Skip to main content

Rovdyr og beitenæring: ER GJERDER REDNINGA? New

Rovdyr og beitenæring:  ER GJERDER REDNINGA?

(Nr 3 - 2011) ROVDYRPRESSET MOT SAUEHALD OG REINDRIFT AUKAR. OG MED DET MOTSETNINGANE MELLOM DEI SOM VIL TA VARE PÅ BEITEDYRA OG DEI SOM VIL HA LIVSKRAFTIGE ROVDYRFLOKKAR. FINST DET EFFEKTIVE TILTAK FOR Å REDUSERA KONFLIKTEN?

AV INGE STALDVIK
Stortingsforliket som ligg til grunn for dagens rovdyrpolitikk fører til stadig fleire rovdyr. Bestandsmålet for jerv og gaupe er for lengst nådd. Når det gjeld bjønn og ulv er partane usamde, og nye bestandsmål skal avgjerast i Stortinget i løpet av denne sesjonen.

Skal vi tru Aps parlamentariske leiar vil òg bestandsmålet for jerv bli tatt opp i næraste framtid. Det som er klart, er at rovdyra i dag påfører sauehald og reindrift ekstremt store tap i fleire område.

Gissel
Rovdyra skal i prinsippet bli forvalta av 8 regionale rovviltnemnder. I praksis er desse nemndene gissel for Miljøverndepartementet og Direktoratet for Naturforvaltning. DN og MD overstyrer i stor grad dei regionale nemndene. Nemndene får i praksis nesten berre ”bestemma” kor dei ulike rovdyra skal formera seg innanfor Stortingets vedtak om ynglingar.

I tillegg til å fordela rovdyrpresset kan rovviltnemndene prioritera tilskot til førebyggande og konfliktdempande tiltak. Potten til konfliktdempande tiltak er redusert av stortingsfleirtalet i det siste. Handlingsromet for nemndene blir mindre. Konfliktane aukar.

Har så dei førebyggande tiltaka effekt? I liten grad. Auka tilsyn reduserer ikkje tapa, men fører sjølvsagt til at kadaver blir funne snøggare. Seint beiteslepp og tidleg nedsanking kan ha ein viss positiv effekt, men er etter måten dyre tiltak.

Det einaste som viser seg å ha verknad er fysisk skilje mellom rovdyr og beitedyr. Det tyder inngjerding. Det er gitt tilskot til ”rovdyrsikre gjerder” for sau mange stader. Resultatet er i hovudsak at færre sau og lam blir rovdyrmat.

Category
Politikk
Posted
By: Friheten Show only articles of Friheten, On: 21 februar 2011, Last Modified: 21 februar 2011
Info
Hits: 2737, Comments: 0, Bookmarked: 0, Followers: 0

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts