rett ut ifrå sovjetaranes synstad, men ikkje alltid vera den lina det lokale kommunistpartiet fylgde. Ein kunne ikkje alltid ha fullt oversyn i Moskva. Komintern vart nok oppløyst av di det hadde spela ut rolla si. Etter det kunne det henda at kommunistar i eit land gjekk for brått fram, slik som i DDR under Ulbrichts leiing der dei akselererte gjennomføringa av realsosialismen. Molotov og det sovjetiske UD åtvara, men Ulbricht tok ikkje omsyn til det, og ein fekk oppstanden i Berlin 17. juni 1953 (etter Stalins død).


Du er for total ytringsfridom?

Les mer i Friheten.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering